64TB79E E5 Materialkunnskap
Emnefakta
- FagområdeGrøn omstilling
- Studiepoeng5
- StudiestadFørde
- StudieprogramGrøn omstilling i byggebransjen 2024
- Startsemester2024 Haust
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om bygningsmateriale sin miljøprofil og innverknad på inneklima
- har kunnskap om potensielle miljøgifter i bygningsmateriale og korleis ein kan unngå bruk av miljøgifter, samt handtering av miljøfarleg avfall ved riving og sanering
- har kunnskap om relevante lovar og forordningar (f.eks. produktkontroll-loven, substitusjonsplikta og EU sin tømmerforordning)
- har kunnskap om samanhengen mellom inneklima og emisjon frå bygningsmateriale
- har kunnskap om sentrale krav til dokumentasjon og miljødeklarasjon (EPD)
- har kunnskap om berekning av klimagassrekneskap for ulike bygningsmateriale
- har kunnskap om materialkvalitet, restlevetid og potensial for gjenbruk av både bygningsmassen og materiale
- har kunnskap om materialhandtering og kartlegging for ombruk, utskifting og reparasjon
- har kunnskap om de fire sosio-økologiske prinsippa for berekraft
- kjenner til strategiar for materialhandtering: transmaterialisering (byte ut materiale) og dematerialisering (redusere bruk, auke levetid, closed loop/sirkulære løysingar)
- har kjennskap til nye materiale og innovasjon i bransjen
Ferdigheter
Studenten:
- kan vurdere ulike materiale sine miljøeigenskapar i byggeprosjekt, nybygg og rehabilitering
- kan reflektere rundt fordelar og ulemper ved bruk av ulike materiale
- kan bruke ulike verktøy for miljøvurdering og dokumentasjon av byggemateriale
- kan finne data for klimagassutslepp for ulike materiale og komponentar
- kan bruke ulike verktøy og rettleiarar for ombruk, utskifting og reparasjon av byggemateriale
- kjenner til styrkar og svakheiter ved EPD-ar og kan vurdere dei kritisk
Generell kompetanse
Studenten:
- har forståing for kva materialbruk i bygg betyr for samfunn og miljø
- kan gje råd om korleis ein kan sikre val av materiale med mindre miljøpåverknad
- kan prosessar for materialhandtering og kartlegging for ombruk, utskifting og reparasjon
Vurdering
Ei gruppeoppgåve med individuell videopresentasjon
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 23 Time(r) | |
Egenstyrt aktivitet | 102 Time(r) |
Arbeidskrav
Lab-øvingar
Ei praktisk oppgåve i gruppe
Fagressursar
Læremateriell:
SINTEF Byggforskserien. https://www.byggforsk.no/byggforskserien
Norsk standard. www.standard.no
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Grøn omstilling i byggebransjen 2024
Emneansvarlig
Jytte Kristin Eikenes
Narayan Dungana