Dekksoffiser på leiingsnivå Nygård
Studiefakta
- FagområdeMaritime Fag
- Studiepoeng120
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadNygård
- StudieformHeiltid
- Startsemester2023 Haust
Dekksoffiser på leiingsnivå Nygård
Om studiet
Fagskulen Vestland tilbyr studie i dekksoffisersutdanning og maskinoffisersutdanning. Målet med studiet er å utdanna skipsoffiserar med moral, gode haldningar, kompetanse og yrkesetikk
- som kjenneteiknar den kvaliteten som krevst for å møte morgondagens utfordringar. Fagskulen Vestland brukar moderne og avansert utstyr i undervisninga, som mellom anna maskinromsimulator, bru- og lastesimulator og radiosimulator.
Studiet går over to år på heiltid, og gjer 120 studiepoeng. Etter avslutta utdanning kan ein bli dekksoffiser eller maskinoffiser, og med tilstrekkelig fartstid bli kaptein eller maskinsjef. Studenten oppnår Høgare fagskulegrad.
Norge er blant dei leiande maritime nasjonane i verda. I dag er mange menneske direkte sysselsett i maritime bedrifter i alle fylker i landet, og verdiskapinga er høg. Eit viktig grunnlag for å oppretthalde og vidareutvikle våre sterke maritime sektorar er at norske skip eigast og drivast frå Noreg. Fagskulen Vestland er landets største fagskule innan maritim utdanning
Behovet for maritimt personell må sjåast i eit langsiktig perspektiv, der kompetanse og erfaring opparbeidd i jobb på havet òg kan nyttast i landbaserte stillingar. Det vil derfor vere viktig å utvikle gode studietilbod i fagskulen som kan vedlikehalde og vidareutvikle den maritime kompetansen næringa har behov for.
Målgruppe og yrkesmoglegheit
Utdanninga passer for deg som er interessert i en praktisk retta offisersutdanning for den maritime næringen
Dekksoffiserutdanninga har ei målgruppe på personar som har fullført og bestått vidaregåande opplæring med fagbrev som matros (Maritime fag), fagbrev som fiskar (Fiske- og fangst) eller med realkompetanse.
Dekksoffiserutdanninga tilfredsstiller både STCW A-II/1 (og B-II/1) og STCW A-II/2 (og B-II/2) og vil saman med nødvendig fartstid gi grunnlag for kompetansesertifikat for dekksoffiser klasse 4, 3, 2 og
1. Etter fullført utdanning, og nødvendig opplæringstid om bord (kadett-tid), vil du kunne segle som navigatør/dekksoffiser på alle skip i verda. Med tilstrekkeleg fartstid vil du også kunne arbeide som skipsførar/kaptein. Kompetansen du opparbeider deg gjennom praksis og fagskuleutdanninga er attraktiv for framtidige jobbar i den maritime næringa som los, inspektør, hos sjøfartsmyndigheitene, klasseselskap eller reiarlag.
Utdanninga gir deg 120 studiepoeng og generell studiekompetanse. Det er moglegheit til å bygge på utdanninga til maritim bachelorutdanning.
Opplæringa dekkjer kravet til teori for dei høgste maritime sertifikata i løpet av opplæringa, i høve til den internasjonale konvensjonen om normer for opplæring, sertifikat og vakthald for sjøfolk (STCW). Ein gjer derfor merksam på dei tilleggskrav om teori, praksis/fartstid, helse og vandel som gjeld for å løyse sertifikat. Helsekrav for offiserar og mannskap som skal tenestegjere på skip er spesifisert i
«Forskrift om helseundersøking av arbeidstakar på skip» : https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-06-05-805
Læringsutbyte
Læringsutbyttet skal beskrive kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse som studentane oppnår ved fullført utdanning. For alle utdanningar blir det utarbeidd læringsutbyttebeskrivingar (LUB) både på overordna nivå og for kvart emne i utdanninga. Utdanninga dekksoffiser er ei toårig utdanning på fagskulenivå, og høyrer heime på nivå 5.2 i NKR (Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring). Her er de overordna læringsutbyttebeskrivingar for dekksoffiserar:
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om skipskonstruksjon, vedlikehald og drift av skip med tilhøyrande verktøy og system, samt behandling av last, tilsvarande krav satt i STCW for overstyrmann og skipsførar.
