65TB01S E8 Drift/produksjon bygg m/fagleg leiing

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Bygg
    • Studiepoeng
      18
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Bygg Førde
    • Startsemester
      2024 Haust

Om emnet

  • Forvaltning, drift og vedlikehald (FDV)
  • Bygge-/anleggsleiing
  • Anleggsdrift
  • Geomatikk 2

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  •      veit kva som er god byggeskikk og stilhistorie, ulike stilartar som finns i eksisterande bygningsmasse, deira kjenneteikn og bakgrunnen for stilane med historisk perspektiv
  •      har kunnskap om eldre utføringsmetodar, kva reiskap og materiale som har vore i bruk frå middelalderen og fram til i dag
  •      har kunnskap om bygningsvern, styresmakter og lovverk, plan- og bygningslova, kulturminnelova og andre aktuelle lover
  •      kjenner til korleis ein skal utføre tilstandsrapportar, vedlikehaldsplanar og avfallsplanar
  •      kan framdriftsplanlegging, korleis lage gode planar som fungerer godt saman, korleis oppdatere desse ved behov undervegs i eit prosjekt og korleis drive eit prosjekt framover ved hjelp av desse
  •      har kunnskap om korleis ein gjennomføre eit prosjekt frå planleggingsstadiet, via anbodsprosessen, kontrahering, kostnadsoppfølgjing og naudsynte søknader til prosjektet kan overførast byggherre og garantisynfaring
  •      har kunnskap om bruken av måleinstrument i geomatikk, nivelleringskikkert, GPRS-system og totalstasjonar og teorien bak korleis dei fungerer
  •      kan bruke dataprogram til behandling av innmålte data, produksjon av data til utstikking i terreng og overføring av data til og frå andre dataprogram, til dømes AutoCAD
  •      har kunnskap om geotekniske tilhøve og kan vurdere fare for ras og setningar
  •      har kunnskap om berekning og maskiner knytt til masseforflytning, og utrekning av tid og kostnader av ulike typar anleggsarbeid
  •      kan lese og forstå teikningar
  •      kan vurdere ulike anleggsmaskiner (fordelar og ulemper)

Ferdigheter

Studenten:

  •      kan vurdere naudsynte tiltak ved rehabilitering av bygg, både antikvarisk og vanleg oppussing/ ombygging
  •      kan gjennomføre eit byggeprosjekt frå planleggingsstadiet, via byggjefasen til overføring byggherre og følgje gjeldande lover, forskrifter og standardar
  •     kan rekne ut maskinkapasitet
  •      kan bruke teikningar som verktøy i arbeid og prosjekt
  •      kan gjennomføre oppmålingsoppdrag ved hjelp av instrument og dataprogram som er i bruk i dag
  •       kan finne kostnader med utgraving og utskifting av massar

Generell kompetanse

Studenten:

  •      kan utføre tilstandsrapportar som grunnlag for rehabilitering, verditaksering og vedlikehaldsplanar
  •      kan planlegge og gjennomføre enkle oppmålingsoppdrag, og kontrollere landmålingsdata
  •      har etter fullført emne lært det som er naudsynt for å gjennomføre alle stadium i eit byggjeprosjekt, både nybygg og rehabilitering
  •      kan vurdere faremoment med gravearbeid, og rekne ut kostnad og tidsforbruk ved ulike anleggsarbeid
  •      kan vurdere fare for utrasing og setningar

Vurdering

Vurderingsmappe som inneheld:

·     to prøver og ei praktisk oppgåve med innlevering i forvaltning, drift og vedlikehald

·     to prøver i anleggsdrift

·     to prøver i geomatikk 2

·     ei prøve og ei gruppeinnlevering med individuelt refleksjonsnotat i bygge-/ anleggsleiing

Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Undervisning
274 Time(r)
Sjølvstudium
236 Time(r)

Arbeidskrav

Ei praktisk oppgåve i forvaltning, drift og vedlikehald.

Ei innlevering i anleggsdrift.

Ei gruppeinnlevering med individuelt refleksjonsnotat og eit obligatorisk feltkurs i geomatikk 2.

Ei innlevering i byggeplassleiing.

Fagressursar

Lærebøker E8 Drift/produksjon bygg m/fagleg leiing

Karlsen, J. (2021) Byggeprosessboka. Oslo, Byggesaken.no. Bestillast på internett www.byggesaken.no Skogset, T, Norberg, D. (2014) Grunnleggende landmåling, Gyldendal Norsk forlag AS, Oslo.

Juliebø, E.& Rolfsen, C.N. (2009) Forvaltning, drift, vedlikehold og utvikling av bygg. 4. utg. Oslo, Gyldendal norsk forlag AS.

J. Karlsen. Anleggsboka del 1 og 2 Siste utgave: innføring i anleggsarbeider. Kan bestillas på internett www.byggesaken.no

Bua, K. og Digernes A. (2019) Byggesaken. 7. utg. Sandefjord, Læremiddelforlaget, Skagerrak forlag AS.

 

Tryti, H.A., (2021) Prosjektlederens håndbok for Norsk Standards entreprisekontrakter og kontrakter med forbruker. Bestillast på internett www.byggesaken.no.

 

Studentabonnement på Norsk Standard www.standard.no

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Bygg Førde

Emneansvarlig

Jytte Kristin Eikenes