65TB00D BS E4 Byggeprosess

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Bygg
    • Studiepoeng
      12
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Bygningssakkyndig
    • Startsemester
      2024 Haust

Om emnet

  • Energi- og miljøeffektive bygg og anlegg
  • Tekniske installasjonar
  • Grunnleggande BIM
  • Geomatikk 1

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • kjenner til byggjematerialar sin miljøprofil og innverknad på inneklima
  • har innsikt i sentrale krav til dokumentasjon og kontroll av bygningsmaterial
  • har kunnskapar om kartografi, fotogrammetri, geodesi og GIS
  • kan hovudtrekka i utrekninga av energi- og effektbehov i ein bygning
  • har kjennskap til energitiltak og energiramme som dokumentasjonsmetode
  • har kunnskap om klimatilpassing av bygningar
  • har kunnskap om dei viktigaste komponentane i eit ventilasjonsanlegg og korleis eit ventilasjonsanlegg blir regulert og styrt
  • kjenner til grunnlaget for dimensjonering av friskluftmengder i bygg
  • kjenner til kva som ligg i begrepet reint, tørt bygg.
  • har kunnskap omkontroll av våtrom og tettleik av klimaskjern i samsvar med krav i føresegner
  • har kunnskap om 2D og 3D teikningar 
  • har kunnskap om røyrsystem og røyrtypar som vert nytta i bygg
  • forstår i kva tilfelle ein kan bruke forenkla dimensjonering, og når ein må gjere trykktapsberekningar 
  • har kunnskap om krav og retningslinjer for røyrforing 
  • har kjennskap til lovverk, forskrifter og standardar som gjev rammene for røyrinstallasjonar i bygg

Ferdigheter

Studenten:

  •      kan innhente kartdata og gjere seg nytte av GIS
  •      kan bruke relevant IT-verktøy i prosessane og utarbeide enkle bransjerelaterte teikningar ved hjelp av eit relevant BIM-verktøy
  •      kan rekne ut R-verdi og U-verdi for ein homogen konstruksjon
  •      kan bruke berekningsprogrammet "Simien"
  •      kan finne temperaturprofil for ein skiljekonstruksjon
  •      kan bruke Mollierdiagram
  •      kan vurdere faren for kuldebruer og foreslå tiltak for å redusere kuldebrueffekten
  •      kan bruke TEK 17 og NS 3031 som grunnlag for inneklima og miljø
  •      kan rekne ut effektbehovet for eit ventilasjonsanlegg
  •      kan dimensjonere vass- og avlaupsleidningar ved bruk av forenkla dimensjoneringsmetode
  •      kan dimensjonere røyr for varme- og kjøleanlegg

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan bruke BIM i byggeprosessen
  • veit korleis ein på best mogleg måte set saman ein byggje- eller annleggskonstruksjon med tanke på funksjon, bruk, miljø og offentlege krav.
  • kan gjere seg nytte av GIS, koordinatbestemme punkt i kart og terreng, og utføre nødvendige enkle landmålingstekniske berekningar
  • kan vurdere dei bygningsfysiske eigenskapane til eit bygg og kunne foreslå eventuelle energi og klimatiltak
  • kunne vurdere og kontrollere om planlagde bygg, og bygg under oppføring, tilfredsstiller relevante forskrifter og standardar 
  • gjeldande utgåve av Rørhåndboka Rørentreprenørene Norge 

Arbeidsinnsats

Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid, følger samlingsplanen og ligg i timeplanen i vis. Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir. 

Vurdering

Vurderingsmappe som inneheld:

  •      ei prøve i energi- og miljøeffektive bygg og anlegg
  •      ei prøve i tekniske installasjonar
  •      ei innlevering i grunnleggande BIM
  •      to prøver i geomatikk 1

Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Timeplanfesta timer
44 Time(r)
Egenstyrt aktivitet
296 Time(r)

Arbeidskrav

  • Ei innlevering i energi- og miljøeffektive bygg og anlegg.
  • Ei innlevering i tekniske installasjonar.
  • Ei innlevering i grunnleggande BIM.
  • Tre innleveringar i geomatikk 1.

Fagressursar

Skogset, T, Norberg, D. (2014) Grunnleggende landmåling, Gyldendal Norsk forlag AS, Oslo.

Espedal, K. J. (2022) Bygningsfysikk, Byggenæringens forlag AS, Lillestrøm.

Digital lærebok på MyLearnView. Grunnleggende BygingsInformasjonsModellering (BIM) , bestilles på www.mylearnview.com

 Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Bygningssakkyndig

Emneansvarlig

Narayan Dungana