- har kunnskap om navigering og planlegging av ein seglas tilsvarande krav i STCW for overstyrmenn og skipsførar
- har kunnskap om økonomi og leiing, norsk, engelsk, matematikk og fysikk tilsvarande krav beskrive i dei forskjellige funksjoner i STCW som gjelder for overstyrmenn ogskipsførar
- har kunnskap om vern av havmiljøet, eit skips sikkerheit og omsorg for personar om bord på skip
- kan vurdere eige arbeid som leiande dekksoffiser i forhold til IMO sine konvensjonar, regelverk, avtaleverk, prosedyrar og forskrifter
- har kunnskap om internasjonal skipsfart og kjennskap til maritim næring
- kan oppdatere sin yrkesfaglege kunnskap om marint miljø, maritim sikkerheit og drift avskip
- kjenner til skipsfartens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet både nasjonalt og internasjonalt
- har innsikt i egne utviklingsmoglegheiter i i bedrifta, hos verft og utstyrsleverandørar, samt relaterte yrker
Ferdigheter
Studenten:
- kan gjere reie for sine faglege val av metodar, prosesser og teknikkar i leiinga av skipets navigering, lasting/lossing og drift
- kan reflektere over sin eigen utøving som leiande dekksoffiser og justere denne under rettleiing
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff, regelverk, avtaleverk, prosedyrar og forskrifter og vurdere relevansen for drifta av skip
- kan kartlegge en situasjon som oppstår om bord, identifisere hvordan dette påvirker skipet sin sikkerheit og identifisere behov for å iverksette tiltak
Generell kompetanse
Studenten:
- kan planlegge og gjennomføre seglas, lasting og lossing samt andre prosjekt innan drift av skip, aleine og saman med kollegar om bord, i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan utføre arbeid med navigering, lasting/lossing, drift og overvaking av skip i tråd med lover, forskrifter, produsenten sine tilrådingar og verksemda sine interne regelverk
- kan bygge relasjonar med andre nautikarar, og på tvers av fag, samt med leverandørar av varer og tenester
- kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innan drift av skip, samt eksterne målgrupper som leverandørar, myndigheiter og klasseselskap, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis ved drift, vedlikehald og operasjon av skip
- kan bidra til organisasjonsutvikling om bord ved å ta i bruk nye arbeidsmetodar og ny teknologi.
Opptak
Opptak av studentar til Fagskulen Vestland skjer gjennom Samordna opptak. Dette gir felles kvalifikasjonskrav og reglar for poengutrekning for søkarar frå heile landet. Opptak av studentar skjer berre på grunnlag av poengutrekning og rangering (realkompetanse blir regna om til poeng). Dette gjer det mogeleg å sjå både tall og poengnivå på søkarar ved opptak til kvar fagskuleutdanning.
Søkaren bli vurdert etter poeng. Det skilast ikkje mellom realkompetanse eller formalkompetanse. Ordinær søknadsfrist er 15. april og Fagskulen Vestland har eiga forskrift om opptak til skulen: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2021-09-17-2913
Formelle opptakskrav
Det generelle kravet for opptak til 2 -årig maritim fagskule er:
- Fullført og greidd vidaregåande opplæring med fagbrev. Fagbrev som fiskar og matros til dekksoffiser.
- Relevant praksis utan fagbrev, men med realkompetanse i felles allmenne fag tilsvarande læreplanane i Vg1 og Vg2 i yrkesfaglege studie.
- Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen.
Søkjarar til maritim utdanning må i tillegg dokumentere bestått grunnleggande sikkerheitsopplæring (IMO60).
Søkarar med utanlandsk utdanning
Søkarar med fullført vidaregåande opplæring frå dei andre nordiske landa tilsvarande matros eller fiskar er kvalifiserte for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande krava til norsk toårig fagskule.
Søkarar utanfor Norden må dokumentere opplæring og praksis ved autorisert translatør og ha bestått eller ha likeverdig realkompetanse med vurderingskriteria over. Den faglege opplæringa må gje relevant opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande krava til fagskuleutdanning i Norge.
