2MNK172-2 Norsk 1, emne 2: Lese og skriveopplæring

    • Emnekode
      2MNK172-2
    • Studiepoeng
      15
    • Undervisningssemestre
      2024 Høst
    • Undervisningsspråk
      Norsk
    • Undervisningssted
      Hamar
    • Forkunnskapskrav

      Anbefalte forkunnskapar: 2MNK172-1 Norsk 1, emne 1

Emnets innhold
  • Barns munnlege og skriftlege språkutvikling og språklæring, inkludert fleirspråkleg utvikling og fleirspråkleg praksis
  • Gryande skriftspråkkompetanse i overgangen barnehage - skole
  • Tidleg innsats og begynnaropplæring i lesing og skriving  
  • Teoriar om lesing og skriving og metodar innan lese- og skriveopplæring
  • Tilpassing av lese- og skriveopplæring for barn med ulike behov
  • Utvikling av lese- og skrivestrategiar for ulike typar tekstar 
  • Teikn på lese-, skrive- og språkvanskar
  • Språket som system og språket i bruk
  • Analyse og vurdering av læremiddel for grunnleggjande leseopplæring
  • Analyse av læreverk og erfaring med å utforme problemstillingar (FoU)
  • Samandrag av vitskapleg artikkel (FoU)
  • Arbeid med utvikling av eige munnleg og skriftleg fagspråk og  gi respons til medstudentar si skriving med særleg vekt på akademisk skriving.

Læringsutbytte

Ved bestått emne har studenten oppnådd følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten 

  • har kunnskap om lese- og skriveopplæringa sin plass i gjeldande læreplaner for grunnskolen og om korleis opplæringa kan byggje på elevane sine føresetnader    
  • har brei kunnskap om teoriar, metodar og relevant forsking i lese- og skriveopplæring for trinn 1 – 7
  • har inngåande kunnskap om begynnaropplæring og tidleg innsats i norskfaget
  • har kunnskap om vurdering i norskfaget, mellom anna ulike kartleggingsverktøy og nasjonale prøver for trinn 1–7
  • har omfattande kunnskap om barns munnlege og skriftlege språkutvikling i formelle og uformelle læringssituasjonar
  • har kunnskap om språket som system og språket i bruk
  • har kunnskap om språkleg identitet, samisk, norsk som andrespråk og fleirspråklegheit
Ferdigheter

Studenten 

  • kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i norskopplæringa og grunngi fagdidaktiske val som skal fremje munnleg og skriftleg språkutvikling for alle elevar
  • kan sette i verk tidleg innsats og sikre progresjon i begynnaropplæringa i lesing og skriving
  • kan bruke varierte metodar i den første og den vidare lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
  • kan kjenne att teikn på lese-, skrive- og språkvanskar
  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
  • kan vurdere norskfaglege læremiddel for begynnaropplæring, inkludert digitale ressursar
Generell kompetanse

Studenten 

  • kan legge til rette for at elevane utviklar og vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter
  • kan planlegge og gjennomføre norskopplæring og gjere greie for fagdidaktiske val tilpassa elevane
  • kan vurdere eigen praksis med utgangspunkt i gjeldande læreplanar og forskingsbasert kunnskap frå fag og fagdidaktikk  
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert lagt opp i form av forelesingar, seminar, arbeid i grupper og individuelt. Aktiv deltaking i undervisninga og på høgskulens IKT-baserte studiestøttesystem er ein viktig del av studiet. Arbeidsformene er vidare spesifiserte i undervisningsplanen. 

Praksis

Praksisstudiet er ein integrert del av faga som inngår i utdanninga. Alle fag i utdanninga har saman med praksisstudiet ansvar for at studentane utviklar ein identitet som lærar. Det skal vere ei nær kopling mellom innhald og arbeidsmåtar i lærarutdanningsfaga og praksisstudiet. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for faglærarane i grunnskulelærarutdanningane, praksislærar og rektor.

Studentane skal utføre oppgåver i praksisperioden ut frå undervisningsplanen og delta på profesjonsseminar på høgskulen.

Obligatoriske aktiviteter
  • Gruppearbeid: Munnleg presentasjon med skriftleg støtte av eit læreverk for den første lese- og skriveopplæringa.
  • To individuelle, skriftlege fagtekstar over oppgitt emne innanfor lesing og skriving (Minst ein tekst skal vere samandrag av vitskapleg artikkel). Begge målformer må vere representerte.
  • Korte faglege innspel knytt til emne i pensum eller til medstudentane si skriving, som spesifisert i undervisningsplanen.
  • 75 % obligatorisk frammøte til undervisning slik det går fram av undervisningsplanen. Studenten har sjølv ansvar for å bli registrert.
Eksamen
VurderingsordningKarakterskalaGruppe/individuellVarighetHjelpemidlerAndelKommentar
Skriftlig eksamen med tilsyn
ECTS - A-F
Individuell
5 Time(r)
  • Ordbok
Tillatte hjelpemidler til eksamen
Digital ordliste, tilgjengeleg på nett under eksamen.
Eksamen

Fem timar individuell skriftleg eksamen.

Målform: Bokmål.

Prestasjonen blir vurdert med graderte bokstavkarakterar frå A-F, der E er lågaste ståkarakter.

Emnet overlapper med
NavnStudiepoengDatoKommentar
2MNK171-1 Norsk 1, emne 1: Lese- og skriveopplæring
Emnenavn på engelsk: 
Norwegian: Literacy teaching
Emnenavn på nynorsk: 
Norsk 1, emne 2: Lese og skriveopplæring
Fakultet
Fakultet for lærerutdanning og pedagogikk
Fagområde
5-årig masterprogram i grunnskolelærerutdanning 1-7 trinn
Studieprogram
Grunnskolelærerutdanning for trinn 1-7
Emnenivå
Grunnleggende emner, nivå I (100-LN)