64HH95E Praksis
Emnefakta
- FagområdeHelsefag
- Studiepoeng12
- StudiestadNordnes
- StudieprogramPsykisk helsearbeid og rusarbeid
- Startsemester2026 Haust
Om emnet
Emnet omhandlar utdanningas praksisdel. Praksis kan gjennomførast på eigen arbeidsplass som eit utviklingsarbeid, eller på annan relevant arbeidsstad. Hensikten med praksis er at studenten skal sjå teori i sammanheng med praktiske problemstillingar og oppgåver i yrkesfeltet. Det er det overordna læringsutbyttet som skal vurderast i praksisemnet.
Praksis: Studiet omfattar 10 veker med minimum 240 timar med veileda praksis ved relevante institusjonar eller arenaer. Gjennom praksisperioden får studentane rettleiing i miljøarbeid frå ein medarbeidar med minimum vidareutdanning for fagarbeidarar, samt oppfølging frå lærar når det gjeld evaluering av ferdigheiter.
Skolen kan skaffe relevant praksisplass til studentar. For studentar som er tilsett i relevant omsorgsteneste, kan praksis gjennomførast på eigen arbeidsplass. Nattevakter er ikkje godkjent praksis. Studenten skal også gjennomføre eit utviklingsarbeid. Rammer for praksis er beskrive i praksisplanen, og praksis er ein obligatorisk del av studiet. Praksis skal bidra til å auke studentens bevisstheit og motivasjon for eigen utvikling.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om psykiske lidingar, psykisk helsearbeid og rusarbeid og kva omgrep, prosessar og verktøy som er sentrale innanfor dette fagområdet
- har innsikt i sentrale lover, forskrifter og rettleiarar som regulerer rettar og plikter og gir anbefalingar innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
- har bransjekunnskap og kjennskap til korleis tenester er organiserte innan psykisk helsearbeid og rusarbeid i helse- og omsorgs- og oppvekstsektoren
- kan oppdatera sin yrkesfaglege kunnskap om psykisk helsearbeid og rusarbeid
- forstår betydninga av arbeid med psykiske helse og rus i eit folkehelse- og samfunnsperspektiv
Ferdigheter
Studenten:
- kan anvenda fagleg kunnskap og samhandlingskompetanse ved praktiske og teoretiske problemstillingar innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
- kan anvenda relevante faglege verktøy og teknikkar for å fremma psykisk helse, førebygga rusproblematikk og bidra til meistring hos ulike aldersgrupper
- kan finne informasjon og fagstoff innan psykisk helsearbeid og rusarbeid som er relevant for ei yrkesfaglig problemstilling
- kan kartlegga ein situasjon og identifisera faglege problemstillingar innan psykisk helsearbeid og rusarbeid og behov for iverksetting av tiltak
Generell kompetanse
Studenten:
- har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp, utfordringar og dilemma innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i utøving av yrket som kjem fram i refleksjonar og handlingar, samt i møte med mangfald, migrasjonshelse, ulike kulturar og urfolk
- kan utføra arbeidet innan psykisk helsearbeid og rusarbeid etter utvalgte målgruppers behov
- kan bygge relasjonar med pasient/brukar, pårørande, fagfeller, tverrfagleg og med eksterne målgrupper innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
- kan utvikla arbeidsmetodar for å vidareutvikla beste praksis på eigen arbeidsplass
Arbeidsinnsats
Studiet omfattar 10 veker med totalt 225 timar med veileda praksis.
Vurdering
Vurderingskrav (bestått/ikkje bestått):
- 240 timer praksis tilsvarer ca 3 vakter per veke
- Midtevaluering og sluttevaluering med praksisrettleier
- 1 Praksisoppgåve eller utviklingsprosjekt ved emnets slutt
For å ha rett til å gå opp til vurdering i emnet, så må dei obligatoriske læringsaktivitetane vere fullført og godkjent. Alle vurderingskrav må være bestått for å få bestått emnet og kunne gå vidare til neste emne.
Arbeidskrav
- 5 refleksjonsloggar
- 2 digitale skuledagar med presentasjon av praksisplassen og etisk dilemma
For å ha rett til å gå opp til vurdering i emnet, så må arbeidskrava vere fullført og godkjent.
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Psykisk helsearbeid og rusarbeid