Søkar må ha kunnskapar i norsk tilsvarande «Test for høgare nivå» (Bergens-testen).
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Fagskulen Vestland gjennomfører realkompetansevurdering i tråd med NOKUT-forskrift §5 og retningslinjer frå Kompetanse Norge. Søkaren sin kompetanse vert vurdert opp mot læreplan i vidaregåande opplæring innan relevante yrkesutdanningar. Opptak gjort på bakgrunn av realkompetanse vil berre kunne nyttast for den utdanninga realkompetansevurderinga gjeld.
Søkaren må dokumentere kompetanse i fellesfag tilsvarande nivå 4 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR), og ha fylt 23 år i søknadsåret.
Vedtak om godkjenning av realkompetanse gjeld i utgangspunktet òg for seinare år. Vedtaket gjeld likevel berre i samsvar med studiet slik det gjennomførast på vurderingstidspunktet. Ved betydelege endringar i fag-, studie- eller rammeplanar, tar tilbydar atterhald om retten til å foreta ny vurdering, og eventuelt endre vedtaket.
Studenten kan få vurdert sin realkompetanse frå vidaregåande opplæring i regi av alle fylkeskommunar som i samarbeid med Norsk fagorgan for kompetansepolitikk utfører og dokumenterer slik realkompetanse. Det blir kravd slik godkjend dokumentasjon på realkompetanse i teoretiske fag.
Det er krav til kunnskapar i norsk og engelsk tilsvarande VG2 yrkesfagleg utdanningsprogram samt matematikk og naturfag tilsvarande VG1 på yrkesfagleg utdanningsprogram. Relevant praksis kan vere innanfor mekaniske fagområde (for eksempel verkstad, mekanisk industri, elektroinstallasjon), planlegging og innanfor logistikk og sjøfart.
- For søkarar til dekksoffisersutdanninga er det krav om minimum 30 månadar relevant fartstid på sertifikatpliktig fartøy. Relevant og bestått utdanning innanfor matrosfag eller fiske og fangst kan telle med inntil to år.
All praksis, utdanning og andre forhold som skal gje grunnlag for opptak, må dokumenterast. Attestar for praksis må angje lengda på arbeidsforhold, stillingsprosent og arbeidsinnhald. Attestar må vidare vere datert for å kome i betraktning. Attestar reknast berre fram til datoen dei er skrivne ut, sjølv om søkaren sjølv opplyser at arbeidsforholdet fortset utover dette tidspunktet.
Organisering av studiet
Dei neste tabellane gjev informasjon om emneoversikt, arbeidsbelastning og gjennomføring av ordinær utdanning.
Emna (to studieår)
Refererer til STCW 78 med endringar, kapittel A-II/1 og B-II/1 samt tabell A-II/1 og i kapittel A-II/2 og B- II/2 samt tabellane A-III/1 og A-II/2 i forskrifta
|
I tillegg til emna som er lista over kjem:
Kurs | STCW | Modellkurs |
Vidaregåande sikkerhetsopplærinng | A-VI/2 A-VI/3 A-VI/4-1 | IMO 1.23 IMO 2.03 IMO 1.14 |
Kurs i medisinsk behandling | A-VI/4-2 | IMO 1.15 |
Studiet sitt omfang
Normert arbeidsmengde pr. studieår for dette studiet er 1700 timer pr. år (samla 3400 timer), som fordeler seg på følgande måte: 16,5 timer pr. fagskulepoeng til timeplanfesta timer. I tillegg kjem 11,8 timer pr. fagskulepoeng som studenten legg til rette for sjølv gjennom eigenstudie.
