2MNK172S-2 Norsk 1, emne 2: Lese- og skriveopplæring
- Emnekode2MNK172S-2
- Studiepoeng15
- Undervisningssemestre2023 Haust, 2024 Haust
- UndervisningsspråkNorsk
- UndervisningsstedHamar
- Forkunnskapskrav
Anbefalte forkunnskaper: 2MNK172S-1 Norsk 1, emne 1
- Barns munnlege og skriftlege språkutvikling og språklæring, inkludert fleirspråkleg utvikling og fleirspråkleg praksis
- Gryande skriftspråkkompetanse i overgangen barnehage - skole
- Tidleg innsats og begynnaropplæring i lesing og skriving
- Teoriar om lesing og skriving og metodar innan lese- og skriveopplæring
- Tilpassing av lese- og skriveopplæring for barn med ulike behov
- Utvikling av lese- og skrivestrategiar for ulike typar tekstar
- Teikn på lese-, skrive- og språkvanskar
- Språket som system og språket i bruk
- Analyse og vurdering av læremiddel for grunnleggjande leseopplæring
- Analyse av læreverk og erfaring med å utforme problemstillingar (FOU)
- Samandrag av vitskapleg artikkel (FoU)
- Arbeid med utvikling av eige munnleg og skriftleg fagspråk med særleg vekt på akademisk skriving
Læringsutbytte
Ved bestått emne har studenten oppnådd følgjande læringsutbytte:
Studenten
- har kunnskap om lese- og skriveopplæringa sin plass i gjeldande læreplaner for grunnskolen og om korleis opplæringa kan byggje på elevane sine føresetnader
- har brei kunnskap om teoriar, metodar og relevant forsking i lese- og skriveopplæring for trinn 1 – 7
- har inngåande kunnskap om begynnaropplæring og tidleg innsats i norskfaget
- har kunnskap om vurdering i norskfaget, mellom anna ulike kartleggingsverktøy og nasjonale prøver for trinn 1–7
- har omfattande kunnskap om barns munnlege og skriftlege språkutvikling i formelle og uformelle læringssituasjonar
- har kunnskap om språket som system og språket i bruk
- har kunnskap om språkleg identitet, samisk, norsk som andrespråk og fleirspråklegheit
Studenten
- kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i norskopplæringa og grunngi fagdidaktiske val som skal fremje munnleg og skriftleg språkutvikling for alle elevar
- kan sette i verk tidleg innsats og sikre progresjon i begynnaropplæringa i lesing og skriving
- kan bruke varierte metodar i den første og den vidare lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
- kan kjenne att teikn på lese-, skrive- og språkvanskar
- kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
- kan vurdere norskfaglege læremiddel for begynnaropplæring, inkludert digitale ressursar
Studenten
- kan legge til rette for at elevane utviklar og vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter
- kan planlegge og gjennomføre norskopplæring og gjere greie for fagdidaktiske val tilpassa elevane
- kan vurdere eigen praksis med utgangspunkt i gjeldande læreplanar og forskingsbasert kunnskap frå fag og fagdidaktikk
Undervisninga vert lagt opp i form av forelesingar, seminar, arbeid i grupper og individuelt. Aktiv deltaking i undervisninga og på høgskolens IKT-baserte studiestøttesystem er ein viktig del av studiet. Arbeidsformene er vidare spsifiserte i undervisningsplanen.
Praksis
Praksisstudiet er ein integrert del av faga som inngår i utdanninga. Alle fag i utdanninga har saman med praksisstudiet ansvar for at studentane utviklar ein identitet som lærar. Det skal vere ei nær kopling mellom innhald og arbeidsmåtar i lærarutdanningsfaga og praksisstudiet. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for faglærarane i grunnskulelærarutdanningane, praksislærar og rektor.
Studentane skal utføre oppgåver i praksisperioden ut frå undervisningsplanen og delta på profesjonsseminar på høgskulen.
- Gruppearbeid: Munnleg presentasjon med skriftleg støtte av eit læreverk for den første lese- og skriveopplæringa
- To individuelle, skriftlege fagtekstar over oppgitt emne innanfor lesing og skriving (minst ein tekst skal vere samandrag av vitskapleg artikkel). Begge målformer må vere representerte
- Korte faglege innspel knytt til emne i pensum eller til medstudentane si skriving, som spesifisert i undervisningsplanen
- 80 % obligatorisk frammøte til undervisning slik det går fram av undervisningsplanen. Studenten har sjølv ansvar for å bli registrert
Vurderingsordning | Karakterskala | Gruppe/individuell | Varighet | Hjelpemidler | Andel | Kommentar |
---|---|---|---|---|---|---|
Skriftlig eksamen med tilsyn | ECTS - A-F | Individuell | 5 Time(r) | Digital ordliste, tilgjengeleg på nett under eksamen |
Fem timer individuell skriftleg eksamen.
Målform: Bokmål.
Prestasjonen blir vurdert med graderte bokstavkaraktar frå A-F, der E er lågaste ståkarakter.
Navn | Studiepoeng | Dato | Kommentar |
---|---|---|---|
2MNK171S-1 Norsk 1, emne 1: Lese- og skriveopplæring | 15 |