65TT04L E6 Mekanikk og dokumentasjon
Emnefakta
- FagområdeMaskinteknikk
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramMaskinteknikk Førde
- Startsemester2024 Haust
Om emnet
- Mekanikk
- Teknisk dokumentasjon (AutoCAD)
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om korleis ytre krefter vert tatt opp i ulike materiale, avhengig av den konstruktive utforminga av den aktuelle delen
- har kunnskap om aktuelle digitale verktøy
- har kunnskap om matematiske metodar for berekning av krefter, moment og spenningar
Ferdigheter
Studenten:
- kan bruke dataassisterte teikneprogram til å lage teikningsunderlag
- kan analysere verknaden av endra vilkår på konstruksjonen når det gjeld storleik og retning på krefter eller endringar på konstruksjonsdelen
Generell kompetanse
Studenten:
- kan utarbeide relevant dokumentasjon og teikningsunderlag innan maskinteknikk i samsvar med faglege standardar
- kan utføre oppgåver i tråd med formelle og uformelle krav og faglege standardar
- har forståing for korleis krefter verkar på ein konstruksjon
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid. I tillegg kan det komme timar på dagtid for avvikling av evt eksamen, heildagsprøvar og framføring av hovudprosjekt.
Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.
Vurdering
Emnekarakteren vert sett etter ei vekta vurdering av arbeidet i delemna nedanfor.
Delkarakter vert sett etter ei heilskapeleg vurdering
Mekanikk
Ei prøve på fem timar etter at emnet er avslutta, som tel 80 % av emnekarakteren.
Teknisk dokumentasjon (AutoCAD)
To innleveringar og ei prøve som tel 20 % av emnekarakteren.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 34 Time(r) | Deltid |
Egenstyrt aktivitet | 246 Time(r) | Deltid |
Arbeidskrav
Mekanikk
Fire godkjende innleveringar.
Teknisk dokumentasjon (AutoCAD)
Fire godkjende innleveringar.
Fagressursar
Lærebøker
Vollen, Ø. (2010) Mekanikk for ingeniører: statikk og fasthetslære. 2. utg. Oslo, NKI Forlaget. Kolstad, O. AutoCad siste utgåve. Oslo, Gyldendal.
Kolstad, O. AutoCad siste utgåve. Oslo, Gyldendal.
Tabellar
Hartvigsen, H. & Lorentsen, R. & Michelsen, K. & Seljevoll, S. (2006) Verkstedhandboken. 6. utg. Oslo, Gyldendal.
Pedersen, S. E. & Gustavsen, J. & Kaasa, S. & Olsen, O. (1998) Teknisk formelsamling med tabellar. 7. utg. Oslo, Gyldendal.
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Maskinteknikk Førde