BIM-teknikar

  • Studiefakta

    • Fagområde
      Bygg
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
    • Studiestad
      Nettbasert studium
    • Studieform
      Nett
    • Startsemester
      2023 Haust

BIM-teknikar

Om studiet

BIM står for bygningsinformasjonsmodellering. BIM-teknikar er gjennomgåande brukt i bygg- og anleggsbransjen som nemning for kandidatar med den kompetansen som er skissert i denne nettutdanninga. Fordjupinga BIM-teknikar gir kompetanse som digital koordinator i bygg- og anleggsprosessar. Bygg- og anleggsbransjen etterspør BIM-teknikar som kan koordinere digitale planleggings- og samarbeidsprosessar, og som kan modellere og gjere seg nytte av 3D- modellar for blant anna mengdeuttak og analyse av bygg og tekniske anlegg. BIM-teknikaren må kunne orientere seg i ein tverrfagleg kvardag, samstundes som han kan utøve og tileigne seg avansert kompetanse på eigne fagfelt. Med planverket ønsker vi å sikre at utdanninga er i tråd med dei krava som mellom anna Forsvarsbygg og Statsbygg stiller. Fordjuping gir kompetanse til å modellere med 3D-modelleringsprogram. Studenten haustar mengder og 3D-visualisering av modellane i tillegg til plan-, snitt- og fasadeteikningar. Ulike modellar basert på ulike modelleringsprogram blir samanlikna i ein modellsjekkar for å unngå kollisjonar og sørge for effektiv og sikker planlegging og bygging. Konseptet «Open BIM» er heilt sentralt og betyr at du ikkje bind deg til enkelte program eller metodar, men bruker program og metodar som fremjar samarbeid der det opne utvekslingsformatet IFC (Industry Foundation Classes) står heilt sentralt. Behovet for digital kompetanse i alle delar av samfunnet er aukande. Produsentar av maskiner, båtar og bilar har lenge brukt tredimensjonale teikneprogram for å modellere produkta digitalt før de når produksjonslina. På den måten kan du redusere feil som tidlegare dukka opp med tradisjonelle «flate» teikneprosessar.

Praktisk BIM blir ikkje lært ved å snakke om BIM. Du må utføre BIM, trene på bruken av program og metodar og lære å samarbeide. Ein viktig del av utdanninga er å øve på metodar som faktisk blir brukte i byggebransjen og hauste erfaringar frå derifrå. Dette blir gjort gjennom eit tett samarbeid med næringslivet og lokale og sentrale aktørar som entreprenørar, rådgjevarar og arkitektar.
Fordjupinga omfattar òg bruk av bransjenormer og forskrifter som grunnlag for å kalkulere og gjere enkle utrekningar og analyser. Fordjupinga fører til tittelen BIM-teknikar.

Læringsutbyte

Kunnskapsdepartementet har fastsett "Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring" (NKR). Ei eittårig utdanning på fagskulenivå skal vere på nivå 5.1 i NKR. For alle utdanningar vert det utarbeidd læringsutbyttebeskrivingar (LUB) for utdanninga som heilskap og for kvart emne. Ein bruker då omgrepa overordna LUB og emne LUB.

Læringsutbyttebeskrivinga viser dei kvalifikasjonane studenten minst skal ha etter fullført utdanning.

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om arbeidsprosessar i BIM-prosjekt som samprosjektering
  • har kunnskap om digital modellering, koordineringsmøte og digital samhandling gjennom først og fremst open BIM
  • har innsikt og kjennskap til norske standardar og kontraktsformer i tillegg til krav til detaljeringsnivå og kvalitet i digitale modellar
  • har kunnskap om bygg- og anleggsbransjen og samspelet mellom de ulike aktørane i bransjen
  • har kunnskap om styringsdokument for digital samhandling i ein bygg- og anleggsprosess
  • har kunnskap om teikne- og modelleringsprogram og tredjeparts programvare som handsamar BIM- modellar
  • kan oppdatere eigen kunnskap innanfor BIM i høve til både teknologisk utvikling, programvarer og arbeidsprosessar
  • har innsikt i kva for rolle BIM har i verdikjeden i eit bygg- og anleggsprosjekt

Ferdigheter

Studenten:

