Leiing i havbruksoperasjonar - 2026 Haust
Studiefakta
- FagområdeMarin
- Studiepoeng60
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadMåløy
- StudieformDeltid
- Startsemester2026 Haust
Leiing i havbruksoperasjonar
Antall studieplasser
Om studiet
«Leiing i havbruksoperasjonar» skal utdanne personell på leiarnivå til sjøbasert servicenæring. Utdanninga skal bidra til ein økt formalkvalifikasjon, der leiing, sikkerheit og fiskevelferd er sentrale område i opplæringa.
Utdanninga skal sikre tilgang til kvalifisert arbeidskraft til ein del av sjømatnæringa i sterk vekst, der næringa sjølv peiker på heilskapleg kompetanse og der spesielt leiing av arbeidsoperasjonar er eit kjernepunkt.
Utdanningen er retta mot mellomleiar- og leiarnivået. Kandidaten skal kunne leie operasjonar som desse utfører på/i tilknytning til sjøbaserte akvakulturanlegg, med servicebåtar eller andre mobile installasjonar som for eksempel avlusingsflåter. Desse operasjonane blir definert som «havbruksoperasjonar».
Kandidaten skal kunne leie operasjonar som
- avlusing av fisk eksempelvis i merd, brønnbåt og avlusingsflåter
- bistand og dokumentasjon ved massedød av fisk
- montering, utsetting, inspeksjon og vedlikehald av fortøyningssystem til havbruksanlegg og havbruksinstallasjonar, som til døme fôrflåter
- reingjøring av oppdrettsnøter, oppdrettsanlegg og installasjonar i sjø
- skiftning og opptak av oppdrettsnøter
Studentane skal få ei fremtidsretta, oppdatert og direkte yrkesretta utdanning i leiing av havbruksoperasjonar, som skal gi eit kompetansenivå som gjer dem attraktive i alle typer bedrifter som jobbar med slike arbeidsoperasjonar.
Utdanninga kvalifiserar ikkje kandidatane til jobb som driftsleiar på matfiskanlegg, og eksempelvis kunnskap om driftsplanar, driftsplanlegging, fôring og fôrplanlegging inngår derfor ikkje i studiet. Fagbeskrivingane for studiet som gjeld drift av akvakulturanlegg i sjø, dannar ein felles bakgrunnskunnskap for kandidatane, og sikrer ei felles forståing for fiskevelferd i samband med leiing og gjennomføring av operasjonar i tilknytning til akvakulturanlegg.
Etter avsluttet studium skal studentane ha kunnskaper, ferdigheiter og generell kompetanse som gjer dem i stand til å gjennomføre og leie havbruksoperasjonar på ein sikker måte og i samsvar med lover, regelverk og anerkjente prinsipp.
- Opplæringa skal legge grunnlag for ein atferd som gjer at fiskevelferd og HMS for tilsette blir ivaretatt.
- Opplæringa skal gi studentane forståing for samspelet mellom teknologi, biologi, miljø og samfunn.
- Opplæringa skal bidra til å utvikle samarbeid, kommunikasjon og evnen til å kartlegge, vurdere og handle ut i frå situasjonar som oppstår.
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om konstruksjon, reparasjonar, vedlikehald og drift av havbruksinstallasjonar med tilhøyrande system
- har kunnskap om fiskevelferd, fiskehelse og adferd hos fisk
- har kunnskap om omgrep, metodar, prosessar og verktøy som blir nytta innanfor havbruksinstallasjonar og havbruksoperasjona.
