00TP00E Brønnbygging - 2026 Haust
Emnefakta
- FagområdePetroleum
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadNygård
- StudieprogramBoring
- Startsemester2026 Haust
Om emnet
- Borekunnskap m/simulatorøvingar
- Komplettering
- Brønnvæsker m/laboratorieøvingar
- HMS, kvalitet og leiing
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om ulike boremetodar frå fast og flytande installasjon for leite- og produksjonsbrønnar
- har kunnskap om overflate- og nedihullsutstyr som blir brukt i alle fasar under boring
- har kunnskap om boreproblem og boreparametere som sikrar gjennomføringa av ein effektiv boreoperasjon
- har kunnskap om kva som forårsaker fastkjøring av borestrengen og korleis ein kan frigjere strengen
- har kunnskap om utstyr og metodar som blir nytta for komplettering av ein produksjonsbrønn
- har kunnskap om samansettingar og funksjonar av ulike brønnvæsker
- har kunnskap om utstyr som blir nytta for å teste brønnvæskene på laboratorium
- har kunnskap om korleis arbeidet på boredekk blir utført på ein sikker måte
- kan vurdere egiet arbeid i forhold til gjeldande lovverk, NORSOK-standard og API-standard som gjeld for petroleumsbransjen
- kan oppdatere kompetansen sin innan brønnbygging gjennom kurs og videreutdanning
- kjenner til utviklinga frå dei første brønnar som blei bora til dagens avanserte brønnar både nasjonalt og internasjonalt
- kjenner til utviklinga av utstyr og brønnvæsker som blir brukt for å bore og for å klargjere brønnen for produksjon
- kjenner til HMS-historikken på norsk og internasjonal sokkel
- har innsikt i eigne mulegheiter for fagleg utvikling
Ferdigheiter
Studenten:
- kan gjere greie for vala sine av løysingar, utstyr og væsker som er tatt for ein sikker boreoperasjon og kompletteringsfase
- kan reflektere over eiga fagleg utøving under boring og komplettering av ein brønn offshore og justere ho under retleiing
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff angåande bygging av ein brønn offshore og vurdere relevansen for ein yrkesfagleg problemstilling
- kan kartlegge ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar, som fastkjøring av borestrengen under boring og kartlegge behov for iverksetting av tiltak
Generell kompetanse
Studenten:
- kan planlegge og gjennomføre boretekniske operasjonar og kompletteringsoperasjonar med passande brønnvæsker som deltakar eller leiar i gruppe, basert på oppgitt boreprogram i tråd med krav om null utslipp til miljø og gjeldande HMS-reglar
- kan utføre arbeidet etter operatøren sine behov
- kan bygge relasjonar med fagfellar innanfor boring og komplettering og på tvers av fag, som borevæskeingeniørar og sementere, samt med eksterne målgrupper, som plattformsjef, sikkerheitssjef og operatøren sine representantar
- kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innanfor bore- og brønnbransjen og delta i diskusjonar om utvikling av sikker og effektiv praksis
- kan bidra til organisasjonsutvikling innan eigen bore- og brønnorganisasjon
Undervisningsformar og aktivitetar
Studieplanen er grunnlag for all undervisning.
Klasseromsundervisning/nettundervisning med forelesing, oppgaveløysing, video relatert til aktuelt lærestoff, laboratorieøvingar og simulatortrening.
Vurdering
| Skriftleg tverrfagleg prøve |
| Vurdering | Praktisk info | Annet |
|---|---|---|
Vurderingsform Skriftleg skuleeksamen Sensortype Intern sensor Karakterskala A-F |
Arbeidsmengde
| Aktivitet | Aktivitetsdetaljer | Varighet | Studieform | Kommentar |
|---|---|---|---|---|
Timeplanfesta timer | 165 Tima(r) | Heiltid | ||
Eigenstyrt aktivitet | 118 Tima(r) | Heiltid |
Obligatoriske læringsaktivitetar
-
Obligatoriske læringsaktiviteter
Studentene skal gjennomføre og levere inn et gitt antall obligatoriske læringsaktiviteter
i emnet. Antall obligatoriske læringsaktiviteter er definert i Undervisningsplan/Periodeplan for faget.
Obligatoriske læringsaktiviteter er teoretiske oppgaver, gjennomførte slamlaboratorieøvelser og gjennomførte arbeidskrav på boresimulator
Studentene vurderes ut fra gjennomførte emneprøver. Karakterer gis iht. fagskolens karakterskala
Læringsaktivitetar
| Namn | Krav | Kommentar |
|---|---|---|
Undervegspresentasjon Semester |
Litteratur- og utstyrsliste
Gjermund Kolle og Rune Mesel: Brønnvæsker Kompendier lagt ut på it’s learning Boreteknologi 1 og 2-Einar Framnes m/flere Boreplattformen m/utstyr - Framnes/Gledich Boreteknologi - E. Jørgensen
DDH – Drilling Data Handbook
Helse, miljø og sikkerhet for oljebransjen