  • kan bruke BIM-program til digital modellering innanfor bygningskonstruksjon, infrastruktur og teknisk installasjon.
  • kan bruke BIM-fagleg kunnskap for å løyse oppgåver innan digital samhandling, løyse problem som oppstår ved bruk av BIM-program, velje rett program for rett bruk og handle digitalt saman gjennom først og fremst opne BIM-format.
  • kan lage visuelle rapportar med ulike digitale verktøy som er eigna til presentasjon på koordineringsmøte.
  • kan bruke ulike BIM-verktøy for å hauste relevante teikningar ut frå digitale modellar, og gjere utrekning av mengder og kollisjonskontrollar ut frå modellane.
  • kan bruke ulike BIM-verktøy for å legge til informasjon i digitale objekt og utbetre digitale modellar med relevant informasjon.
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevante for ei BIM-fagleg problemstilling ved bruk av nettbaserte kunnskapssystem, nettforum, faglege nettverk og bransjeorganisasjonar.
  • kan bruke BIM-fagleg kunnskap for å koordinere digital modellering og kontroll i eit bygg- og anleggsprosjekt.
  • kan kartlegge ein situasjon der det blir brukt BIM-modellar for å gi råd om rasjonell bruk av BIM- metodar og problemløysing i prosjekt.
  • kan bruke styringsdokument for praktisk samarbeid med digitale verktøy i ein bygg- og anleggsprosess.

Generell kompetanse

Studenten:

  • bidrar som BIM-koordinator til færre feil, mindre svinn og auka berekraft i bygg- og anleggsprosessane
  • kan utføre roller som BIM-koordinator, BIM-teknikar, BIM-fagmodellansvarleg
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning i framferd i høve kundar og samarbeidspartnarar

Opptak

Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er at søkjar skal ha fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev.

Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.

Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.
Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovdata.no for utfyllande informasjon om opptak.

Organisering av studiet

Utdanninga har følgjande gjennomføringsmodell:
•    Eitt-årig utdanning fordelt over to år som nettbasert studium

Utdanninga er bygd opp av emne. Emna består av fleire tema. Kvart emne vert tildelt studiepoeng etter den relative vekta det har i arbeidsbelastning for studentane og læringsutbytte i utdanninga. BIM-teknikarstudiet blir tilbode som nettstudium med samlingar på to år. Det tilsvarar eitt års utdanning på fulltid med 60 studiepoeng. Timebelastninga for eit studium på heiltid er 1700 timar pr. studieår. Det inkluderer all lærarstyrt rettleiing og undervisning, praksis og berekna eigearbeid for studentane, sjå tabell 3 og 4 i kap. 9.
Microsoft Teams vert brukt som læringsplattform for å administrere studiet, og til å formidle oppgåver og prosjekt til studentane. Studentane leverer oppgåver og får tilbakemeldingar på Teams. Teams vert òg brukt til rettleiing av ein eller fleire studentar. Vi nyttar funksjonar som chat, deling av dokument og kommunikasjon gjennom samtale eller video og samtale. Rettleiinga kan vere samtale om kva studenten skal gjere for å utvikle seg vidare.

Arbeidsmengde i BIM-teknikar

EmnebeskrivelseUndervisningSjølvstudiumSum
65TI53A E1 PSI (Prosess, Samhandling og Informasjonsflyt)135715850
65TI53B E2 BIM (Bygnings-Informasjon-Modellering)135715850
Sum27014301700
BIM-teknikar

BIM-teknikar

Studiemodell

BIM-teknikar
EmneType2023 H2024 V2024 H2025 VSum
7.57.57.57.530
7.57.57.57.530

Læringsformer

Fagskulen Vestland nyttar arbeidskrav i dei fleste emna. Føremål med arbeidskrav er å sikre progresjonen i læringa og ein jamn arbeidsinnsats gjennom studiet. Arbeidskrav inngår i den formative delen av læreprosessen.

Arbeidskrav kan bestå av ulike læringsaktivitetar og kan vere individuelle eller i gruppe. Dei mest vanlege er innleveringar, munnlege presentasjonar, læringsnotat, medstudentvurdering av læringsnotat, og laboratorieøvingar.

Faglærar vurderer arbeidskrava. For å få sluttvurdering må studenten ha utført dei arbeidskrava som vert kravd i emnet og arbeidskrava må vere godkjende. Dersom studenten ikkje har levert arbeidskravet innan fristen for innlevering, vert arbeidskravet ikkje godkjent. Studentane har høve til å kontakte lærar før innleveringsfristen. Lærar kan i slike tilfelle lage avtalar med studentane. Til vanleg vert det gitt fleire oppgåver enn det som er arbeidskrav. På denne måten kan studenten oppnå det tal arbeidskrav som vert kravd i emnet.