- har innsikt i lover, forskrifter, standardar, prosedyrar og kvalitetskrav som regulerer havbruksnæringa
- har kunnskap om rømningssikkerheit og vern av havmiljøet
- har kunnskap om leiing av sikre havbruksoperasjonar
- har kunnskap om økonomi og administrativ leiing innanfor havbruksoperasjonar
- har kunnskap om sjømatbransjen både nasjonalt og internasjonalt og kjennskap til dei forskjellige rollene innan sjøbasert servicenæring
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om drift og vedlikehald av havbruksinstallasjonar med tilhøyrande system via relevante trykte og digitale media
- forstår sjømatnæringan si rolle i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte den faglege kunnskapen sin på praktiske og teoretiske problemstillingar i val av arbeidsmetodar, materialar, verktøy og digitale hjelpemiddel innanfor havbruksoperasjonar
- kan nytte den faglege kunnskapen sin om leiing av havbruksoperasjonar for å trygge drifta, sikre fiskevelferd, hindre rømming og vern av havmiljøet
- kan nytte verktøy, utstyr, manualer, teknikkar og uttrykksformer som er knytt til havbruksoperasjonar
- kan finne informasjon og fagstoff i lovverk, bransjetidsskrift, forskningsmiljøer og hos relaterte fagmiljøer som er relevant for ei problemstilling i tilknytning til havbruksoperasjonar
- kan kartleggje ein situasjon som oppstår ved gjennomføring av havbruksoperasjonar
- kan identifisere problemet og finne behov for iverksetting av tiltak
Generell kompetanse
Studenten
- har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp innan sjømatnæringa
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i utøvinga av havbruksoperasjonar
- kan utføre og leie arbeid i tilknytning til havbruksoperasjonar i tråd med lover, forskrifter, produsentene sine anbefalingar og anerkjente prinsipp og framgangsmåter
- kan bygge relasjonar med fagfeller gjennom arbeidet sitt i eit lokalt og globalt perspektiv på tvers av fag, samt med kunder og leverandørar av varer og tenester
- kan utvikle arbeidsmetodar og tenester i samsvar med driftshandbøker, prosedyrar, relevant lovverk og anerkjent sikkerheitspraksis
Opptak
Det generelle grunnlaget for opptak er
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med fagbrev
- realkompetanse
Fagbrev og svennebrev som kvalifiserer til opptak
Naturbruk
- Akvakulturfaget
- Fiske og fangst
Teknologi- og industrifag
- Matrosfaget
- Motormannfaget
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 22 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.
All praksis, utdanning og andre forhold som skal gi grunnlag for opptak, må dokumenteres med attesterte kopier. Attester for praksis må angi lengde på arbeidsforhold, stillingsprosent og arbeidsinnhold. Attester må videre være datert for å komme i betraktning. Attester regnes bare fram til datoen de er skrevet ut, selv om søkeren selv opplyser at arbeidsforholdet fortsatte utover dette tidspunkt.
Det kreves kunnskaper i norsk og engelsk tilsvarende VG2 yrkesfaglig utdanningsprogram, samt matematikk og naturfag tilsvarende VG1 på yrkesfaglig utdanningsprogram. Relevant praksis kan være innenfor tekniske fagområder (for eksempel akvakultur, mekaniske fag, maritime fag).
Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.
Organisering av studiet
Studiet er nettbasert med samlingar kor eitt år blir tatt over 2 år. Det er samlingar på til saman 240 timar med 5 samlingar à 3 dagar pr år, 8 timar per dag per gang. Rettleiing skal vere individuell, men noko kan med fordel også gjerast i gruppe etter ønske/behov. Totalt er det sett av 100 timar for rettleingsarbeid. I praksis er rettleiar tilgjengeleg på e-post, Teams og telefon også utanom fastsatte timar. Det vil si at dei studentane som har eit større behov for individuell rettleiing sjølklart kan få det.
Eigenstudiar er berekna til ca 10 timar pr uke i snitt (45 min) (totalt 820 timar over 2 år). Her vil nok behovet vere individuelt. Studentane sine føresetnader kan vere forskjellige. Se eigen oversikt i kapittel 3 for detaljert fag og timefordelingar.
Vurdering
Det er varierande med tal på obligatoriske læringsaktivitetar i kvart emne over 2 år. Obligatoriske læringsaktivitetar i kvart emne skal til saman dekke heile læringsutbyttebeskrivingane. For å kunne framstille seg for eksamen må alle obligatoriske læringsaktivitetar vere godkjente i kvart emne. Obligatoriske læringsaktivitetar blir vurdert til bestått/ikke bestått.
Kvalifisering for sluttvurdering
Studenter som skal fremstille seg til sluttvurdering må ha alle obligatoriske studentarbeid bestått, såkalte studieoppdrag. Det vil si at alle obligatoriske læringsaktiviteter i kvart emne må vere bestått. I dette inngår også at der det er integrert obligatoriske tester, simulatorøvingar eller munnlege høyringar må desse også vere bestått. Studentarbeidene skal til saman dekke alle læringsutbyttebeskrivingane som er skildra i det aktuelle emnet. Studiearbeid kan vere gruppearbeid, men skal da bli etterfulgt av ei individuell vurdering. Denne kan gjerast skriftlrg, praktisk/munnleg eller munnleg.
