Arborist Hjeltnes - 2026 Haust
Studiefakta
- FagområdeGrøne og gastronomiske utdanningar
- Studiepoeng60
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadHjeltnes
- StudieformDeltid
- Startsemester2026 Haust
Arborist Hjeltnes
Om studiet
Frå 2010 har Noreg hatt eit offentlig studietilbod som utdannar arboristar. Etterspurnaden etter kompetansen til arboristar er framleis aukande, då fleire større offentlege bedrifter og kommunar stiller krav til denne kompetansen knytt til oppdrag innan bygg og drift av grøntanlegg med tre.
Utdanninga skal imøtekoma behovet for kompetanse innan fagområdet arborkultur i Norge i dag. Tre er viktige organismar i byar, parkar, kulturlandskapet, hager, bustadsområde, langs vegar osv. Dei er levande organismar med eit langsiktige perspektiv for levealder.
Tre er svært viktig for både miljø og trivsel, men det er utfordringar å få tre til å vekse og utvikle seg godt bygde miljø. Det er difor viktig at det finst fagpersonar som kan rettleia i prosjekteringsarbeidet og som kan ivareta og skjøtte trea på rett måte. Feil handsaming av tre kan få store fylgjer for våre grøntområder, både når det gjelder tryggleik for omgjevnadane, levetida for trea og kostnadar til offentlege grøntanlegg.
Som arborist arbeider du profesjonelt med tre. Arborist er eit fysisk yrke og gjennom studiet må alle studentane arbeida praktisk i trekronene. God fysikk og det å tole høgder er nødvendig.
Etter avslutta og fullført studie vil studenten oppnå tittelen Arborist, med vitnemål på fagskulenivå. Dette inneber at dei kan arbeida innan fagområdet arborkultur. Etter studiet skal arboristane kunne utføra dei fleste arbeidsoperasjonar knytt til tre. Utdanninga dannar grunnlag for å arbeida med tre i både hjå private og offentlege arbeidsstader.
Læringsutbyte
Læringsutbyttebeskrivinga viser dei kvalifikasjonanen studenten skal ha etter fullført utdanning.
Kunnskap
Kandidaten:
- kjenner til arborkulturen sin historie og tradisjonar
- har kunnskap om aktuelt utstyr og teknikkar til bruk i treklatring og trepleiearbeid
- har innsikt i lover og regelverk som er gjeldande for bransjen
- har kunnskap om helse, miljø og tryggleik(HMT) som er knytt til treklatring og trepleiearbeid
- har kunnskap om anatomi, fysiologi og biologiske prosessar i tre
- har kunnskap om vekstfaktorer som er viktige for vekst og utvikling av tre
- har kunnskap om skadegjerarar på tre
- har kunnskap om tre for Norske tilhøve
- har kjennskap til naturtypar og biologisk mangfald
- har kunnskap om arbeidsoppgåver innan arborkultur
- Har naudsynt kunnskap for å følgje med på utviklinga innan arboristnæringa
- har innsikt i organisering og drift innan fagfeltet
- har kunnskap om forvaltning og bruk av tre i offentlege anlegg
- kjenner til dei viktigaste grunnprinsippa for ulike trevurderingar
Ferdigheiter
Kandidaten:
- kan bruke utstyr og teknikkar til å klatre og arbeide effektivt og sikkert i tre
- kan velje utstyr til ulike arbeidsoperasjonar med tre og kan kontrollere og bruke dette i høve regelverk
- kan utføre arbeidsoppgåver innan arboristfaget
- kan anvende fagleg kunnskap og arbeide som utøvande arborister i privat og offentleg sektor
- kan utføre marknadsrelaterte oppgåver
- kan utarbeide enkle faglege rapportar om tre
- kan bruke kunnskapen i tverrfaglege problemstillingar knytt til tre
Generell kompetanse
Kandidaten:
- forstår viktigheita av å følgje lover og reglar i faget og har høg fokus på helse, miljø og tryggleik (HMT)
- kan bruke hensiktsmessige arbeidsmetodar for å utføre trepleiearbeid
- har ei etisk bevisstgjering overfor arborkulturfaget og overfor kunde og den bedrifta dei driv eller er tilsett i
- kan planleggje og gjennomføre alle typar oppdrag knytt til tre, overfor ulike oppdragsgivarar
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre innan faget
- kan bidra til utvikling av gode relasjonar mellom fag- og yrkesgrupper
Opptak
Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er anten relevant fag- eller sveinebrev eller treårig yrkesfagleg opplæring.
Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.
Formelle opptakskrav
Det vert stilt krav til fullført vidaregåande utdanning, innan ei av desse retningane:
- vitnemål som agronom
- vitnemål frå studieførebuande naturbruk
- vitnemål eller fagbrev som gartnar
- fagbrev som anleggsgartnar
- fagbrev som skogsoperatør
Fagbrev som kvalifiserer til opptak
Bygg- og anleggsteknikk
- Anleggsgartnarfaget
Naturbruk
- Gartnarfaget
- Skogfaget
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje oppfyller dei formelle krava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.
For utfyllande informasjon sjå fagskulen.no eller Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no.
Organisering av studiet
Arboristfagutdaninga er på 60 studiepoeng, som vert tilbydt på deltid over 2 skuleår. Utdanninga har 10 fysiske samlingsveker kvart skuleår, dvs ei veke pr månad. Dei fleste samlingane er på Hjeltnes, Ulvik i Hardanger, men nokre samlingar kan verte lagt andre stader av faglege grunnar.
Samlingane omfattar både teori og praktisk opplæring, og har difor obligatorisk frammøte.
I tillegg til samlingar må studentane gjennomføre praksis i bedrift. Trepleiefaget skal ha 8 veker med praksis i bedrift og klatreteknikk skal ha 3 veker.
Arbeidsmengde i Arborist, Hjeltnes
| Emnebeskrivelse | Praksis | Sjølvstudium | Undervisning | Sum |
|---|---|---|---|---|
| 58PS01K Emne 1. Klatreteknikk | 112 | 43 | 72 | 227 |
| 58PS01L Emne 2. Trebiologi | 0 | 145 | 82 | 227 |
| 58PS01C Emne 3. Vekstfaktorar | 0 | 76 | 37 | 113 |
| 58PS01N Emne 4. Dendrologi | 0 | 125 | 45 | 170 |
| 58PS01G Emne 5. Skadegjerarar | 0 | 76 | 37 | 113 |
| 58PS01M Emne 6. Trepleiearbeid | 300 | 200 | 180 | 680 |
| 58PS01E Emne 7. Trevurdering | 0 | 55 | 30 | 85 |
| 58PS01H Emne 8. Bedriftslære | 0 | 48 | 37 | 85 |
| Sum | 412 | 768 | 520 | 1700 |
Læringsformer
Arboristfaget er eit praktisk fag, så store deler av undervisninga er praktisk retta. Målet er å fordela emna med om lag 60 % praksis og 40 % teori. Store deler av faga klatreteknikk og trepleiefag omfattar praksisdagar i skule der studentane får praktisk opplæring. Praksis i skule kan og vere synfaringar der studentane ser på planter, jord osv enten ute i anlegg, mikroskopering eller tilsvarande. Ei praktisk tilnærming til dei ulike emna skal danne utgangspunktet og leggje grunnlaget for den teoretiske delen. På denne måten håpar vi å skapa engasjement og bidra til at studentane ser samanhengen mellom den praktiske og teoretiske delen av fagfeltet.
I tillegg til den praktiske opplæringa i skule må staudentane praktisere i bedrift i emnet klatreteknikk og trepleiefag.
Microsoft Teams blir brukt til å administrere studiet, til å legge ut informasjon om studiet sam til utlegging av læringsmateriell, heimeoppgåver, prøver osv.
Læringsformer som vert nytta:
- førelesningar
- praksisorientert opplæring
- praksis i bedrift med logg og refleksjon
- gruppearbeid
- individuelle oppgåver
- mikroskopering
- teikning
mm
Det er utarbeidd obligatoriske læringsaktivitetar for kvart emne. Obligatoriske læringsaktivitetar kan vere:
- oppmøte i undervisninga
- deltaking i praktisk opplæring
- logg med refleksjon frå praksis i bedrift
- innleveringar
- prøver
- bedriftsbesøk/ekskursjonar
Vurdering
Vurdering har som mål å fremje læring, samt måle sluttkompetansen.
Utganspunktet for all vurdering er læringsutbytteskildringane, både på overordna nivå og på emnenivå.
Vurderingsuttrykket A til F vert nytta.
I emna er det fastsett ulike obligatoriske læringsaktivitetar som studenten må gjennomføre for å kunne få sluttvurdering.
