65TT04M E7 Automatisering og produksjon
Emnefakta
- FagområdeMaskinteknikk
- Studiepoeng18
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramMaskinteknikk Førde
- Startsemester2024 Haust
Om emnet
Fagleg leiing
Elektro og automatisering m/dokumentasjon
Hydraulikk og pneumatikk m/dokumentasjon
Tilverkningsteknikk
DAP
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om aktuelle elektriske og elektroniske komponentar, koplingsskjema og relevant elektroteknisk dokumentasjon etter gjeldande standard
- har kunnskap om faremoment som kan oppstå ved arbeid eller feil på automatiserte anlegg
- har kunnskap om forskrifter og retningslinjer som regulerer arbeid på automatiserte anlegg, som t.d. Forskrift for maskiner, FEK og FSE
- har kunnskap om grensesjikt mellom el-tryggleiksforskriftene og forskrifter for eige fagfelt, som t.d. forskrift for maskiner
- har kunnskapar om straumartar og effektar på lågspente styringssystem
- har kunnskap om relevante metodar og verktøy for analyse og prosjektering av automatiseringstekniske problemstillingar
- har kunnskap om samansetting og programmering av kombinatoriske styresystem og programmerbare logiske styresystem med pneumatiske, hydrauliske og elektriske element
- har kunnskap om hydrauliske og pneumatiske komponentar, koplingsskjema og relevant dokumentasjon etter gjeldande standard
- har kunnskap om verktøymaskiner og utrustning for sponskjærande bearbeiding og dei vanlegaste samanføyingsmetodane, oppdelande tilarbeidingsprosessar, støypemetodar og plastiske bearbeidingsprosessar i stål og plast
- har kunnskap om dei vanlegaste tilverkningsmetodane for detaljer av plast, keramer og komposittar
- har kunnskap om elektriske og mekaniske måleteknikkar og måleutstyr
Ferdigheter
Studenten:
- kan inngå formelle arbeidsavtalar og samordne grupper av leverandørar og spesialistar
- kan bruke relevante analysemetodar, normer, forskrifter og verktøy for å berekne og måle spenning, straum, effekt og resistans i like- og vekselstraumskretsar
- kan dimensjonere og velje komponentar som inngår i automatiserte anlegg og reflektere over resultata
- kan planlegge, kople og feilsøke hydrauliske og pneumatiske system
- kan vurdere og spesifisere krav til verktøymaskiner og utrustning for sponskjærande bearbeiding og berekne data for sponskjærande bearbeiding
- kan velje passande samanføyingsmetodar, oppdelande prosessar, plastiske bearbeidingsprosessar, støypemetodar i stål og plast og kan ta omsyn til konstruktive og støypetekniske forhold og reflektere over eigne val
Generell kompetanse
Studenten:
- kan bidra til å utvikle heilskapleg planleggingskultur og teamcoaching (analytisk tankegang og innovasjon) og leie personar, enkelte lag og heile arbeidsstyrken - engasjere og motivere
- kan utføre oppgåver i tråd med formelle og uformelle etiske krav og norsk standard innan maskinteknikk
- kan leie faglege grupper som arbeider med automatiserte anlegg, med omsyn på tekniske krav, HMT og relevante forskrifter slik som Forskrift om maskiner, FEK og FSE
- kan utarbeide relevant dokumentasjon for automatiserte anlegg, hydrauliske og pneumatiske system
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid.
Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.
Vurdering
Emnekarakteren vert sett etter ei vekta vurdering av arbeidet i delemna nedanfor.
Resultat på delemna vert sett etter ei heilskapeleg vurdering.
For delemna Elektro og automatisering m/dokumentasjon og Hydraulikk og pneumatikk vert det gjennomført ei felles tverrfagleg caseoppgåve som inngår i vurderingen i kvar av dei to delemna.
Elektro og automatisering m/dokumentasjon
Ei caseoppgåve (felles med Hydraulikk og pneumatikk) og to innleveringar som tel 35 % av emnekarakteren.
Hydraulikk og pneumatikk m/dokumentasjon
Ei caseoppgåve (felles med Elektro og automatisering med dokumentasjon) og to innleveringar som tel 25 % av emnekarakteren.
Tilverkningsteknikk
To prøver og to innleveringar som tel 20% av emnekarakteren.
DAP
To innleveringar som tel 20% av emnekarakteren.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 67 Time(r) | Deltid |
Egenstyrt aktivitet | 437 Time(r) | Deltid |
Arbeidskrav
Elektro og automatisering m/dokumentasjon
To innleveringar.
Hydraulikk/pneumatikk
Obligatorisk oppmøte på to laboratorieøvingar. Innlevering av ein rapport for kvar øving.
Tilvirkningsteknikk
Fire innleveringar.
DAP
To innleveringar.
Fagressursar
Lærebøker
Corneliussen, R. G. (2000) Tilvirkingsteknikk. 1. utg. Oslo, Fagbokforlaget.
Lund, A. & Rolfsnes, N. A. (2001) Termodynamikk for maskinfag. 1. utg. Oslo, Fagbokforlaget.
Oppslagsverk
Hanssen, D. H. (2010) Programmerbare Logiske Styringer - basert på IEC 61131-3. 3. utg. Oslo, Tapir Akademisk Forlag.
BOSCH Automasjon (1999) Hydraulikk i teori og praksis. 1. utg. Oslo, Yrkesopplæring ans.
Tabellar
Hartvigsen, H. & Lorentsen, R. & Michelsen, K. & Seljevoll, S. (2006) Verkstedhandboken. 6. utg. Oslo, Gyldendal.
Pedersen, S. E. & Gustavsen, J. & Kaasa, S. & Olsen, O. (1998) Teknisk formelsamling med tabellar. 7. utg. Oslo, Gyldendal.
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Maskinteknikk Førde