64HH95E Praksis
Emnefakta
- FagområdeHelsefag
- Studiepoeng12
- StudiestadNordnes
- StudieprogramPsykisk helsearbeid og rusarbeid
- Startsemester2023 Haust
Om emnet
Emnet omhandlar utdanningas praksisdel. Praksis kan gjennomførast på eigen arbeidsplass som eit utviklingsarbeid, eller på annan relevant arbeidsstad. Hensikten med praksis er at studenten skal sjå teori i sammanheng med praktiske problemstillingar og oppgåver i yrkesfeltet. Det er det overordna læringsutbyttet som skal vurderast i praksisemnet.
Gjennom praksis skal studentane få eit læringsutbyte som speglar innhaldet i teoriemna. Praksis er ein obligatorisk del av utdanninga, og skal ha eit omfang på 10 veker (300 timer). Praksis skal gjennomførast etter emne 4.
Praksisplass og plan for gjennomføring må alltid godkjennast av skulen. Det er mogleg å velja mellom to ulike former for gjennomføring:
A Praksisutplassering på ein arbeidsplass
som tilbyr helse- og omsorgstenester til menneske med psykiske og/eller ruslidingar; tenester som omfattar førebyggjande tiltak, rehabilitering/habilitering etc. Denne praksisforma vert tilrådd for studentar som ikkje har sitt daglege arbeid innan fagfeltet og treng praktisk erfaring frå slike arbeidsplassar. Denne praksisforma kan ikkje avviklast på tidlegare arbeidsstad.
B Praksis gjennomført som prosjektarbeid på eigen arbeidsplass.
Dette er aktuelt for studentar som har sitt daglege arbeid innan fagfeltet. Prosjektarbeidet skal gjennomførast i samsvar med fastlagte retningslinjer. Prosjektarbeidet har som målsetting å bidra til fagutvikling i praksisfeltet som også kjem pasienten/ brukaren til gode.
Det er viktig at det vert gjort formell avtale mellom studenten og arbeidsgjevar, slik at studenten får tilstrekkeleg tid til sitt prosjektarbeid. Alle studentar som er ute i praksis – anten det er på eigen eller ein annen arbeidsplass, skal ha rettleiing. Målet med rettleiinga er at studenten lærer å reflektera over eigen faglege utvikling og der igjennom byggjer opp sin kompetanse i arbeidet med pasientar/brukarar i fagfeltet
Praksis er ein viktig del av opplæringa, innhaldsmessig ein del av emne 2-4, og skal bidra til å styrkja studentens sjølvkjensle og motivasjon for eiga utvikling og utvikla evne til refleksjon kring eiga og andre si yrkesrolle.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om psykiske lidingar, psykisk helsearbeid og rusarbeid og kva omgrep, prosessar og verktøy som er sentrale innanfor dette fagområdet
- har innsikt i sentrale lover, forskrifter og rettleiarar som regulerer rettar og plikter og gir anbefalingar innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
- har bransjekunnskap og kjennskap til korleis tenester er organiserte innan psykisk helsearbeid og rusarbeid i helse- og omsorgs- og oppvekstsektoren
- kan oppdatera sin yrkesfaglege kunnskap om psykisk helsearbeid og rusarbeid
- forstår betydninga av arbeid med psykiske helse og rus i eit folkehelse- og samfunnsperspektiv
Ferdigheter
Studenten:
- kan anvenda fagleg kunnskap og samhandlingskompetanse ved praktiske og teoretiske problemstillingar innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
- kan anvenda relevante faglege verktøy og teknikkar for å fremma psykisk helse, førebygga rusproblematikk og bidra til meistring hos ulike aldersgrupper
- kan finne informasjon og fagstoff innan psykisk helsearbeid og rusarbeid som er relevant for ei yrkesfaglig problemstilling
- kan kartlegga ein situasjon og identifisera faglege problemstillingar innan psykisk helsearbeid og rusarbeid og behov for iverksetting av tiltak
Generell kompetanse
Studenten:
- har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp, utfordringar og dilemma innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i utøving av yrket som kjem fram i refleksjonar og handlingar, samt i møte med mangfald, migrasjonshelse, ulike kulturar og urfolk
- kan utføra arbeidet innan psykisk helsearbeid og rusarbeid etter utvalgte målgruppers behov
- kan bygge relasjonar med pasient/brukar, pårørande, fagfeller, tverrfagleg og med eksterne målgrupper innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
- kan utvikla arbeidsmetodar for å vidareutvikla beste praksis på eigen arbeidsplass
Arbeidsinnsats
Dei 300 timane i praksis inkluderer to skuledagar. Det er sett av 52 timar til asynkron undervisning i praksis. Dette talet inkluderer arbeid med refleksjonsloggar, arbeid med praksisoppgåve/utviklingsarbeid og studiedagar.
Vurdering
Praksisperioden strekkjer seg over 10 veker. Studentane går fulle arbeidsveker i praksis. Det vil bli lagt inn to skuledagar i praksisperioden. Det er knytt arbeidskrav mot desse to skuledagane. Praksis blir vurdert til bestått/ikkje bestått.
Det er utarbeidd eigen plan for praksis.
Studenten må bestå praksis før han kan gå opp til avsluttande eksamen etter emne 5.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Praksis | 300 | |
Asynkron undervisning | 52 |
Arbeidskrav
· 10 refleksjonsloggar
· 2 skuledagar med presentasjon av oppgåve
· Praksisoppgåve eller utviklingsprosjekt
Fagressursar
Praksis
Litteraturliste kjem