65TI53B E2 BIM (Bygnings-Informasjon-Modellering)
Emnefakta
- FagområdeBygg
- Studiepoeng30
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadFørde, Nettbasert studium
- StudieprogramBIM-teknikar
- Startsemester2023 Haust
Om emnet
Digital modellering
- IFC-bearbeiding og modellutveksling
- Animasjon, bildebehandling og presentasjon (VR) Konstruksjon med DAK
- Standardar og byggesøknad
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
• kjenner til dei ulike arbeidsteikningane som er vanlege ved prosjektering av både større og mindre byggeprosjekt
• har kunnskap om bruksområda til IFC-standarden og andre relevante filformat
• har innsikt i korleis framdrifta er i ein byggeprosess
• har kjennskap til overlevering av sluttdokumentasjon for drift og vedlikehald
Ferdigheter
Studenten:
• kan lese og tyde tekniske teikningar innan byggsektoren
• kan identifisere krava til teikningsgrunnlag
• kan framstille, bruke og utbetre 3D modellar, framstille teikningar og tilhøyrande dokumentasjon først og fremst ut frå open BIM-konseptet
• kan bruke fleire ulike BIM-program til å modellere først og fremst bygningar og nokre enkle tekniske installasjonar
• kan bruke IFC-standarden og andre relevante format til utveksling av informasjon på tvers av ulik programvare og kan gjere seg nytte av informasjonen i fire ulike BIM-program
• kan bruke fleire ulike BIM-program til å hauste informasjon, mengdelister og skjema, gjere kollisjonskontroll og kalkulere og utføre andre analysar ut frå BIM-modellen
• kan framstille teknisk riktige og eintydige teikningar som snitt-, detalj- og fasadeteikningar og dokumentasjon etter behov og fagdisiplin ut frå fleire ulike BIM-program
• kan bruke underlag i ulike format og bygge opp og revidere tittelfelt
• kan koordinere og kvalitetssikre ut frå ulik BIM-programvare
Generell kompetanse
Studenten:
• kan utvikle eigen BIM-kompetanse både under og etter studiet gjennom å lære seg ny BIM- programvare og -prosessar og identifisere programma sine sterke og svake sider
• kan utføre modellerings- og kontrollarbeid ved å bruke fleire ulike BIM, slik at han kan modellere raskt, effektivt og nøyaktig først og fremst innan open-BIM-konseptet
• har utvikla kompetanse i allsidig og effektiv bruk av profesjonell programvare for kvalitetskontroll og modellsjekking, særleg innan modellering av bygningar, men òg andre tekniske installasjonar. Programvarene skal i hovudsak kunne bruke IFC og andre felles digitale format
Undervisningsformer og aktivitet
Nettundervisning og gruppearbeid
Vurdering
Vurderingsmappe som inneheld:
• fire innleveringar/læringsnotat
• to gruppeoppgåver/prosjektoppgåver
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 135 Time(r) | |
Sjølvstudium | 715 Time(r) |
Arbeidskrav
To innleveringar og to gruppeoppgåver.
Fagressursar
E2 BIM (Bygnings-Informasjon-Modellering)
Grunnleggende BygningsInformasjonsModellering (BIM) (Vatnelid 2020), E-Bok, ISBN 978-82-692018-0-2 bestilles fra www.mylearnview.com
BygningsInformasjonsModellering (BIM) for byggfag – Fundamentering og bygningsstrukturer (Vatnelid, 2020), E-Bok, ISBN 978-82-692018-5-7 bestilles fra www.mylearnview.com
BygningsInformasjonsModellering (BIM) for mekaniske fag – Ventilasjonssystemer (Vatnelid, 2020), E-Bok, ISBN 978-82-692018-1-9 bestilles fra www.mylearnview.com
BygningsInformasjonsModellering (BIM) for mekaniske fag – Sanitær- og Varmesystemer (Vatnelid, 2020), E- Bok, ISBN 978-82-692018-2-6 bestilles fra www.mylearnview.com
BygningsInformasjonsModellering (BIM) for mekaniske fag og bygg –Kalkulasjon og Beregninger (Vatnelid, 2020), E-Bok, ISBN 978-82-692018-3-3 bestilles fra www.mylearnview.com
BygningsInformasjonsModellering (BIM) for mekaniske fag og bygg – Planlegging (Vatnelid, 2020), E-Bok, ISBN 978-82-692018-4-0 (kommer våren 2022) bestilles fra www.mylearnview.com
For E-bøker til BIM på www.MyLearnView.com, må man opprette brukernavn og passord for å få tilgang til bøkene.
Lisenser: Revit, Civil3D og ReCAP, Solibri, Simien, Holte Smartkalk, Naviswork Manage, Sychro Pro (gratis for studenter),
MagiCAD, ca. Kr. 550,- pr. år. Focus RAT ca. Kr. 500,- pr. år. Solibri, ca. Kr. 600,- pr. år. NTI Tools, Ca. kr. 400,- pr. år.
Studentabonnement på Norsk Standard, kr. 500,- pr. år og byggforsk, kr. 400,- pr. år.
Merk at BIM faget og tegning/3D modellering er i stor utvikling og endringer på lisenser kan komme.
Tilleggslitteratur:
Mastering Autodesk Navisworks 2013, ISBN: 978-1-118-28171-0, Bestilles fra https://www.wiley.com/ Mastering Autodesk Revit 2020 ISBN 978-1-119-57012-7. Bestilles fra https://www.wiley.com/
Oppgavesamling med løsningsforslag - Grunnleggende BIM, E-Bok, (kommer i 2023), bestilles fra www.mylearnview.com
Oppgavesamling med løsningsforslag - BIM Mekaniske Fag, E-Bok (kommer i 2023), bestilles fra www.mylearnview.com
Oppgavesamling med løsningsforslag - BIM Kalkulasjon og Beregninger, E-Bok, (kommer i 2023), bestilles fra www.mylearnview.com
Oppgavesamling med løsningsforslag - BIM for Byggfag - Fundamentering og bygningsstrukturer, E-Bok, (kommer i 2023), bestilles fra www.mylearnview.com
E-bøker til BIM selges på www.MyLearnVeiw.com, man må opprette brukernavn og passord for å få tilgang til bøkene på MyLearnView.
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- BIM-teknikar