Arbeidsmengde i Dekksoffiser på leiingsnivå Nygård
Emnebeskrivelse | Egenstyrt aktivitet | Timeplanfesta timer | Sjølvstudium | Sum |
---|---|---|---|---|
64TM05B Sjøveisregler og brovakthold | 0 | 50 | 35 | 85 |
00TM05D N GMDSS/GOC | 0 | 100 | 59 | 159 |
64TM05J Skipsteknikk og stabilitet | 0 | 83 | 59 | 142 |
64TM05N Sjørett | 0 | 83 | 59 | 142 |
00TM05G N Fysikk | 0 | 99 | 71 | 170 |
00TM05H N Matematikk | 71 | 99 | 0 | 170 |
64TM05C Kystseilas og grunnleggende navigasjon | 0 | 116 | 83 | 199 |
64TM05D Navigasjonssystemer | 0 | 99 | 71 | 170 |
64TM05E Manøvrering og operasjon av skip | 0 | 99 | 71 | 170 |
64TM05K Lasteteknikk, trim og dypgangsberegninger | 0 | 116 | 83 | 199 |
00TM05F N Maritim engelsk | 0 | 99 | 71 | 170 |
00TM05I N Norsk kommunikasjon | 0 | 99 | 71 | 170 |
64TM05F Oversjøisk seilas og navigasjon | 0 | 83 | 59 | 142 |
64TM05L Tanklasting | 0 | 132 | 95 | 227 |
64TM05I Helhetlige broøvelser i simulator | 0 | 99 | 71 | 170 |
64TM05O Ledelse | 0 | 182 | 130 | 312 |
64TM05A Avsluttende prosjekt i navigasjon og last | 0 | 50 | 35 | 85 |
64TM05G Skipsmaskineri og meterologi | 0 | 99 | 71 | 170 |
64TM05H Ny maritim teknologi | 0 | 33 | 24 | 57 |
64TM05M Tørrlasting og lekkstabilitet | 0 | 132 | 94 | 226 |
64TM05P Økonomi og rederidrift | 0 | 50 | 35 | 85 |
Sum | 71 | 2002 | 1347 | 3420 |
Læringsformer
Skolen vil nytta mange ulike læringsaktiviteter for at studentane skal nå overordna læringsutbytte for utdanninga.
- Lærarstyrt undervisning og førelesningar i klasserom
- Simulatorbruk
- Praktisk arbeid i skule
- Praktiske demonstrasjonar med logg og refleksjon
- Individuelle arbeidsoppgåver
- Prosjektarbeid og prosjektoppgåver (både gruppe og individuelt)
- Presentasjonar
- Bedriftsbesøk og studieturar
- Diskusjonar
Undervisningsformer
Undervisningsformene i studiet skal vere føremålstenlege i høve læringsutbytta for utdanninga og relevante for fagfeltet. Det vert lagt stor vekt varierte læringsaktiviteter og ei praktisk-teoretisk tilnærming i kvart emne. Det er viktig at studentane får både teoretisk og praktisk forståing av faget og bransjen.
I tillegg til fagleg utvikling skal studentane utvikle evne til samarbeid, kommunikasjon og praktisk problemløysing. Gjennom studiet vert det lagt opp til varierte gruppe- og prosjektarbeid der samarbeidet er eit mål i seg sjølv. Skulen forventar at studentane viser initiativ, tar ansvar for eige studiearbeid og felles læringsmiljø og viser ei konstruktiv og kritisk haldning til studiet. Studentane har praktisk erfaring innan eigne fagområde frå tidlegare utdanning/praksis, og dette gjev høve til å legge til rette for erfaringsbaserte og studentsentrerte læringsformer. Gjennom pedagogisk leiing skal studentane trekkast aktivt med og trenast opp til refleksjon omkring eigen læringsprosess. Variasjon i val av læringsaktivitetar er nødvendig for at studentane skal oppnå heilskapleg kompetanse som omfattar både kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Det vert nytta prosjektarbeid som læringsaktivitet i nokon emne, både individuelt og i grupper, tilpassa tema. Nokre prosjektarbeid vert avslutta med presentasjonar.
Studentane skal arbeide med teoretiske oppgåver, dokumentere demonstrasjonar og praksis med logg og refleksjon, samt diskusjonar i klassen. Læringsaktivitetane skal gjennom pedagogisk leiing motivere studentane til sjølvstendig og aktiv refleksjon over egne læringsprosess og bidra til at læringsutbytta for studiet vert nådd.
