64TB79D E4 Innføring i bærekraft, miljø og klima
Emnefakta
- FagområdeGrøn omstilling
- Studiepoeng7,5
- StudiestadFørde
- StudieprogramGrøn omstilling i byggebransjen 2024
- Startsemester2024 Haust
Om emnet
Klima, miljø, landskap, berekraft
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om kva parameter innan berekraft ein har stor påverknadskraft på i byggenæringa, og korleis ein kan arbeide med dette i praksis
- har kunnskap om omgrepet berekraft innan ulike område og forstår samanhengen mellom sosial, økonomisk og økologisk berekraft gjennom bruk av ulike modellar
- har kunnskap om kva ein legg i omgrep som ombruk, gjenbruk, gjenvinning og bevaring
- har kunnskap om grunnleggande miljøetikk og kan argumentere for kvifor ein skal ta vare på natur og miljø frå ulike perspektiv
- har kunnskap om global oppvarming og klimaendringar, og korleis byggebransjen har ei rolle i dette.
- kjenner til viktige «økosystemtjenester»
- har kunnskap om kvifor berekraft kan kallast eit gjenstridig problem
- har kunnskap om berekraftig materialbruk og forstår korleis ein tek omsyn til naturen sitt naturlege kretsløp
- har kunnskap om berekraftig arealforvaltning, inkludert jordvern, vatnhandtering og vegetasjonsrestaurering i planleggingsprosessen
- er kjent med relevante lover, forskrifter og retningslinjer knytt til landskapsplanlegging og økologisk bevaring
Ferdigheter
Studenten:
- kan reflektere over samanhengen mellom klima- og miljøpåverknad og aktivitetar i byggeprosjekt
- kan vurdere konsekvensane av klimaendringar for byggdesign, energiforbruk og drift, og foreslå strategiar for tilpassing og reduksjon av påverknad
- kan reflektere over samanhengen mellom arealbruk, landskapsdesign og økologisk berekraft
- kan vurdere ulike miljøetiske perspektiv (antroposentrisk, ekosentrisk, biosentrisk) og deira argument for bevaring og handtering av naturressursar
Generell kompetanse
Studenten:
- har forståing for samanhengen mellom menneskeleg aktivitet og økologiske konsekvensar
- kan utvikle strategiar for å integrere berekraftig praksis i ulike stadium av eit byggeprosjekt
- kan argumentere faktabasert for kvifor ein skal ta omsyn til berekraftige prinsipp i byggeprosjekt
Vurdering
Ei prosjektoppgåve med individuell videopresentasjon
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 34 Time(r) | |
Egenstyrt aktivitet | 156 Time(r) |
Arbeidskrav
Ei innlevering
Fagressursar
Læremateriell:
SINTEF Byggforskserien. https://www.byggforsk.no/byggforskserien
Bakken, T. (2010): Hva er Biodiversitet? DOI: 10.18261/ISSN1504-3118-2010-05-02,
Hestemark, G. (2018): Hva er Økologi? https://www.universitetsforlaget.no/hva-er-okologi-2
Myhre, A. (2008): Klima, energi og miljø, Universitetsforlaget
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Grøn omstilling i byggebransjen 2024
Emneansvarlig
Jytte Kristin Eikenes
Narayan Dungana