Sluttvurdering

Studentane får èin karakter for kvart emne. Emnekarakter gir utrykk for kompetanse som er oppnådd i ulike vurderingssituasjonar i emnet.

I kvart emne skal det gjerast ei sluttvurdering av studenten etter læringsutbyttet i emnet. Vurderingsgrunnlag og -kriterium er beskrive i den enkelte studieplanen. Det skal vere ei heilskapsvurdering av kunnskapane, ferdigheitene og den generelle kompetansen til studenten i alle tema i emnet.
Det er lærarane i emnet som gjer sluttvurderinga. Om vurderingsforma i emnet er ein eksamen, vert det i tillegg oppnemnde ein medsensor.
Arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan få endeleg karakter i eit emne.

Sjå Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland, 2022, §5-3 på www.lovdata.no for utfyllande informasjon om klage på emnekarakter.

Sluttdokumentasjon

Studentane som fullfører og består fagskuleutdanning, får eit vitnemål som dokumentasjon. Vitnemålet inneheld dei emna som inngår i utdanninga. Eitt-årig nettutdanning over to år utgjer 60 studiepoeng. I kvart emne står det omfang i form av studiepoeng og oppnådd karakter. For at det skal kunne skrivast ut vitnemål, må heile studiet vere fullført og bestått.

Etter avbrota utdanning eller ikkje bestått utdanning vert det skrive ut ei karakterutskrift som dokumentasjon på kva enkeltemne som er bestått.

Vitnemålet vert merka med Vocational Diploma VC, med tanke på internasjonalt bruk. Vitnemålet vil i tillegg innehalde overordna læringsutbytebeskriving.

Emneinnhold i BIM-teknikar

EmnebeskrivelseInnholdStudiepoeng
65TI53A E1 PSI (Prosess, Samhandling og Informasjonsflyt)

•    Firma og prosjekt strategiar BIM struktur og krav
•    BIM-instruksar, krav, LOD, MMI BIM prosesser
•    VDC/Lean/ICE
•    Entreprise forståing
•    Digital talhandsaming Samhandling
•    Samhandlingsstrategiar
•    Samhandlingskrav

30
65TI53B E2 BIM (Bygnings-Informasjon-Modellering)

Digital modellering

  • IFC-bearbeiding og modellutveksling
  • Animasjon, bildebehandling og presentasjon (VR) Konstruksjon med DAK
  • Standardar og byggesøknad
30
Sum60

Pensumliste

BIM-teknikar

EmnebeskrivelsePensumliste
65TI53A E1 PSI (Prosess, Samhandling og Informasjonsflyt)

E1 PSI (Prosess, Samhandling og Informasjonsflyt)

BIM Program og Prosess med innføring i Revit 2020 – Informasjonsflyt i byggeprosjekter (Hjelseth & Tollnes) ISBN 978-82-691753-0-1 – bestilles fra https://bimversity.com/

Bøker der relevante sider blir tilgjengelig digitalt:

BIM and Construction Management: Proven Tools, Methods, and Workflows, (Hardin and McCool, 2015) ISBN: 978-1-118-94276-5, bestilles fra https://www.wiley.com/

BIM-Based Collaborative Building Process Management (Caffi, Daniotti, Mirarchi, Pavan, Pasini, Spagnolo, 2020), ISBN 978-3-030-32889-4 bestilles fra https://www.springer.com

The BIM Manager's Handbook : Guidance for Professionals in Architecture, Engineering, and Construction, (Holzer, 2016) ISBN: 978-1-118-98242-6 bestilles fra https://www.wiley.com/

Building Information Modeling: Planning and Managing Construction Projects with 4D CAD and Simulations (McGraw-Hill Construction Series) (Kymmell, 2008), ISBN: 9780071494533, bestilles fra www.adlibris.com

Building Information Modeling: Technology Foundations and Industry Practice (Borrmann, André ; König, Markus ; Koch, Christian ; Beetz, Jakob, 2018) bestilles fra https://www.springer.com/

BIM for Facility Managers (Teichols, 2013) ISBN: 978-1-118-38281-3, bestilles fra https://www.wiley.com/