Kva type vurdering og kva obligatoriske læringsaktivitetar som vert nytta i dei einskilde emna kjem fram av emneoversikta.
Sluttvurdering
I kvart emnefår studenten ei sluttvurdering som syner sluttkompetansen som er nådd i høve læringsutbyttebeskrivelsane i emnet.
Obligatoriske læringsaktivitetar og vurderinggsgrunnlaget er beskrive i den enkelte emnebeskrivelsen. Det skal vere ei helskapleg vurdering av kunnskapane, ferdigheitene og den generelle kompetansen i emnet.
Obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten får sluttvurdering i emnet.
Det er lærarane i emnet som gjer sluttvurderinga. Om vurderingsforma er ein eksamen kan det i tillegg nyttast ein medsensor.
Sluttdokumentasjon
Fullført og bestått fagskuleutdanning på 60 stp gir vitnemål og ein fagskulegrad.
Vitnemålet skal innehalda:
- Emne som inngår i utdanninga.
- Omfang av emne og oppnådd karakter.
- Overordna læringsutbytte.
- Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) 5.1 og kvalifikasjonen som ble oppnådd.
- Karaktersystemet som blir brukt og tal på studiepoeng.
- Namn på utdanning
Omgrepet Vocational Diploma (VD) brukast på vitnemålet for å sikre at det også kan nyttast internasjonalt.
Studentar som ikkje har fullført heile utdanninga, kan be om eit kompetansebevis som visar fullførte og beståtte emne og eventuelt eksamenar.
Litteratur- og utstyrsliste
Arborist, Hjeltnes
| Emnebeskrivelse | Litteratur- og utstyrsliste |
|---|---|
| 58PS01K Emne 1. Klatreteknikk | ARBORISTS' CERTIFICATION STUDY GUIDE, 4TH EDITION Arborist`s Knots for Climbing & Rigging Documenting Evidens Practical Guidance for Arborists The tree climber`s companion (2nd edition)
|
| 58PS01L Emne 2. Trebiologi | ARBORISTS' CERTIFICATION STUDY GUIDE, 4TH EDITION Moderen arborisculture |
| 58PS01C Emne 3. Vekstfaktorar | |
| 58PS01N Emne 4. Dendrologi | ARBORISTS' CERTIFICATION STUDY GUIDE, 4TH EDITION Trær i Norge og Europa, til norsk v/ T. Ulshagen og Tannaquil Enzenberger , Damm og Søn AS Vinterdendrologi, trær og busker om vinteren. Av Sandved, Andersson og Batta, Landbruksforlaget. Finnes som digital bok: https://www.nb.no/nbsok/nb/6c3cd3a6cb3eeb4fb97b1f099afdf96e?lang=no#0 |
| 58PS01G Emne 5. Skadegjerarar | Risikotrær, Iben M. Thomsen og Simon Skov, Forlaget Grønt TREE PESTS AND DISEASES - AN ARBORISTS' FIELD GUIDE FUNGI ON TREES - AN ARBORISTS' FIELD GUIDE Plantevern til grøntanlegg, integrert bekjempelse, T.Hofsvang, H. Heggen, I.S. Fløistad, Landbruksforlaget Aktuelle linker: https://nibio.brage.unit.no/nibio-xmlui/bitstream/handle/11250/2508204/S... https://nibio.brage.unit.no/nibio-xmlui/bitstream/handle/11250/2469366/S... |
| 58PS01M Emne 6. Trepleiearbeid | ARBORISTS' CERTIFICATION STUDY GUIDE, 4TH EDITION Arborist`s Knots for Climbing & Rigging An Illustrated guide to Pruning, Edward Gilman, 2011, third edition Documenting Evidens Practical Guidance for Arborists The art and sciens of practical rigging Etablering av trær |
| 58PS01E Emne 7. Trevurdering | ARBORISTS' CERTIFICATION STUDY GUIDE, 4TH EDITION Norsk Standard. Trær - verdivurdering. NS3846 Risikotrær
|
| 58PS01H Emne 8. Bedriftslære | Kompendium Risikotrær, Iben M. Thomsen og Simon Skov, Forlaget Grønt Aktuelle linker: https://www.isa-arbor.com/Portals/0/Assets/PDF/Certification/Ethics-Code-of-Ethics.pdf ttps://www.eac-arboriculture.com/eac-code-of-ethics-final-v.02-2021.pdfx?forced=true |