64TT86C Digitalisering - 2027 Haust
Emnefakta
- FagområdeRobotteknologi
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadNordnes, Stord
- StudieprogramRobotteknologi, digitalisering og additiv
- Startsemester2027 Haust
Om emnet
Studentane får grunnleggande og praktisk kunnskap om digitalisering i industrien, inkludert digitale tvillingar, smart vedlikehald og cybersikkerheit. Emnet tar føre seg bruk av data, teknologi og metodar for å optimalisere drift, førebygge feil og sikre samspel mellom menneske og maskin.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten har kunnskap om:
- sentrale omgrep, teoriar, prinsipp og metodar innan digitalisering
- avanserte digitale kopiar av fysiske objekt eller prosessar, og korleis desse kan føreseie vedlikehaldsbehov og betre effektiviteten
- Big data: løysingar som gjer om data til kunnskap og skaper kommersielle verdiar
- korleis ein sikrar OT-system i industrien for å oppretthalde tryggleik og effektivitet
- samspelet mellom menneske og maskin (sosiotekniske system), og evna til å vurdere kor eigna ulike metodar og prosessar er, og korleis dei kan nyttast
Ferdigheiter
Studenten kan:
- nytte digitale tvillingar for å simulere og optimalisere fysiske objekt eller prosessar
- utføre smart vedlikehald ved hjelp av avansert teknologi for å føreseie og hindre feil
- gjennomføre grunnleggande tiltak for å sikre cybersikkerheita i OT-system, og dermed verne mot digitale truslar
- kunne bidra i implementeringsprosessar ved å aktivt involvere andre tilsette, og sikre at alle relevante partar er engasjerte og bidreg til at prosessen lukkast
- kunne omsette digital teori til praktisk nyttbar kunnskap, og bruke denne kunnskapen effektivt i arbeidsprosessar og beslutningar
Generell kompetanse
Studenten kan:
- planlegge og gjennomføre oppgåver ved bruk av digital teknologi og robotsystem
- forstå og nytte digitale tvillingar og sensorteknologi, samt sikre cybersikkerheit
- utnytte samspelet mellom teori og praksis for å betre effektivitet og tryggleik i industrielle prosessar
Undervisningsformar og aktivitetar
Undervisninga legg opp til erfaringsbasert læring med praktiske prosjektbaserte oppgåver. I tillegg er det forelesningar, oppgåveløysing, og bruk lærebøker. Mellom samlingane er det både eigenstudium og lærarstyrte aktivitetar, både synkrone og asynkrone.
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta tid gjeld samlingane. I tillegg kjem lærarstyrte aktivitetar utanom samlingar.
Eigenstyrt aktivitet er det arbeidet du som student utfører utanom den timeplanfesta undervisninga. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid, sjølvstudium og førebuing til undervisning, samt eventuelle ekstra avtalarte timar med lærar.
Timeplanen fungerer som eit utgangspunkt. Ved behov kan timar bli flytta mellom emne etter ein samla fagleg og pedagogisk vurdering, med utgangspunkt i klassens behov.
Vurdering
Mappevurdering med forprosjekt, prosjektrapport og presentasjon.
| Vurdering | Praktisk info | Annet |
|---|---|---|
Vurderingsform Mappevurdering Karakterskala Bestått | Gruppering Gruppe (2 - 3) |
Arbeidsmengde
| Aktivitet | Aktivitetsdetaljer | Varighet | Studieform | Kommentar |
|---|---|---|---|---|
Eigenstyrt aktivitet | 136 Tima(r) | Deltid | ||
Timeplanfesta timer | 64 Tima(r) | Deltid | ||
Lærarstyrte aktivitetar utanom samlingar | 50 Tima(r) | Deltid |
Obligatoriske læringsaktivitetar
To obligatoriske læringsaktivitetar.
Læringsaktivitetar
| Namn | Krav | Kommentar |
|---|---|---|
Innlevering 1 | Skriftleg innlevering | |
Innlevering 2 | Skriftleg innlevering |