64TE01M Reguleringsteknikk - 2028 Haust
Emnefakta
- FagområdeAutomasjon
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadNordnes
- StudieprogramIndustriell automasjon
- Startsemester2028 Haust
Om emnet
Her skal du nytte grunnlagsemna til å forstå ein reguleringsprosess. Det vil si å lære korleis oppførselen til dynamiske system kan tilpassast gjennom bruk av regulatorar ved hjelp av systemanalyse og praktisk regulering.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten har kunnskap om:
-
Generell oppbygging av eit reguleringssystem og omgrep.
-
Modellering av dynamiske system med hovudvekt på lineære differensiallikningar.
-
Respons- og stabilitetsanalyse av dynamiske system
-
Regulering av dynamiske system.
- Tilbakekopling med hovudvekt på PID-regulering.
-
Dataverktøy for datainnsamling, simulering og modellering
Ferdigheiter
Studenten kan:
- Kan gjere greie for oppbygging og implementering av eit reguleringssystem.
- Modellere, simulere og analysere dynamiske system.
- Design, implementering og val av regulatorverdiar.
- Kan stille inn regulator basert på teori, datasimulering og praktisk forsøk.
Generell kompetanse
Studenten skal:
- Kunne planleggje og gjennomføre ei regulering av eit ukjent system
- Kunne diskutere ei reguleringssløyfe med andre fagpersoner.
- Kunne kombinere praktisk og teoretisk tilnærming til faglege problemstillingar.
Undervisningsformar og aktivitetar
Undervisninga baserar seg i stor grad på forelesingar, oppgåver, laboratorieøvingar og lærebøker. For samlingsbaserte nettstudier vil det vere lærarstyrte aktivitetar mellom samlingane, både synkrone og asynkrone, for å sikre god progresjon i faget.
Forkunnskapskrav
Anbefalte forkunnskaper er:
- 64TE01F Matematikk med programmering
- 64TE01J Realfag for automatisering
- 64TE01B Elektroteknikk
- 64TE01I Elektronikk
- 64TE01L Instrumentering
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta tid er timane som ligg i timeplanen. For deltidsstudiet er timeplanfesta tid timane på timeplanen på samlingar. Desse timane er på dagtid. Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør leggje ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer blant anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og eventuelt timar med lærar etter nærmare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudie i form av forbereding til timar, lese fagstoff osv.
Timane som er timeplanfesta er eit utgangspunkt, og timar kan bli overførte mellom emne på bakgrunn av klassen sine behov og etter ei nærmare pedagogisk vurdering.
Vurdering
I mappa inngår:
- 4 innleveringar.
Karakteren blir satt etter ei helhetleg vurdering.
| Vurdering | Praktisk info | Annet |
|---|---|---|
Vurderingsform Mappevurdering Karakterskala A-F |
Arbeidsmengde
| Aktivitet | Aktivitetsdetaljer | Varighet | Studieform | Kommentar |
|---|---|---|---|---|
Timeplanfesta timer | 124 Tima(r) | Heiltid | ||
Eigenstyrt aktivitet | 168 Tima(r) | Heiltid | ||
Timeplanfesta timer | 45 Tima(r) | Deltid | ||
Eigenstyrt aktivitet | 246 Tima(r) | Deltid |
Obligatoriske læringsaktivitetar
Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga, med mindre emneplanen fastset ein annan gyldigheitsperiode under.
Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere bestått for å gå opp til eksamen.
Læringsaktivitetar
| Namn | Krav | Kommentar |
|---|---|---|
Skriftleg innlevering 4 |
Litteratur- og utstyrsliste
Førelesingsnotatar og programvare tilpassa reguleringsteknikk og systemanalyse