65TB03L E12 VVS-prosjekt og forståing
Emnefakta
- FagområdeBygg
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramKEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde
- Startsemester2023 Haust
Om emnet
Ventilasjonsteknikk VVS-prosjektering
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
· har kunnskap om prosjektering av sanitæranlegg, varmeanlegg, brannslokkeanlegg, kuldesystem og varmepumper, luftbehandling og komfortkjøling
· har kunnskap om VVS-teknisk prosjektering av energioptimale systemløysingar, regulering og lokal energiproduksjon.
· har innsikt i regelverk og standardar som fortel korleis VVS-tekniske anlegg skal prosjekterast
· har kunnskap om metodikk for styring, organisasjon, leiing og oppfølging av VVS- prosjekteringsoppdrag og forstår formål og prinsipp ved planlegging og samordning
· har innsikt i lover og forskrifter knytt til VVS-prosjektering
· kjenner til systemløysingar for ventilasjon
· har kjennskap til varmeteknisk og fysiologisk grunnlag for å dimensjonere klimaanlegg
· har kunnskap om statiske og dynamiske metodar for utrekning av energi- og effektbehov i bygningar og klimaanlegg
· kjenner til myndigheitskrav til termisk energiforsyning
· kjenner til problem knytt til fukt i bygg og klimaanlegg
Ferdigheter
Studenten:
· kan dimensjonere ventilasjonsmengd og velje komponentar i ventilasjonsanlegg
· kan rekne ut energibehov og dimensjonere vassbaserte oppvarming og kjølesystem
· kan vurdere og velje riktige systemløysingar i VVS- og energitekniske anlegg for forskjellige typar bygg/bruksområde
· kan oppfylle gjeldande krav til energi, effekt, inneklima og andre relevante krav
· kan designe, dimensjonere og dokumentere VVS-tekniske anlegg tilsvarande tiltaksklasse 2 etter Plan- og bygningslova, TEK og SAK
· kan nytte VVS-relaterte modelleringsprogram som verktøy for design, dimensjonering og andre relevante berekningar
· kan oppfylle krav til tverrfagleg optimering mellom dei VVS- og energitekniske disiplinane og dei øvrige faga i bygget
· kan finne og vise til energieffektive system og systemkomponent i VVS-tekniske anlegg
· kan bruke DAK/BIM i prosjektering av VVS-tekniske installasjonar
Generell kompetanse
Studenten:
· kan planlegge og gjennomføre energieffektive VVS-tekniske løysingar med utgangspunkt i funksjonskrav, myndigheitskrav og krav til inneklima i bygningar
· kjenner til tekniske spesialist- og leiaroppgåver i bransjen (Klima-, Energi- og Miljøfag i bygg) og i samfunnet elles
· kan reflektere over eigne handlingar og kommunikasjon mellom aktørane i verdikjeda og vere redelig og etisk korrekt
· kan bruke sentrale standardar og forskrifter ved prosjektering av VVS-tekniske installasjonar
· kan samarbeide med andre faggrupper i prosjekteringsfasen og gjennom samarbeid utvikle eigen praksis
Vurdering
Vurderingsmappe som inneheld:
· ei skriftleg individuell innlevering
· ei skriftleg gruppeinnlevering
Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 152 Time(r) | |
Sjølvstudium | 131 Time(r) |
Arbeidskrav
- Intil tre skriftlege individuelle innleveringar
- ei skriftleg gruppeinnlevering
Fagressursar
Litteraturliste E12 VVS-prosjekt og forståing
Lærebøker i emnet vert oppgitt ved skulestart.
Nettressursar
Ventøk: håndbok i ventilasjon. Oslo, Skarland Press/Norsk VVS Elektronisk versjon av desse og fleire andre fagressursar er å finne i
VVS- og byggebransjens kompetansebibliotek: www.kompetansebiblioteket.no
Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no