58TB01K Lokal tilpassing - 2028 Haust

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Bygg
    • Studiepoeng
      15
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Nordnes
    • Studieprogram
      Bygg Nordnes
    • Startsemester
      2028 Haust

Om emnet

Emnet bygger vidare på tidlegare undervisning og har som mål å gi studentane kompetanse som tilfredsstiller krava til prosjektering i tiltaksklass 2.

Emnet omfattar følgande hovudtema:

  • Statikk, stål, - og betongkonstruksjoner, bygningsfysikk
  • Bygningsproduksjon, prosjektleiing, søknad, anleggsteknikk og forvaltning, drift og vedlikehald (FDV)

Undervisninga kombinerer teori med praktiske erfaringar frå bygg- og anleggsbransjen, slik at fagkunnskapen blir relevant og yrkesretta. Læringsaktivitetane er organisert rundt eit prosjekt der studentane skal planleggje og prosjektere ein industrihall av betong og stål, tilpassa ei konkret tomt i eit lokalt næringsområde.Gjennom prosjektarbeidet får studentane realistisk innsikt i prosjekteringsprosessen og erfaring med å nytte faglege metodar, digitale verktøy og teknologiske løysingar i samsvar med gjeldande krav og regelverk.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten har kunnskap om:

  • planlegging og forvaltning av større bygg
  • prosjektmodellar og prosjektadministrasjon

Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • prosjektere større konstruksjonar og anlegg ved hjelp av programvare
  • gjennomføre energiberekningar og energiklassifisering ved hjelp av programvare
  • utarbeide FDV-dokumentasjon for større bygningar
  • kalkulere større konstruksjonar og anlegg
  • gjennomføre prosjektoppfølging, teknisk, organisatorisk og økonomisk, i eit byggjeprosjekt
  • organisere tidsforbruk og ressursar/materialar, samt følge opp lønskostnader
  • utarbeide byggesøknad for større tiltak

Generell kompetanse

Studenten skal:

  • kunne prosjektere og leie gjennomføringa av ulike typar byggjeprosjekt
  • kunne analysere og løyse statiske modellar for bygningskonstruksjonar
  • kunne nytte aktuelle dataprogram ved prosjektering av stålkonstruksjonar, samt ved energiberekningar
  • kunne gjennomføre prosjektleiing

Undervisningsformar og aktivitetar

Studieplanen er grunnlag for all undervisning.

Undervisninga baserer seg i stor grad på lærebøker, faglitteratur, forelesingar, og arbeid med oppgåver og oppgåveløysing. Herunder eksempelstudiar, rapportar og prosjektarbeid. I tillegg blir det gjennomført ekskursjonar og bedriftsbesøk. Viss relevant blir det gjennomført laboratorieøvingar.

Aktivitet mellom samlingar for nettstøtta utdanning:

  • Lærar tilbyr rettleiing og undervisning over nettet
  • Student og lærar kommuniserer over læringsplattforma
  • Det kan bli nytta undervisning med video
  • Det blir lagt til rette for eigenstyrte læringsaktivitetar knytt til eksempeloppgåver/ øvingsoppgåver og prosjektarbeid
  • Det blir lagt til rette for at studenten kan tilpasse oppgaveløysing og prosjektarbeid til eiget fagfelt og praksis, innanfor rammene gitt i læringsutbyttebeskrivingane.

Det blir forventa at studenten har eit aktivt forhold til rettleiing.

Arbeidsinnsats

Timeplanfesta tid er timane som ligg i timeplanen. For deltidsstudiet er timeplanfesta tid timane på timeplanen på samlingar. Desse timane er på dagtid. Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer blant anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og eventuelle timar på kveldstid med lærar etter nærmare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudie i form av førebuing til timar, lese fagstoff osv.

Timane som er timeplanfesta er eit utgangspunkt, og timar kan bli overførte mellom emne på bakgrunn av klassen sine behov og etter ei nærmare pedagogisk vurdering.

Vurdering

Mappa består av:

  • Eit prosjektarbeid med eksempeloppgåver som leier fram til prosjektering av ein stålhall som eit næringsbygg i tiltaksklasse 2. Prosjektoppgåva vil innebere arbeid i gruppe, på skulen og som heimearbeid.
  • Ein emneprøve som reflekterer læringsutbyttet av prosjektarbeidet.

Emnekarakteren blir satt etter ei heilskapleg vurdering.

VurderingPraktisk infoAnnet
Vurderingsform
Mappevurdering
Karakterskala
A-F

Arbeidsmengde

AktivitetAktivitetsdetaljerVarighetStudieformKommentar
Timeplanfesta timar
186 Tima(r)
Heiltid
Eigenstyrt aktivitet
252 Tima(r)
Heiltid
Timeplanfesta timar
68 Tima(r)
Deltid
Eigenstyrt aktivitet
369 Tima(r)
Deltid

Obligatoriske læringsaktivitetar

Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga, med mindre emneplanen fastset ein annan gyldigheitsperiode under.

Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjente for å gå opp til eksamen.

Læringsaktivitetar

NamnKravKommentar
Krav om minimum 80 % frammøte i undervisninga
80%
1

Litteratur- og utstyrsliste

 

Abonnement på Standard.no etter avtale med faglærere

Emneansvarleg

Atle Østrem
Ottar Bård Thue