65TB00D BS E4 Byggeprosess

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Bygg
    • Studiepoeng
      12
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Bygningssakkyndig
    • Startsemester
      2023 Haust

Om emnet

Energi- og miljøeffektive bygg og anlegg

Tekniske installasjonar

Grunnleggande BIM

Geomatikk 1

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • kjenner til byggjematerialar sin miljøprofil og innverknad på inneklima
  • har innsikt i sentrale krav til dokumentasjon og kontroll av bygningsmaterial
  • har kunnskapar om kartografi, fotogrammetri, geodesi og GIS
  • har kunnskapar om eigedomregisteret i Noreg, og prosessane kring eigedomsdanning
  • kan hovudtrekka i utrekninga av energi- og effektbehov i ein bygning
  • har kjennskap til energitiltak og energiramme som dokumentasjonsmetode
  • har kunnskap om klimatilpassing av bygningar
  • har kunnskap om dei viktigaste komponentane i eit ventilasjonsanlegg og korleis eit ventilasjonsanlegg blir regulert og styrt
  • kjenner til grunnlaget for dimensjonering av friskluftmengder i bygg
  • kjenner til kva materialtekniske eigenskapar som ligg til grunn for brannteknisk klassifisering
  • kjenner til kva som ligg i begrepet reint, tørt bygg.
  • har kjennskap til måling av lufttettleik
  • har kunnskap om kontroll av våtrom og tettleik av klimaskjern i samsvar med krav i normer og føresegner

Ferdigheter

Studenten:

  • ·     kan innhente kartdata og gjere seg nytte av GIS
  • ·     kan bruke relevant IT-verktøy i prosessane og utarbeide enkle bransjerelaterte teikningar ved hjelp av eit relevant BIM-verktøy
  • ·     kan rekne ut U-verdi og dampmotstand
  • ·     kan finne temperatur og damptrykkprofil for ein skiljekonstruksjon
  • ·     kan bruke Mollierdiagram
  • ·     kan vurdere faren for kuldebruer og foreslå tiltak for å redusere kuldebrueffekten
  • ·     kan vurdere faren for kondens og foreslå tiltak som reduserer faren
  • ·     kan bruke TEK og rettleiaren til TEK for å fastsette risikoklasse og brannklasse
  • ·     kan rekne ut effektbehovet for eit ventilasjonsanlegg
  • ·     kan bruke NS 3514 som grunnlag for fuktsikker byggprosess

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan bruke BIM i byggeprosessen
  • veit korleis ein på best mogleg måte set saman ein byggje- eller annleggskonstruksjon med tanke på funksjon, bruk, miljø og offentlege krav.
  • kan nytte GIS, koordinatbestemme punkt i kart og terreng, og utføre nødvendige berekningar for koordinatplassering
  • kan vurdere branntryggleiken i eit bygg
  • kan vurdere dei bygningsfysiske eigenskapane til eit bygg og kunne foreslå eventuelle energi og klimatiltak
  • kan vurdere kva kunnskap og ferdigheiter som trengs i byggjeprosessen
  • kunne vurdere og kontrollere om planlagde bygg, og bygg under oppføring, tilfredsstiller NS 3514, fuktsikker byggeprosess

Vurdering

Vurderingsmappe som inneheld:

·     ei prøve i energi- og miljøeffektive bygg og anlegg

·     ei prøve i tekniske installasjonar

·     ei innlevering i grunnleggande BIM

·     to prøver i geomatikk 1

Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Undervisning
182 Time(r)
Sjølvstudium
158 Time(r)

Arbeidskrav

  • Ei innlevering i energi- og miljøeffektive bygg og anlegg.
  • Ei innlevering i tekniske installasjonar.
  • Ei innlevering i grunnleggande BIM.
  • Tre innleveringar i geomatikk 1.

Fagressursar

Lærebøker E4 Byggeprosess

Litteraturliste kjem

 Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

Emneansvarlig

Trond Arild Austgulen