65TB58D E11 Geofag og bygningsskade
Emnefakta
- FagområdeBygg
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde, Nettbasert studium
- StudieprogramBygningssakkyndig
- Startsemester2026 Haust
Om emnet
- Geofag
- Biologiske skadegjerar
- Treskadeinsekt og andre skadedyr.
- Mugg- og råtesoppar
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om sprengings- og setningsskadar
- har kunnskap om geologi, geoteknikk, hydrologi og bergmekanikk
- har kjennskap til geologiske kartdata og kan tolke disse
- har kunnskap om grunnforhold, stabilitet og bereevne
- har kunnskap om overflatevatnhandtering
- har kunnskap om jordtrykk på grunnmur
- har kunnskap om tele og grunnvatn
- har kunnskap om fundamentering
- har kjennskap til NS 3424 som metode for vurdering av grunnens tekniske tilstand
- har kunnskap om soppartar, treskadeinsekt, gnagarar og andre skadedyr som kan gi bygningsmessige skadar
- har kunnskap om skadedyr som ikkje er naturleg å ha innandørs og opplevast som plagsame for menneske og dyr
- har kunnskap om muggsoppar som kan gi kosmetiske skadar eller ei negativ inneklimabelasting
- har kunnskap om prøvetakings- og testmetodar
Ferdigheter
Studenten:
- kan vurdere kva som er ei sprengings- eller setningsskade
- kan dokumentere ei sprengings- eller setningsskade
- kan bruke geologiske kartdata – berggrunnskart og løysemassekart
- kan tolke kartdata med tanke på skred-, kvikkleire- og flomfare
- har forståing av geologiske prosessar og korleis naturen oppførar seg
- kan vurdere terrenget, overvatn og dreneringssystem
- kan vurdere skjæringar, sprekker i fjell og vurdere behov for tiltak
- kan foreslå tiltak og gje kostnadsoverslag
- kan klarlegge skadar forårsaka av biologiske skadegjerarar
- kan ta prøvar for å identifisere skadegjerarar
- kan vurdere og rapportere skadeårsak, skadegrad og konsekvensgrad av skadar forårsaka av biologiske skadegjerarar
Generell kompetanse
Studenten:
- kan vurdere risiko og gjennomføre geotekniske overslagsberekninger, og vurdere om det må gjerast yttarlegare undersøkingar av grunn
- har kompetanse om kvar og kvifor biologiske skadegjerarar opptrer i bygningar og konsekvensar av slike skadar
- har kompetanse om korleis ein undersøker påviste skadar og risikokonstruksjonar
- har kompetanse om metodar for tiltak mot muggsopparar, råtesoppar og skadedyr
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid. I tillegg kan det komme timar på dagtid for avvikling av evt eksamen, heildagsprøvar eller liknande.
Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.
Vurdering
Vurderingsmappe som inneheld:
- Ei individuell innlevering innlevering og ei prøve i geofag
- Ei individuell innlevering og ei prøve i skadegjerar
Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 46 Time(r) | |
Egenstyrt aktivitet | 234 Time(r) |
Arbeidskrav
- Ei innlevering i geofag
- Ei innlevering i skadegjerarar
- Refleksjonsnotat i videoformat
Fagressursar
Lærebøker og abbonement vert opplyst av faglærar ved studiestart.
Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no
Norsk Standard
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Bygningssakkyndig