65PS10A Driftsleiing og økonomi

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Grøne og gastronomiske utdanningar
    • Studiepoeng
      10
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
    • Studiestad
      Mo
    • Studieprogram
      Mjølkeproduksjon med bruk av robotteknologi, Mo
    • Startsemester
      2024 Haust

Om emnet

Tema 1: Rammevilkår:

Internasjonale rammevilkår:

  • Utvikling og utviklingstrender for ressurssituasjon i tradisjonelle og nye landbruksbaserte næringar i Norge og Europa.
  • Mål i norsk landbrukspolitikk
  • Landbrukspolitikk og verkemiddel

 

Tema 2: Bedriftsøkonomi

  • Budsjett og finansiering
  • Risikovurdering
  • Prosjektplanar og plan for heile driftsopplegget
  • Tilskotsordningar
  • Bruk av rekneark
  • Tolke og bruke ulike data

 

Tema 3: Rekneskapsforståing:

  • Forholdet mellom privatøkonomi og bedriftens økonomi
  • Prinsipp i rekneskapsføring, forståing av skatterekneskap og driftsrekneskap, produksjonsøkonomi
  • Skatt av inntekt og formue
  • Juridiske rammer; skatterett, MVA-loven
  • Nøkkeltal for lønnsomhet, finansiell stilling og likviditet
  • Totaløkonomi, inkludert familieøkonomi og livsstilsval
  • Gardens «minimumsfaktorar»

 

Tema 4: Leiing, inkludert arbeidsgjevaransvar

 

  • Strategival
  • Sosiale rettar og arbeidsgivaransvar
  • Leiing og motivasjon
  • Etikk og kvalitetssikring
  • Kunne tolke og nyttiggjere seg av ulike datamateriell for føretaket
  • Organisasjonsform
  • Nettverksbygging
  • LEAN – metode for effektiv tidsbruk

 

 

Tema 5: Yrkesretta kommunikasjon:

 

  • Effektiv bruk av IKT
  • Ulike metodar for forhandlingar
  • Korleis ta ordet i ein diskusjon og tilpasse innhaldet

 

 

 

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om bedriftsøkonomiske omgrep og sammenhenger i landbruket
  • har kunnskap om sentrale teoriar og metodar innan det bedriftsøkonomiske fagområdet
  • har kunnskap om kostnadsomgrepet og forståing for kostnaders variabilitet
  • har kunnskap om skatterekneskap og driftsrekneskap i landbruket
  • har kunnskap om korleis profesjonelle organisasjonar kommuniserer både internt (med seg sjølv) og eksternt med omverda
  • kan greie ut om dei sosiale, økonomiske og politiske arbeidsbetingingar i landbruket
  • kan greie ut om dei omfattande endringsprosessane i landbruket nasjonalt og internasjonalt
  • kjenner til ulike former for prosjektdokumentasjon, avtaler og kontraktar
  • kjenner til ulike metodar for forhandlingar
  • har kunnskap om relevant dataverktøy som blir nytta i kommunikasjon og konkret i mjølkeproduksjonen
  • har kunnskap om produksjonsplanlegging og produksjonsstyring
  • har innsikt i lovar og forskrifter som gjeld for mjølkeproduksjonen
  • kan ta i bruk ulike strategiar som grunnlag for val av driftsopplegg og produksjon
  • har kunnskap om relevante forskingsmiljø, fagleg nettverk, støtteapparat og kompetansemiljø innanfor mjølkeproduksjon
  • har kunnskap til å nyttiggjere seg av kompetansen fagmiljøa har

Ferdigheter

Studenten:

  • kan gjere ei kvalifisert vurdering av kva innfallsvinklar som er best eigna innanfor ulike sektorar, bransjar eller marknadsførehald
  • kan utføre enkle analyser for å finne gevinstoptimalt produksjonsvolum
  • kan utføre kostnads-, resultat- og volumanalyser
  • kan utføre enkle analyser av optimale produktval i situasjonar med avgrensa ressurstilgang
  • kan utføre enkle investeringsanalyser
  • kan utføre enkle rekneskapsanalyser
  • er i stand til å formulere og analysere problemstillingar som er relevante for norsk landbrukspolitikk
  • kan bruke relevant kommunikasjonsverktøy
  • kan finne, vurdere, bruke og vise til informasjon og fagstoff, og belyse ulike problemstillingar

Generell kompetanse

Studenten:

  • har kjennskap til økonomifunksjonens rolle i landbruksbedrifta, og kan styre økonomien i ei landbruksverksemnd
  • kan formidle sentralt fagstoff gjennom relevante uttrykksformer
  • kan reflektere over etiske problemstillingar innanfor faget
  • kan sjå emne i ein større samanheng og i eit samfunnsmessig perspektiv
  • ha utvikla evne til kritisk refleksjon over landbrukspolitiske problemstillingar
  • kan delta i planlegging, gjennomføring og presentasjon av eit prosjekt
  • har kompetanse i effektiv bruk av IKT
  • kan vurdere eige behov for utvikling av kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse

Undervisningsformer og aktivitet

Forelesingar med arbeidskrav knytt til stoffet, gruppearbeid og individuell oppgåveløysing. Studentane arbeider sjølvstendig og/eller i grupper med oppgåvene, der læraren er tilgjengeleg for rettleiing ved kontakt.

Studentane har munnlege framføringar og diskusjonar i klasserommet som er yrkesretta.

Arbeidsinnsats

Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid. I tillegg kan det komme timar på dagtid for avvikling av evt eksamen, heildagsprøvar og framføring av hovudprosjekt.

Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir

Vurdering

Praktisk munnleg eksamen.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Timeplanfesta timer
55 Time(r)
Sjølvstudium
174 Time(r)

Arbeidskrav

fem godkjente innleveringar:

fire skriftlege oppgåver i rekneskap og økonomi. ei skriftleg oppgåve i leiing.

Fagressursar

Det blir gitt nærmare henvisningar i litteraturen ved studiestart. Faglærar oppdaterer med nyare artiklar og faktaark.

Undervisningsmateriell som deles ut undervegs, eller leggjast ut på Teams, reknast som pensum.

 

  •  Baksaas, Kjell Magne et al. (2014). Grunnleggende regnskap. (2. utg.). Oslo: Gyldendal Akademisk. ISBN 978-82-05-47308-9
  •  Knutsen Heidi (2011): Utstyn over norsk landbruk. Tilstand og utviklingstrekk. Norsk Institutt for landbruksøkonomisk forsking. ISBN: 978-82-7077-807-2.
  •  Sending, Aage (2009): Økonomi for LØM-fagene. Fagbokforlaget. ISBN 978-82-450-0867-8)

Landbrukets særlover, Plan og bygningsloven, Arbeidsmiljøloven

Matmerks ordningen innenfor kvalitetssikring i landbruket. (NETTLINK)

www.lovdata Aktuelle lover i landbruket. Arbeidsmiljøloven.

Fagartiklar på TEAMS

Emneansvarlig

Ole Johnny Solberg