58TK51F Produksjon og foredling av fisk og sjømat

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Grøne og gastronomiske utdanningar
    • Studiepoeng
      12
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Hjeltnes
    • Studieprogram
      Lokal matkultur
    • Startsemester
      2025 Haust

Om emnet

  • Fiskeri
  • Havbruk
  • Sjømat

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  •  har kunnskap om aktuelle artar av fisk og skaldyr som vert nytta til mat før og no
  • har kunnskap om generell anatomi og fysiologi hos fisk og skaldyr
  • har kunnskap om forhold som påverkar kvalitet på sjømat
  • har kjennskap til produksjon og fangst av aktuelle fisk- og skaldyrarter
  • har kunnskap om bearbeiding og foredlingsmetoder av fisk og skaldyr til mat
  • har kunnskap om bearbeiding av sjømat frå råvare til bord
  • har kjennskap til ernæringsmessige forhold kring sjømat og forskjell mellom arter
  • har kunnskap om distribusjon og eksport av sjømat
  • har kunnskap om fiskerinæringa og deira produksjonar i Norge og Norden, både

Ferdigheter

Studenten:

  •  kan delta i arbeidet med bearbeiding av sjømat med ulike prosessar og foredlingsmetodar
  • kan behandle råvarer av bearbeida sjømat
  • kan vurdere kvalitet på råvarer og bearbeida sjømat

Generell kompetanse

Studenten:

  •  kan planlegge og anvende råvarer av sjømat inn i ferdige rettar til ulike kundegrupper
  • forstår kva produksjon- og fangstmetode betyr for kvaliteten på produkta
  • forstår dei etiske og miljømessige sidene på ein bærekraftig måte ved anvendelse av ulike arter for kommersiell bruk
  • har kjennskap til tradisjon, historie, geografi og klima knytta til bruk av ulike råvarer og rettar av sjømat

Undervisningsformer og aktivitet

Det vert gjennomført førelesningar av teori som vert følgt opp av demonstrasjonar og / eller praktisk arbeid. Deler av undervisninga kan føregå ute i skulen sine praktiske avdelingar, inne på produksjonskjøkkenet eller ute hjå aktuelle samarbeidsbedrifter. Emnet er praktisk retta.

Teori og førelesningar vert lagt ut på It`s learning, samt filmsnuttar /video av demonstrasjonar og praktisk arbeid.

Det vert gennomført bedriftsbesøk. 

Vurdering

  • 6 oppgåver / innleveringar
  • 2 prøver

Sluttvurdering basert på ei heilskapleg vurdering. 

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Timeplanfesta timer
57 Time(r)
Deltid
Egenstyrt aktivitet
283 Time(r)
Deltid

Arbeidskrav

  • obligatorisk deltaking på praksisdagar

Fagressursar

Stein Mortensen, Ragnar Nortvedt og Trond Wahl, (2008), Sjømat – råstoff, produksjon og anvendelse. Fagbokforlaget, ISBN: 978-82-529-30283

Lynum, Leif (1997), Fisk som råstoff, Tapir, ISBN: 9788251912549, 261 sider.

Hefter:
Haaland, Anders og Svihus, Årstein (2009)
Kyst-og havlandet Kyst Norge i et historisk perspektiv
Ressursar til låns Sild og anna pelagisk fisk
Den norsk-arktiske torsken og verden Torskefiskets historie
Åkeren kan også være blå Et riss av havbruksnæringen i Norge

 

http://www.kyst-norge.no/?k=2909

 

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Lokal matkultur

Emneansvarlig

Julie Gyllander
Andrid Solaas