Building Information Modelling: BIM in Current and Future Practice (Kensek & Noble, 2014), ISBN: 978-1- 118-76630-9 bestilles fra https://www.wiley.com/

Building Information Modeling : Applications and Practices (Raja R. A. Issa, , Svetlana Olbina, , and Technical Council on Computing and Information Technology Staff American Society of Civil Engineers) bestilles fra https://www.amazon.com/

Building Information Modeling : A Strategic Implementation Guide for Architects, Engineers, Constructors, and Real Estate Asset Managers (Dana K. Smith, Michael Tardif, and Smith) ISBN: 978-0-470-25003-7bestilles fra https://www.wiley.com/

 

Artikler:

Using Open BIM and IFC to Enable a Comprehensive Consideration of Building Services within a Whole- Building LCA (Theißen, Sebastian ; Höper, Jannick ; Drzymalla, Jan ; Wimmer, Reinhard ; Markova, Stanimira ; Meins-Becker, Anica ; Lambertz, Michaela), Sustainability (Basel, Switzerland), 2020-07-14, Vol.12 (14), p.5644

65TI53B E2 BIM (Bygnings-Informasjon-Modellering)

E2 BIM (Bygnings-Informasjon-Modellering)

Grunnleggende BygningsInformasjonsModellering (BIM) (Vatnelid 2020), E-Bok, ISBN 978-82-692018-0-2 bestilles fra www.mylearnview.com

BygningsInformasjonsModellering (BIM) for byggfag – Fundamentering og bygningsstrukturer (Vatnelid, 2020), E-Bok, ISBN 978-82-692018-5-7 bestilles fra www.mylearnview.com

BygningsInformasjonsModellering (BIM) for mekaniske fag – Ventilasjonssystemer (Vatnelid, 2020), E-Bok, ISBN 978-82-692018-1-9 bestilles fra www.mylearnview.com

BygningsInformasjonsModellering (BIM) for mekaniske fag – Sanitær- og Varmesystemer (Vatnelid, 2020), E- Bok, ISBN 978-82-692018-2-6 bestilles fra www.mylearnview.com

BygningsInformasjonsModellering (BIM) for mekaniske fag og bygg –Kalkulasjon og Beregninger (Vatnelid, 2020), E-Bok, ISBN 978-82-692018-3-3 bestilles fra www.mylearnview.com

BygningsInformasjonsModellering (BIM) for mekaniske fag og bygg – Planlegging (Vatnelid, 2020), E-Bok, ISBN 978-82-692018-4-0 (kommer våren 2022) bestilles fra www.mylearnview.com

For E-bøker til BIM på www.MyLearnView.com, må man opprette brukernavn og passord for å få tilgang til bøkene.

Lisenser: Revit, Civil3D og ReCAP, Solibri, Simien, Holte Smartkalk, Naviswork Manage, Sychro Pro (gratis for studenter),

MagiCAD, ca. Kr. 550,- pr. år. Focus RAT ca. Kr. 500,- pr. år. Solibri, ca. Kr. 600,- pr. år. NTI Tools, Ca. kr. 400,- pr. år.

Studentabonnement på Norsk Standard, kr. 500,- pr. år og byggforsk, kr. 400,- pr. år.

Merk at BIM faget og tegning/3D modellering er i stor utvikling og endringer på lisenser kan komme.

  

Tilleggslitteratur:

Mastering Autodesk Navisworks 2013, ISBN: 978-1-118-28171-0, Bestilles fra https://www.wiley.com/ Mastering Autodesk Revit 2020 ISBN 978-1-119-57012-7. Bestilles fra https://www.wiley.com/

Oppgavesamling med løsningsforslag - Grunnleggende BIM, E-Bok, (kommer i 2023), bestilles fra www.mylearnview.com

Oppgavesamling med løsningsforslag - BIM Mekaniske Fag, E-Bok (kommer i 2023), bestilles fra www.mylearnview.com

Oppgavesamling med løsningsforslag - BIM Kalkulasjon og Beregninger, E-Bok, (kommer i 2023), bestilles fra www.mylearnview.com

Oppgavesamling med løsningsforslag - BIM for Byggfag - Fundamentering og bygningsstrukturer, E-Bok, (kommer i 2023), bestilles fra www.mylearnview.com

E-bøker til BIM selges på www.MyLearnVeiw.com, man må opprette brukernavn og passord for å få tilgang til bøkene på MyLearnView.