64HH96A Mikrobiologi, Smittevern og spesialreinhald

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Helsefag
    • Studiepoeng
      10
    • Studiestad
      Førde, Nordnes, Nettbasert studium
    • Studieprogram
      Sterilforsyning og smittevern i helsetenesta
    • Startsemester
      2023 Haust

Om emnet

Tema som inngår i emnet:

1a   Mikrobiologi og smittevern 

·                     Mikroorganismars eigenskap og biologisk oppbygging 

·                     Organsystema

·                     Smittekjeda 

·                     Sjukehusinfeksjonar og deira konsekvensar  

·                     Basale smittevernrutiner 

·                     Lover og forskrifter som regulerer smittevernarbeidet 

1b   Reinhald 

·                     Reingjerinsmetodar og kjemikaliar 

·                     Dosering, bruk, vern og oppbevaring 

·                     Ergonomi 

·                     HMS 

1c   Spesialreingjering  og  desinfeksjon 

·                     Reingjering og desinfisering i forhold til ulike situasjonar og materialar 

·                     Korleis bryte smittekjeda – førebygging og tiltak 

1d  Bygningsmessige forhold og            kvalitetssikringsarbeid 

·                     Utforming og funksjonar 

·                     Luftkvalitet og ventilasjon 

·                     Materialval 

·                     Aktuelle kvalitetssikrings- og driftssystem

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap innan mikrobiologi, smittevern og hygiene
  • har innsikt  i krav til fysisk utforming av spesialavdelingar og til ventilasjonen si rolle for miljøet i spesialavdelingane

Ferdigheter

Studenten:

  • kan nytta kunnskap om hygiene og smittevern i praksis
  • kan kartleggja problemstillingar innan hygiene og smittevern, finna fagstoff og foreslå nødvendige tiltak

Generell kompetanse

Studenten:

  • har forståing for ulike bedrifts- og yrkesetiske retningsliner for smittevern og hygiene
  •       kan utvikla arbeidsmetodar innan hygiene og praktisk smittevern gjennom kunnskapsdeling og rettleiing.

Vurdering

Vurdering av arbeidskrav blir gjort etter vurderingskriterium som blir gjort kjende for studenten når arbeidskrava blir presenterte ved oppstart av emnet. Det vil også bli gjort undervegsvurdering av lærar i forhold til om studenten er skikka (jfr. Lov om høyere yrkesfaglig utdanning (Fagskulelova) § 26). Lærar vil byggja denne vurderinga på studentens refleksjonar, engasjement, det som kjem fram i samtalar og evna til samhandling og kommunikasjon med medstudentar og lærar.

Klagerett: Sjå Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland kapittel 5

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Undervisning
54 Time(r)
Asynkron undervisning
111 Time(r)
Sjølvstudium
116 Time(r)

Arbeidskrav

Det er to individuelle arbeidskrav og eit arbeidskrav i gruppe. I tillegg skal studenten føra refleksjonslogg gjennom heile emnet. Arbeidskrava blir presenterte av lærar ved oppstart av emnet. Nokre arbeidskrav kan leverast inn til rettleiing to gonger. Ved tilbakemelding på andre gongs innlevering vil studenten få vita om arbeidskravet vil bli vurdert til godkjent. Alle arbeidskrav må vera godkjende for at ein skal få emnekarakteren bestått.

Fagressursar

Emne 1 Mikrobiologi, hygiene og smittevern

Obligatorisk litteratur

ISBN - nummer

Steen M, Degré M (2020): Mikrober, helse og sykdom. Gyldendal, Oslo. 3. utgave.

9788205523883

Akselsen, PE. (2018) Smittevern i helsetjenesten. Gyldendal 3.utg.

 

Huys, J. (2022) Rengjøring, Desinfeksjon og sterilisering av medisinsk utstyr -kan kjøpes hos Norsk forening for sterilforsyning

 

https://www.fhi.no/nettpub/smittevernveilederen/temakapitler/09.-basale-smittevernrutiner-i-hels/

 

 

Tilleggslitteratur/Oppslagsverk

 

Andersen, B.M. (2014) Håndbok i hygiene og smittevern for sykehus-Del 1, mikrobiologi og smittevern. Oslo. Fagbokforlag

9788245016819

Andersen, B.M. (2016) Håndbok i hygiene og smittevern for sykehus-Del 2, Praksis og teori. Oslo. Elefantus

9788293274643

Dåvøy, G. A. M., Eide, H.P., Hansen, I.(red.) (2018) Operasjonssykepleie. (2.utg.) Oslo, Gyldendal akademisk

9788205490406

Hauff,K.,Stølsnes T., Berg,B. (1998) Sterilforsyning i helsetjenesten

978-82-13-02011-4

 

 

 

Standarder:

Luftkvalitet:

NS-EN ISO 14644-1:1999: Renrom og tilhørende kontrollerte omgivelser - Del 1: Klassifisering av luftrenhet (ISO 14644-1:1999)

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Sterilforsyning og smittevern i helsetenesta

Emneansvarlig

Kjersti Nævdal
Marianne Moberg