Industriell isolering

  • Studiefakta

    • Fagområde
      Maskinteknikk
    • Studiepoeng
      30
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
    • Studiestad
      Stord
    • Studieform
      Deltid
    • Startsemester
      2025 Haust

Industriell isolering

Om studiet

Leverandørindustrien i Norge generelt er i omstilling. På den eine sida pågår det ein omfattande utvikling og implementering av ny teknologi, særleg nye digitale løysningar. På den andre sida ser vi at nye kompetansekrav frå næringslivet krever at den enkelte bedrift i dag må dokumentere kompetanse for dei tilsette på ein annan måte enn tidlegare. Utan dokumentert kompetanse for dei tilsette vil bedrifter i dag ofte ikkje komme i betraktning ved eventuell tildeling av arbeidsoppdrag.

Studiet industriell isolering er retta mot det praktiske berekning og planlegging av tekniske konstruksjonar, kvalitetssikring, prosjektarbeid og prosjektleiing. Dette er kunnskap som er nødvendig for kontroll og analyse av eksisterende tekniske løysingar. I tillegg er det også nødvendig for effektiv utvikling av nye løysingar. Utdanninga er bygd opp i samarbeid med regional industri, som har eit kontinuerlig behov for dyktige fagskoleingeniørar.

Læringsutbyte

Læringsutbyttebeskrivingane viser det kandidatene skal kunne etter fullført studie i Industriell isolering i form av kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap

  • har kunnskap om omgrep, teoriar, modellar, prosessar og verktøy som blir nytta innan isoleringsbransjen.
  • har kunnskap om berekningsmodellar, digitale produksjonsteknikkar og digitale produksjonsverktøy innan bransjen.
  • kjenner til isoleringsbransjen sin historie, tradisjon, eigenart og plass i samfunnet lokalt, nasjonalt og internasjonalt med omsyn til isoleringsbransjen.
  • Har innsikt i eige utviklingsmoglegheiter innanfor bransjen og kan innhente og bruke relevant litteratur for å halde seg fagleg oppdatert innan isolasjonsfaget

Ferdigheter

  • kan inspisere ferdig utført arbeid og verifisera at arbeidet er  fagmessig utført i samsvar med gjeldande regleverk og standardar
  • Kan gjere reie for dei faglege vala sine av modellar, løysingar og produkt som blir nytta innan fagområdet.
  • kan reflektera over eiga fagleg utøving og under veiledning forbetre og vidareutvikla løysingane 
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff som er relevant for ulike problemstillingar innan Isolasjonsfaget
  • kan kartlegge og identifisere utfordringar knytta til industrielle produksjonsprosessar samt iverksette tiltak og utvikle produksjonsprosessane.

Generell kompetanse

  • kan planlegge, prosjektere og gjennomføre Isolasjonstekniske arbeidsoppgåver og prosjekt aleine, og som deltakar i ei gruppe. I tråd med krav og retningslinjer innanfor standardar og regelverk nasjonalt og internasjonalt
  • kan utføre inspeksjon på utført jobb og at den tilfredsstiller krava i gjeldande standardar
  • kan utveksle synspunkt på isoleringstekniske problemstillingar med andre med same bakgrunn innanfor Isoleringsbransjen og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
  • kan kartlegge ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar innanfor isolasjonstekniske oppgåver, utvikling av produkt og løysingar, og behov for iverksetting av tiltak
  • kan planlegge, prosjektere og gjennomføre løysingar innanfor enkeltståande isoleringsprosjekt

Opptak

Opptak av studenter til Fagskulen Vestland skjer gjennom Samordna Opptak. Ordinær søknadsfrist til fagskoleutdanning er 15. april.

Retningslinjer for å søke opptak som student ved fagskulen finnes på hjemmesida til skulen.

Formelle opptakskrav

Grunnlag for opptak til studietilbod er:

Fullført og bestått Fagskule utdanning innenfor tekniske fag eller,

fullført og bestått vidaregåande opplæring med fagbrev/svennebrev/vitnemål frå relevant yrkesutdanning frå vidaregåande skule.

Relevant yrkesutdanning for studiet er:

Aluminiumskonstruksjonsfaget

Anleggsrørleggerfaget

Bygg drifter faget

Brannforebygger

Finmekanikerfaget

Industrimekanikerfaget

Industrimontørfaget

Industrioppmålingsfaget

Industriell overflatebehandling

Industrirørleggerfaget

Industrisømfaget

Industrisnekkerfaget

Industritapetsererfaget

Industritekstilfaget

Isolatørfaget

Kjemiprosessfaget

Laboratoriefaget

Malerfaget

Motormekanikerfaget

Motormannfaget

Murer- og flisleggerfaget

Maler- og overflateteknikkfaget

NDT-kontrollørfaget

Platearbeiderfaget

Rørleggerfaget

Stillasbyggerfaget

Sveisefaget

Tømrerfaget

Ventilasjons- og blikkenslagerfaget

Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Realkompetanse er all den relevante kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.

Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.

Organisering av studiet

Studiet er bygd opp av emne. Kvart emne blir tildelt studiepoeng etter den relative vekta det har i arbeidsbelastning for studentane og læringsutbytte innanfor utdanninga.

