00TP01G Boreteknologi med fagleg leiing
Emnefakta
- FagområdePetroleum
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadNygård
- StudieprogramBoring
- Startsemester2026 Haust
Om emnet
- Boreteknologi m/simulatorøvelser
- Faglig ledelse (integrert)
- Formasjonslogging og evaluering
- Foringsrørdesign og brønnhoder
- "Plug & Abandonment"
- Brønnintervensjon
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om teoriar, fysiske forhold, verktøy og utstyr som har betyding for effektiv og sikker brønnboring
- har kunnskap om leiing i ein boreoperasjon
- har kunnskap om ulike boremetodar
- har kunnskap om kva som gjer at borestrengen køyrer seg fast, og korleis ein kan frigjere han
- har kunnskap om digitale verktøy innanfor boreteknologi
- har kunnskap om dimensjonering av fôringsrøyr basert på brønnforhold og aktuelle standardar
- har kunnskap om ulike loggeverktøy som blir brukte i brønn- og formasjonsevaluering
- har kunnskap om ulike metodar og verktøy som blir brukte i samband med sikker plugging og forlating av brønnar
- har innsikt i regelverk, standardar, avtalar og krav til kvalitet i samband med boring og forlating av brønnar
- kan vurdere sitt eige arbeid i samband med boring ut frå normer og krav
- har bransjekunnskap og kjennskap til yrkesfeltet innanfor boring
- kan oppdatere seg på boreteknologi og forlating av brønnar med ny teknologi og nye løysingar som er relevante for framtidig praksis
- kjenner til boreteknologiens historiske utvikling, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
- har innsikt i sine eigne utviklingsmoglegheiter på fagområdet boring
- forstår historia til borebransjen og veit kor viktig bransjen er for verdiskaping, samfunnsutvikling og framtidig energiomstilling
Ferdigheter
Studenten
- kan bruke berekningar til å gjere greie for belastingar, metodar og brønnbanegeometri som inngår ved boring av ein brønn
- kan gjere greie for fagleg val av fôringsrøyr til ulike forhold og operasjonar
- kan gjere greie for tolking av resultat frå formasjonslogging for å kunne planleggje og bore ein brønn
- kan gjere greie for metodar og krav som gjeld for plugging og forlating av ein brønn
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff om bore- og brønnoperasjonar for å finne dei rette kriteria for å byggje, plugge og forlate ein brønn
- kan reflektere over sine eigne faglege val av løysingar i samband med boreoperasjonar og forlating av brønnar og gjere eventuelle endringar basert på rettleiing
- kan kartleggje brønnforhold som kan føre til hòlproblem og ein «stuck pipe»-situasjon, og kan setje i verk nødvendige tiltak for å unngå dette og sørgje for eventuell frigjering
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og vere med og gjennomføre boring, bygging, plugging og forlating av ein brønn åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med dei etiske krava og retningslinjene som varetek miljø, personell og materiell
- kan utføre arbeidet etter operatørens behov, regelverk og standardar
- kan byggje relasjonar og utveksle synspunkt med fagfellar og på tvers av fag som er involverte i operasjonen, med sikte på å utvikle god praksis
- kan bidra til organisasjonsutvikling ved hjelp av rapporteringssystem
- kan utvikle arbeidsmetodar, detaljplanar og prosedyrar som er relevante for den aktuelle operasjonen, for å oppnå kontinuerleg forbetring
Undervisningsformer og aktivitet
Studieplanen er grunnlag for all undervisning.
Klasseromsundervisning/nettundervisning med forelesning, oppgaveløsning, video relatert til aktuelt lærestoff og simulatortrening.
Vurdering
2 skriftlege prøver
Kvar skriftlege prøve skal vekte 50 %.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 165 Time(r) | Heiltid |
Sjølvstudium | 118 Time(r) | Heiltid |
Arbeidskrav
- 1 arbeidskrav i form av innlevert teoretisk oppgaveløysing i emnet per termin.
- Arbeidskrav i form av 4 simulatorøvingar med godkjent innlevert rapport.
- Krav til minimum 80% frammøte til simulatorøvingar.
Fagressursar
Boreteknologi- E. Jørgensen Kompendier utlagt på it’s learning DDH
Støttelitteratur: IWCF Trykkontroll Manual Brg.Maritime
Kompendier utlagt på it’s learning
DDH
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Boring
Emneansvarlig
Ole Kristian Hollevik
Jaap Hofmeester