65TB58D E11 Geofag og bygningsskade
Emnefakta
- FagområdeBygg
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde, Nettbasert studium
- StudieprogramBygningssakkyndig
- Startsemester2023 Haust
Om emnet
Geofag
Biologiske skadegjerar
Treskadeinsekt og andre skadedyr.
Mugg- og råtesoppar
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
· har kunnskap om sprengings- og setningsskadar
· har kunnskap om geologi, geoteknikk, hydrologi og bergmekanikk
· har kjennskap til geologiske kartdata og kan tolke disse
· har kunnskap om grunnforhold, stabilitet og bereevne
· har kunnskap om overflatevatnhandtering
· har kunnskap om jordtrykk på grunnmur
· har kunnskap om tele og grunnvatn
· har kunnskap om fundamentering
· har kjennskap til NS 3424 som metode for vurdering av grunnens tekniske tilstand
· har kunnskap om soppartar, treskadeinsekt, gnagarar og andre skadedyr som kan gi bygningsmessige skadar
· har kunnskap om skadedyr som ikkje er naturleg å ha innandørs og opplevast som plagsame for menneske og dyr
· har kunnskap om muggsoppar som kan gi kosmetiske skadar eller ei negativ inneklimabelasting
· har kunnskap om prøvetakings- og testmetodar
Ferdigheter
Studenten:
· kan vurdere kva som er ei sprengings- eller setningsskade
· kan dokumentere ei sprengings- eller setningsskade
· kan bruke geologiske kartdata – berggrunnskart og løysemassekart
· kan tolke kartdata med tanke på skred-, kvikkleire- og flomfare
· har forståing av geologiske prosessar og korleis naturen oppførar seg
· kan vurdere terrenget, overvatn og dreneringssystem
· kan vurdere skjæringar, sprekker i fjell og vurdere behov for tiltak
· kan foreslå tiltak og gje kostnadsoverslag
· kan klarlegge skadar forårsaka av biologiske skadegjerarar
· kan ta prøvar for å identifisere skadegjerarar
· kan vurdere og rapportere skadeårsak, skadegrad og konsekvensgrad av skadar forårsaka av biologiske skadegjerarar
Generell kompetanse
Studenten:
· kan vurdere risiko og gjennomføre geotekniske overslagsberekninger, og vurdere om det må gjerast yttarlegare undersøkingar av grunn
· har kompetanse om kvar og kvifor biologiske skadegjerarar opptrer i bygningar og konsekvensar av slike skadar
· har kompetanse om korleis ein undersøker påviste skadar og risikokonstruksjonar
- har kompetanse om metodar for tiltak mot muggsopparar, råtesoppar og skadedyr
Vurdering
Vurderingsmappe som inneheld:
· To prøver i geofag
· Ei individuell innlevering og ei prøve i skadegjerar
Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 45 Time(r) | |
Sjølvstudium | 235 Time(r) |
Arbeidskrav
Ei innlevering i geofag
Ei innlevering i skadegjerarar
Fagressursar
E11 Geofag og bygningsskade
Lærebøker og abbonement vert opplyst av faglærar ved studiestart.
Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no
Norsk Standard