Fagskulen Vestland nyttar digitale læringsplattformar. Plattformane har funksjonar til å ivareta informasjonsflyt, planar og fagstoff i alle emna. Plattforma har funksjonar for å lage individuelle oppgåver, testar og prøver. Det er også tilgjengeleg videokonferanseverktøy som kan nyttast til samarbeid og digitale grupperom..
Studenten må disponere eigen PC og kunne nytte vanlege dokumentasjonsverktøy. Studenten får lisens på Office 365+. Det er sterkt anbefalt med ekstern skjerm.
Vurdering
Alle obligatoriske arbeidskrav fremgår av emnebeskrivelsen til de enkelte emnene. Obligatoriske arbeidskrav vurderes bestått/ikkje-bestått
- Alle obligatoriske arbeidskrav må være bestått for å behalda rett til å gå opp til eksamen.
- Det er to forsøk ved obligatoriske arbeidskrav.
- Ved særskilte tilfelle kan studenten søke rektor om et tredje forsøk innan 5 dagar etter at studenten er blitt kjent med resultatet frå forsøk nr. 2, eller burde ha gjort seg kjent med dette.
Sluttvurdering
Emnekode | Fag | Eksamenform | Gjennomføres |
64TM05A | Avsluttende prosjekt i navigasjon og last | 5 dagens tverrfaglig prosjekt skriftlig innlevering og muntlig utspørring | 4.semester |
64TM05B | Sjøveisregler og brovakthold | Skriftig skoleeksamen | 1.semester |
64TM05C | Kystseilas og grunnleggende navigasjon | Skriftig skoleeksamen | 2.semester |
64TM05D | Navigasjonssystemer | 3 timers praktisk/teoretisk eksamen | 2.semester |
64TM05E | Manøvrering og operasjon av skip | Emnet vurderes bestått/ikke bestått basert på 80% fremmøte på simulator. | 2.semester |
64TM05F | Oversjøisk seilas og navigasjon | Tre dagers hjemmeeksamen med skriftlig innlevering. | 3.semester |
64TM05G | Skipsmaskineri og meteorologi | 4 timers skriftlig skoleeksamen | 4.semester |
64TM05H | Ny maritim teknologi | Emnet blir vurdert bestått/ikke bestått basert på en skriftlig semesteroppgave | 4.semester |
64TM05I | Helhetlige broøvelser i simulator | Praktisk eksamen på simulator | 4.semester |
64TM05J | Skipsteknikk og stabilitet | Fem timers skriftlig skoleeksamen. | 1.semester |
64TM05K | Lasteteknikk, trim- og dypgangsberegninger | Fem timens skriftlig skoleeksamen | 2.semester |
64TM05L | Tanklasting | Hjemmeeksamen 4 dager + muntlig utspørring (20 min) | 3.semester |
64TM05M | Tørrlasting og lekkstabilitet | Hjemmeeksamen 3 dager | 4.semester |
64TM05N | Sjørett | To dagers hjemmeeksamen | 2.semester |
64TM05O | Ledelse | To dagers hjemmeeksamen med påfølgende muntlig eksamen | 4.semester |
64TM05P | Økonomi og rederidrift | 3 timers skriftlig skoleeksamen | 4.semester |
00TM05D | GMDSS/GOC | Bestått/ikkje bestått eksamen. | 1.semester |
00TM05I | Norsk | 4-timers skriftleg skuleeksamen | 3.semester |
00TM05F | Mar. engelsk | Munnleg eksamen | 3.semester |
00TM05G | Fysikk | 5 timer skriftlig skoleeksamen | 2.semester |
00TM05H | Matematikk | 5 timer skriftlig skoleeksamen | 2.semester |
Karakterskala
I samsvar med Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland nyttast fylgjande karakterskala og forklaring som grunnlag for karaktersetting:
Symbol | Nemning | Generell, ikkje-fagspesifikk beskriving av vurderingskriterier |
A | Framifrå | Framifrå prestasjon som skil seg klart ut. Studenten syner særs god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende. |
B | Mykje god | Mykje god prestasjon. Studenten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende. |
C | God | Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Studenten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda.. |
D | Nokså god | Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Studenten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende. |
E | Tilstrekkeleg | Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Studenten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende. |
F | Ikkje bestått | Prestasjon som ikkje tilfredsstiller minimumskrava. Studenten syner både manglande vurderingsevne og sjølvstende. |
Vurdering skal organiserast og gjennomførast i tråd med reglementet ved utdanningstilbodet og regel I/6 i STCW-konvensjonen. Vurderingar skal ta utgangspunkt i heilskapen og spegle kompetansen til studenten sett i forhold til dei måla og kriteria som er gitt.