Fravær fra obligatoriske øvingar/simulatorøvingar/prosjekt/vurderingar resulterer i at aktiviteten skal gjennomførast før studenten kan fremstille seg til sluttvurdering. Studenten har to forsøk på å få eit studentarbeid bestått. I særlege tilfelle kan rektor gi dispensasjon for eit tredje og siste forsøk.
Dersom studentarbeida ikkje er levert innan frist fastsatt i studieplan, blir dette rekna dette som eit forsøk. Fristen for andre forsøk er ti (10) virkedagar frå innleveringsfrist for fyrste forsøk. I særskilte tilfeller kan rektor gi utsatt innleveringsfrist etter skriftleg søknad. Søknaden må fremstillast minimum tre dagar før innleveringsfristen utløper.
Sluttvurdering
For å kunne fremstille seg for eksamen må kriteria for studieoppdrag vere innfridd. Sjå kvalifisering for sluttvurdering. Det skal utarbeidast ein eksamen i kvart emne som er basert på studieoppdraga igjennom året og som setter den endelege karakteren på vitnemålet i dei forskjellige emna.
Sensorane skal ta utgangspunkt i heilskapen i besvaringa og vurdere den sentrale faglege kompetansen. Sensorane skal vurdere studenten si evne til å få fram korleis ho/han bruker dei teoretiske kunnskapane til å løyse utfordringane dei blir stilt overfor. Vurderinga skal vere ein total og heilskapleg vurdering av studenten sin kompetanse sett i forhold til dei måla og kriteria som er gitt i utfordringane.
- Krav til bestått er karakteren E: «Karakter E – Tilstrekkelig».
- Ved ordinær sensur av eksamen er det ekstern sensor og faglærar (lokal sensor) som foretar sensuren. Ved usemje er det ekstern sensor som beslutter.
- Ved skriftleg sluttvurdering kan kandidaten be om begrunnelse for karakterfastsettinga innan tre veker etter at resultatet ble klart. Ved munnleg eller kombinert sluttvurdering må kravet om begrunning framsettast eksamensdagen. Sensor kan velge om begrunninga skal gist skriftleg eller munnleg. Klagefristen blir utsatt når begrunning blir krevd, og vil da vere tre veker etter begrunning er mottatt eller kandidaten burde gjort seg kjent med resultatet.
KARAKTERSKALA
Måloppnåing og heilskapsforståing innanfor kvart fagområde vil ligge til grunn for vurderinga, som baserar seg på følgjande karakterskala:
| Symbol | Nemning | Generell, ikkje fagspesifikk skildring av vurderingskriterium |
| A | Framifrå | Framifrå prestasjon som klart utmerkar seg. Studenten viser svært god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende. |
| B | Meget god | Meget god prestasjon. Studenten viser meget god vurderingsevne og sjølvstende. |
| C | God | Jevnt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste område. Studenten viser god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda. |
| D | Nokså god | Ein akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Studenten viser ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende. |
| E | Tilstrekkeleg | Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Studenten viser liten vurderingsevne og sjølvstende. |
| F | Ikkje bestått | Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Studenten viser både manglande vurderingsevne og sjølvstende. |
| Emnekode | Emnebeskrivelse | Eksamensform. |
| 64PH06A | Leiarskap og organisering | 5 timer skriftlig. |
| 64PH06B | Fiskevelferd | 3 timer skriftlig. |
| 64PH06F | Havmiljøet | 2 timer skriftlig. |
| 64PH06C | Handtering og bruk av båt og utstyr | 2 timer skriftlig. |
| 64PH06D | Fortøyningar og anlegg i sjø | 3 timer skriftlig. |
| 64PH06E | Arbeidsoperasjonar med simulatortrening | 3 timer skriftlig. |
Sluttdokumentasjon
Fullført og bestått fagskuleutdanning på 60 stp gir vitnemål og ein fagskulegrad.
Vitnemålet skal innehalde
- emne som inngår i utdanninga
- omfang av emne og oppnådd karakter
- overordna læringsutbytte
- nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) 5.2 og kvalifikasjonen som blei oppnådd
- karaktersystemet som blir brukt og tal på studiepoeng
- namn på utdanning og tittel på hovudprosjektet
Begrepet Vocational Diploma (VD) blir brukt på vitnemålet for å sikre at det også kan brukast internasjonalt.
Studenter som ikkje har fullført heile utdanninga, kan be om eit kompetansebevis som viser fullførte og beståtte emne og eventuelle eksamenar.