65TB03L E12 VVS-prosjekt og forståing
Emnefakta
- FagområdeBygg
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramKEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde
- Startsemester2026 Haust
Om emnet
Ventilasjonsteknikk VVS-prosjektering
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har innsikt i regelverk og standardar som fortel korleis VVS-tekniske anlegg skal prosjekterast
- har kunnskap om prosjektering av sanitæranlegg, varmeanlegg, brannslokkeanlegg, kuldesystem og varmepumper, luftbehandling og komfortkjøling
- har kunnskap om VVS-teknisk prosjektering av energioptimale systemløysingar, regulering og lokal energiproduksjon.
- har kunnskap om metodikk for styring, organisasjon, leiing og oppfølging av VVS- prosjekteringsoppdrag og forstår formål og prinsipp ved planlegging og samordning
- har kunnskap om korleis ein kan arbeide som prosjektleiar for prosjekt som omhandlar byggteknikk, vassforsyning, spillvatn, slokkesystem, varmeanlegg, vatn og avlaup,
- tilknytning til fjernvarmeanlegg, tilkopling til eksisterande vatn og avlaupsleidningar (Gjerne i Europaveg), og takvatn. Både når det gjeld bustad, næring eller ein kombinasjon av desse
- har innsikt i lover og forskrifter knytt til VVS-prosjektering
- kjenner til systemløysingar for ventilasjon
- har kjennskap til varmeteknisk og fysiologisk grunnlag for å dimensjonere klimaanlegg
- har kunnskap om statiske og dynamiske metodar for utrekning av energi- og effektbehov i bygningar og klimaanlegg
- forstår at ein kan gjere detaljerte og kompliserte berekningar av varmebehov, men at ein og kan bruke litt enklare metodar for å komme til same resultat litt meir effektivt
- kjenner til myndigheitskrav til termisk energiforsyning
- kjenner til problem knytt til fukt i bygg og klimaanlegg
- forstår og/eller har kunnskap om arbeidsmetodane som vert nytta for å prosjektere dei ulike systema, og det manuelle arbeidet dette kan medføre
- har forståing for kva rolle pris på systema har, og kva interesse dei ulike aktørane i byggebransjen har i forhold til dette
Ferdigheter
Studenten:
- kan dimensjonere ventilasjonsmengde og velje komponentar i ventilasjonsanlegg
- kan rekne ut energibehov og dimensjonere vassbaserte oppvarming og kjølesystem
- kan rekne ut varmebehov/varmetap ved DUT og dimensjonere varmeanlegg ut frå desse berekningane
- kan vurdere og velje riktige systemløysingar i VVS- og energitekniske anlegg for forskjellige typar bygg/bruksområde
- kan designe, dimensjonere og dokumentere VVS-tekniske anlegg tilsvarande tiltaksklasse 2 etter Plan- og bygningslova, TEK og SAK
- kan nytte VVS-relaterte modelleringsprogram som verktøy for design, dimensjonering og andre relevante berekningar
- kan finne og vise til energieffektive system og systemkomponent i VVS-tekniske anlegg
- kan bruke DAK/BIM i prosjektering av VVS-tekniske installasjonar
Generell kompetanse
Studenten:
- kan planlegge og gjennomføre energieffektive VVS-tekniske løysingar med utgangspunkt i funksjonskrav, myndigheitskrav og krav til inneklima i bygningar
- kjenner til tekniske spesialist- og leiaroppgåver i bransjen (Klima-, Energi- og Miljøfag i bygg) og i samfunnet elles
- kan reflektere over eigne handlingar og kommunikasjon mellom aktørane i verdikjeda og vere redelig og etisk korrekt
- kan bruke sentrale standardar og forskrifter ved prosjektering av VVS-tekniske installasjonar
- kan samarbeide med andre faggrupper i prosjekteringsfasen og gjennom samarbeid utvikle eigen praksis
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid, følger samlingsplanen og ligg i timeplanen i Visma.
I tillegg kan det komme timar på dagtid for avvikling av evt eksamen, heildagsprøvar og framføring av hovudprosjekt.
Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale.
I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.
Vurdering
Vurderingsmappe som inneheld:
· ei skriftleg individuell innlevering
· ei skriftleg gruppeinnlevering
Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 43 Time(r) | Deltid |
Egenstyrt aktivitet | 240 Time(r) | Deltid |
Arbeidskrav
- Intil tre skriftlege individuelle innleveringar
- ei skriftleg gruppeinnlevering
- refleksjonsnotat i videoformat
Fagressursar
Studentane må ha tilgang til Norsk Standard, Plan- og bygningslova, gjeldande teknisk forskrift, Byggforsk sine detaljblad.
Ein kan i tillegg ha Tekniske Bestemmelser, men same informasjonen ligg i Byggforsk sine detaljblad
Nettressursar
Ventøk: håndbok i ventilasjon. Oslo, Skarland Press/Norsk VVS Elektronisk versjon av desse og fleire andre fagressursar er å finne i
VVS- og byggebransjens Nemitek sitt «Kompetansebibliotek»: www.kompetansebiblioteket.no
Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- KEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde