64HH95D Målretta miljøarbeid- brukarmedverknad og relasjonskompetanse i praksis

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Helsefag
    • Studiepoeng
      10
    • Studiestad
      Nordnes
    • Studieprogram
      Psykisk helsearbeid og rusarbeid
    • Startsemester
      2025 Vår

Om emnet

Emnet omhandlar bruk av målretta miljøarbeid for å fremma helse, forebygga psykiske lidingar og ruslidingar. Emnet gir også innsikt i ulike metodar, tiltak, rettar og plikter knytt til arbeid med psykisk helsearbeid og rusarbeid.

Tema som inngår i emnet:

  • Brukarmedverknad
  •  Aktuelle lovverk, styringsdokument og rettleiarar
  •  Tvang og makt
  •  Målretta miljøarbeid

·                     Metodar, strategiar og tiltak i miljøarbeid

  •  Utvikling av relasjonskompetanse/refleksjon
  •  Kommunikasjon og samhandling

·                     Rettleiing av pasient/brukar og pårørande

·                     Fleirkulturell forståing i kommunikasjon og samhandling – bruk av tolk

·                     Tverrsektorielt, tverretatleg og tverrfagleg samarbeid

  •  Brukarorganisasjoner og frivilligheit
  •  Likemannsarbeid og sjølvhjelpsgrupper

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om omgrep, prosessar, samt faglege verktøy, metodar og tiltak innen målretta miljøarbeid som kan bidra til å forebygga psykiske helseplager og rusmiddelproblematikk
  • har innsikt i lov- og regelverk som er relevant for arbeid med psykisk helsearbeid og rusarbeid
  • har bransjekunnskap og kjennskap til målretta miljøarbeid i arbeidet med menneske med psykiske lidingar og ruslidingar
  • har bransjekunnskap og kjennskap til ulike tilbod for menneske med psykiske lidingar og ruslidingar
  • kan oppdatera sin yrkesfaglege kunnskap innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
  • forstår betydninga av målretta miljøarbeid i møte med psykiske lidingar og ruslidingar

Ferdigheter

Studenten:

  • kan anvenda fagleg kunnskap for å forebygga bruk av tvang og makt innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
  • kan anvenda relevante faglege verktøy og teknikkar i kommunikasjon og samhandling med pasientar/brukarar i ulike aldersgrupper
  • kan finna informasjon og fagstoff om målretta miljøarbeid som er relevant for brukarmedverknad, relasjonsbygging og samhandling med pasient/brukar og pårørande
  • kan kartlegga ein situasjon og identifisera faglege problemstillingar og behov for iverksetting av tiltak innan målretta miljøarbeid med menneske med problematikk knytt til psykiske lidingar og ruslidingar

Generell kompetanse

Studenten:

  • har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp som gjeld innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning i forhold til bruk av makt og tvang, samt til bruk av metodar, strategiar og tiltak innan målretta miljøarbeid
  • kan utføra arbeid med målretta miljøterapi i samsvar med behovet hos menneske med psykiske lidingar og ruslidingar, samt dera pårørende
  • kan bygga relasjonar med fagfeller og på tvers av fag for å ivareta behov for omsorg, behandling og oppfølging hos menneske med psykiske lidingar og ruslidingar
  • kan utvikla arbeidsmetodar som ivaretar tverrfagleg, tverretatleg og tverrsektorielt samarbeid som har relevans for psykisk helsearbeid og rusarbeid

Vurdering

  • 1 individuell oppgåve
  • 1 gruppeoppgåve med framlegg

For å gå videre til neste emne må alle arbeidskrav være godkjent og alle vurderingskrav være bestått.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Undervisning
72 Time(r)
Deltid
Asynkron undervisning
111 Time(r)
Deltid
Sjølvstudium
116 Time(r)
Deltid

Arbeidskrav

  • 5 refleksjonsloggar
  • 2 test deg sjølv

For å ha rett til å gå opp til vurdering i emnet, så må arbeidskrava vere fullført og bestått.

Fagressursar

Evjen, R., Kielland, K. B. og Øiern, T. (2018) Dobbelt opp. Oslo, Univ.forlaget

Lauveng, A. (2020) Grunnbok i psykisk helsearbeid, Universitetsforlaget.

Håkonsen, K.M. (2014) Psykologi og psykiske lidelser. Gyldendal Akademiske (kap 19)

Kunnskapssenteret: Modell for kvallitetsforbedring (10 s) http://www.helsebiblioteket.no/kvalitetsforbedring/slik-kommer-du-i-gang/modell-for- kvalitetsforbedring

Lingås, L. og Herheim, Å. (2008) Kommunikasjon og samarbeid – utvikling av relasjonskompetanse.

Cappelen Damm, (Kap 3-10)

Skau, G.M. (2013) mellom makt og hjelp. Oslo, Universitetsforlaget, 4. utg. Kap 1-7

Strand, L. (1990) Fra kaos mot samling, mestring og helhet, Oslo, Gyldendal akademisk kap. 3-

 

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Administrasjon
  • Psykisk helsearbeid og rusarbeid

Emneansvarlig

Bjarte Johnsen
kjersti.lyssand.lindbom@vlfk.no
Marianne Moberg
Rebecca Hoff Vangsnes