Når føremålstenleg, kan ein prosentskala være retningsgjevande for bruk av karakterskalaen. Det anbefalast ei tilnærma lineær skala med 40 % som minimum for å bestå.
Karakter | % |
A | 89 – 100 |
B | 76 – 88 |
C | 63 – 75 |
D | 50 – 62 |
E | 40 – 49 |
F | < 40 |
Sluttdokumentasjon
Vitnemål og tittel
Studenten får vitnemål når emna for studiet er bestått. Studenten får graden: Høgare fagskulegrad. For at vitnemålet skal fungera internasjonalt, skal omgrepet Vocational Diploma (VD) stå på vitnemålet. Vitnemålet skal innehalde:
- Emne som inngår i utdanninga
- Omfang av emne og oppnådd karakter
- Overordna læringsutbytte
- Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk 5.2 og kvalifikasjonen som er nådd
- Karaktersystemet som vert nytta og tal studiepoeng
- Namn på utdanninga
Om delar av utdanninga ikkje er bestått, får studenten karakterutskrift.
Pensumliste
Dekksoffiser på leiingsnivå Nygård
Emnebeskrivelse | Pensumliste | ||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
64TM05B Sjøveisregler og brovakthold | Sjøveisregler og brovakthold
| ||||||||||||||||||||||||
00TM05D N GMDSS/GOC | GMDSS/GOC
| ||||||||||||||||||||||||
64TM05J Skipsteknikk og stabilitet | Skipsteknikk og stabilitet
| ||||||||||||||||||||||||
64TM05N Sjørett | Sjørett
| ||||||||||||||||||||||||
00TM05G N Fysikk | Fysikk
| ||||||||||||||||||||||||
00TM05H N Matematikk | Matematikk
| ||||||||||||||||||||||||
64TM05C Kystseilas og grunnleggende navigasjon |
| ||||||||||||||||||||||||
64TM05D Navigasjonssystemer | Navigasjonssystemer
| ||||||||||||||||||||||||
64TM05E Manøvrering og operasjon av skip | Manøvrering og operasjon av skip
| ||||||||||||||||||||||||
64TM05K Lasteteknikk, trim og dypgangsberegninger | Lasteteknikk, trim og dypgangsberegninger
| ||||||||||||||||||||||||
00TM05F N Maritim engelsk | Maritim engelsk
| ||||||||||||||||||||||||
00TM05I N Norsk kommunikasjon | Norsk kommunikasjon
| ||||||||||||||||||||||||
64TM05F Oversjøisk seilas og navigasjon | Oversjøisk seilas og navigasjon
| ||||||||||||||||||||||||
64TM05L Tanklasting | Tanklasting
| ||||||||||||||||||||||||
64TM05I Helhetlige broøvelser i simulator | Helhetlige broøvelser i simulator
| ||||||||||||||||||||||||
64TM05O Ledelse | Ledelse
| ||||||||||||||||||||||||
64TM05A Avsluttende prosjekt i navigasjon og last | Avsluttende prosjekt i navigasjon og last Litteratur fra tidligere emner innenfor navigasjon og last. | ||||||||||||||||||||||||
64TM05G Skipsmaskineri og meterologi | Skipsmaskineri og meterologi
| ||||||||||||||||||||||||
64TM05H Ny maritim teknologi | Ny maritim teknologi Pensum vert gjort tilgjengeleg på læringsplattform av lærar | ||||||||||||||||||||||||
64TM05M Tørrlasting og lekkstabilitet | Tørrlasting og lekkstabilitet
| ||||||||||||||||||||||||
64TM05P Økonomi og rederidrift | Økonomi og rederidrift
|