Studiet vert organisert på deltid over eit år og studiet omhandlar både teoretiske timer i klasserom samt praksis i felt på egna arbeidsplass.

 

Arbeidsmengde i Industriell isolering

EmnebeskrivelseEgenstyrt
aktivitet
PraksisTimeplanfesta
timer
Sum
64TT74A Isolasjonslære1000150250
64TT74B Inspeksjon og teikningsforståing1000150250
64TT74C Praksis i felt / Prosjektoppgåve1501200270
Sum350120300770
Industriell isolering

Industriell isolering

Studiemodell

Industriell isolering

Læringsformer

Fagskulen Vestland legg til rette for læringsformer der studentene kan bruke denne kompetansen. Emne er betegnelsen på minste eining som skal vurderast med karakter, i tråd med praksis i anna tertiærutdanning.

Til kvart emne skal det utarbeidast arbeidskrav. Studentene sitt arbeid i forhold til disse krava skal samlast i ei mappe for kvart emne.

Tverrfaglege problemstillingar er det normale i arbeidslivet og er derfor godt egna til å demonstrere heilskapen i utdanninga. Arbeid med slike problemstillinger blir da sentralt i studiet.

Logg og refleksjon må difor ha ein sentral plass i læringsprosessen.

Hospitering i arbeidslivet blir brukt som eit ledd i utdanninga. Dette skal da vere relevant i forhold til studenten sin fordypning. Det må utarbeidast ein plan for hospitering.

Mappemetodikk

Mappemetodikk blir nytta for å få bedre samanheng og heilskap i læringsprosessen. Dette skal oppnås ved at arbeidsoppdrag ikkje er avslutta i det augeblink dei er leverte, men at det blir nytta som eit ledd i læringsprosessen og som eit grunnlag for veiledning til studenten om kva det må arbeidast vidare med.

Målet er ein tettare dialog mellom lærer og student om progresjon og utvikling i læreprosessen. Skulen vil benytte ulike læringsformer:

  • lærerstyrt undervisning og forelesingar
  • prosjektarbeid og prosjektoppgåver (både gruppe og individuelt)
  • individuelle arbeidsoppgåver
  • presentasjonar
  • nettbasert undervisning
  • rettleiing
  • lab-øvingar
  • Praksis i felt 

Undervisningsformer

Arbeidsformene skal vera relevante og formålstenlege i samsvar med læringsutbytteskildringane for utdanninga. Dette inneber at studentane i tillegg til fagleg utvikling også skal utvikla evne til sjølvstendig arbeid, kommunikasjon, samarbeid og praktisk yrkesutøving. Studentane skal vidare utvikla evne til å sjå teknologien i eit breiare samfunns- og miljøperspektiv og kunne gjennomføra etiske refleksjonar.

Studentane har praktisk erfaring innan eigne fagområde, som gir anledning til å legge til rette for erfaringsbaserte læringsformer. Variasjon i val av læringsmetodar er nødvendig for å oppnå ein heilskapleg kompetanse som omfattar både kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Prosjekt gir gode moglegheiter for opne problemstillingar som utfordrar studentane til å søkja gode, fagleg forsvarlege løysningar, der kreativitet og samarbeid blir styrkt. Samtidig får rettleiing ein naturleg plass i gjennomføringa av prosjekta.

Gjennom pedagogisk leiing skal studentane motiverast til sjølvstende og aktiv refleksjon over eigen læringsprosess. Det blir føresett at studentane tek initiativ og tek ansvar for eiga læring og felles læringsmiljø.

Nettstøtta studium er eit deltidsstudium som kombinerer nettbasert læring med samlingar på studiestad Nordnes. Studiet går over 1 år på deltid . 

Undervisninga kan vere synkron og asynkron, gruppearbeid, rettleiing, praktisk arbeid og sjølvstudium.

Læringsressursar kan inkludera; bøker, dokumentasjon, lenkjer til nettsider, videosnuttar, opptak av forelesingar m.m.

Vurdering

Vurdering blir gjennomført med emnekarakter for kvart emne, i samsvar med læringsutbyttebeskrivingane. Det blir nytta bokstavkarakter frå A til F.

Vurderinga har til hensikt å dokumentera læringsutbyttet til studenten og oppnådde kompetanse etter enda opplæring.

Vurdering blir gjennomført i samsvar med «Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland».

Pensumliste

Industriell isolering

EmnebeskrivelsePensumliste
64TT74A Isolasjonslære

Norsok M-004: 2018

Byggteknisk forskrift (TEK17)

Jan E Scheie, Kjell A Kleven, Bjørn Norheim Overflatebehandling mot Korrosjon, Oslo, Gyldendal undervisning ISBN 978820542891, 432 sider

Kompendiet frå skulen.

64TT74B Inspeksjon og teikningsforståing

Jan E Scheie, Kjell A Kleven, Bjørn Norheim Overflatebehandling mot Korrosjon, Oslo, Gyldendal undervisning ISBN 978820542891, 432 sider

Kompendiet frå skulen.

64TT74C Praksis i felt / Prosjektoppgåve

Kompendiet frå skulen.