64HH96D Etikk, kommunikasjon og relasjonskompetanse - 2026 Haust
Emnefakta
- FagområdeHelsefag
- Studiepoeng10
- StudiestadFørde, Nordnes, Nettbasert studium
- StudieprogramSterilforsyning og smittevern i helsetenesta
- Startsemester2026 Haust
Om emnet
Tema som inngår i emnet:
4a Etikk
- Etisk verdigrunnlag
- Etiske teoriar og prinsipp
- Etisk bruk av teknologi/teieplikt
- Juss, etikk og fagleg skjønn
- Etisk dilemma
4b Kommunikasjon i samhandling
- Relasjonskompetanse, relasjonsbygging og rettleiing
- Kommunikasjon i samhandling i eit arbeidsfellesskap
- Fleirkulturelt arbeidsmiljø
- Tverrfagleg samarbeid
- Gruppeprosessar og konflikthandtering
4c HMS
- Rutine for kartlegging av risiko
- Planlegging (PDSA SYKLUS/Problemløysingsmodell) for utvikling og gjennomføring av ei fagleg forsvarleg teneste
- Sikkerheitsdatablad
- Verneutstyr
- Yrkesskade
- Avvikshandtering/registrering
4d Lover og forskrifter
- Relevante lover, forskrifter, rettleiarar og offentlege dokument
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- Kan forklara kva eit etisk dilemma kan vera
- Kan forklara kva tverrfagleg samarbeid er
- Kan beskrive ein problemløysingsmodell for utvikling og gjennomførings av ei fagleg forsvarleg teneste
Ferdigheiter
Studenten:
- Kan visa at han/ho kan bruka ein etisk refleksjonsmodell for å belysa eit etisk dilemma.
- Kan bruka sin relasjonskompetanse til å bidra til eit godt tverrfagleg samarbeid
- Kan formulera ei avviksmelding
Generell kompetanse
Studenten:
- Kan reflektera over bruken av ein etisk refleksjonsmodell
- Kan reflektera over eiga rolle i tverrfagleg samarbeid
- Har eit reflektert forhold til betydninga av dokumentasjon i HMS-arbeidet
Vurdering
Vurdering
Utgangspunktet for all vurdering er dei fastsette læringsutbytta på overordna nivå og emnenivå. Studenten må ha gjennomført og fått godkjent alle obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) for å få sluttvurdering i emnet. OLA fungerer som vilkår for vurdering, men inngår ikkje i vurderingsgrunnlaget, jf. forskrifta § 5-4.
Emneplanen fastset kva obligatoriske læringsaktivitetar som gjeld i emnet, og kva vurderingsform som blir nytta. Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga, med mindre anna er fastsett. Sjå også forskrifta kapittel 6 om vurdering.
Sluttvurdering
Sluttvurderinga i kvart emne er bestått/ikkje bestått. For å oppnå vurderinga bestått må alle obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) vere godkjende. Dersom ikkje alle OLA er godkjende, blir emnet vurdert til ikkje bestått, og studenten må gjennomføre heile emnet på nytt for å kunne oppnå bestått.
Arbeidsmengde
| Aktivitet | Aktivitetsdetaljer | Varighet | Studieform | Kommentar |
|---|---|---|---|---|
Undervisning | 54 Tima(r) | |||
Asynkron undervisning | 111 Tima(r) | |||
Sjølvstudium | 116 Tima(r) |
Obligatoriske læringsaktivitetar
Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga, med mindre emneplanen fastset ein annan gyldigheitsperiode under.
Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjente for å gå opp til eksamen.
Læringsaktivitetar
| Namn | Krav | Kommentar |
|---|---|---|
Læringssti Etikk og kommunikasjon | ||
Refleksjonsnotat | ||
Læringsnotat | ||
Diskusjonsinnlegg |
Litteratur- og utstyrsliste
Emne 4 Etikk, samhandling og kommunikasjon
| Anbefalt litteratur | ISBN-nummer |
| Eide, T. & Aadland, E. (2020). Etikkhåndboka- Refleksjon, organisasjon, ledelse. Oslo: Kommuneforlaget | ISBN: 9788244623797 |
| Kversøy/Alhassan, 2021 Etikk – en praktisk vinkling 3.utgave | ISBN 9788245038507
|
| Skau, G. M. (2017). Gode fagfolk vokser: Personlig kompetanse i arbeid med mennesker. (5. utg.). Oslo: Cappelen Akademisk
| ISBN 9788202547721 |
| Spurkeland, J. (2018). Relasjonell atferd i arbeidslivet. Oslo: Universitetsforlaget | ISBN 9788215031392 |