65TT00F Innføring i prosjektleiing - 2026 Haust
Emnefakta
- FagområdeBygg
- Studiepoeng5
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadNettbasert studium
- StudieprogramBygg Førde
- Startsemester2026 Haust
Om emnet
Innføring i prosjektleiing skal gje studenten ei grunnleggjande forståing av prosjekt som arbeidsform og kva rolle prosjektleiing har i å sikre vellukka gjennomføring. Emnet tek føre seg sentrale omgrep, organisering, partar i eit prosjekt og korleis leie prosessar frå idé til ferdigstillelse.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kjennskap til ulike prosjektplanleggingsmetodar
- har innsikt i planlegging og gjennomføring av eit prosjekt
- har innsikt i prosjektstyring som eit arbeidsverktøy
- har kunnskap om prosjektrekneskap
- har kunnskap om dokumentasjon og prosjektrapportar
Ferdigheiter
- kan utarbeide grunnlag for enkel prosjektkalkulasjon
- kan utarbeide og revidere framdriftsplanar, ressursplanar og innkjøpsplanar
- kan bryte ned eit prosjekt i relevante arbeidspakkar
- kan bruke relevante modellar og metodar i prosjektplanlegging og gjennomføring
- kan setje saman ei prosjektgruppe og forstå dei ulike rollene i eit prosjekt
Generell kompetanse
- har forståing for planlegging av oppstart, gjennomføring og ferdigstillelse av prosjekt
- har forståing for prosjektet sine mål og aktivitetar
- kan planlegge eit prosjekt og utarbeide relevant dokumentasjon
Undervisningsformar og aktivitetar
Undervisninga ved Fagskulen Vestland tek utgangspunkt i nyare pedagogisk forsking. Våre lærarar har fokus på å vere læringsleiarar og på den måten gjennomføre effektiv læring for studentane. Å vere læringsleiar er i hovudsak å legge til rette for at studentane vert aktivisert i læringsarbeidet. Vi vel å aktivisere studentane samstundes som vi kortar ned einvegsdialog der lærer føreles i lengre periodar. Sentrale element i vår pedagogikk er læraren sin relasjon og dialog med studentane og studentane sin eigenaktivitet og eigenvurdering.
Læringsaktivitetane skal vere relevante og målretta i høve til læringsutbyttebeskrivingane for utdanninga. I det pedagogiske arbeidet vektlegg vi i tillegg til fagleg utvikling, at studentane utviklar evne til sjølvstendig arbeid, kommunikasjon, samarbeid og praktisk yrkesutøving. Vi vel òg å legge vekt på at studentane skal utvikle evne til å sjå teknologien i eit breiare samfunns- og miljøperspektiv og at dei skal kunne foreta etiske refleksjonar.
Vi ser det som vesentleg å nytte tovegs dialog i undervisninga. Når fagstoff vert presentert av læraren kan han nytte studentane sine praktiske erfaringar. Erfaringane er gode å knytte til teorien og det skaper gode diskusjonar i klassen. Vi bygger på denne måten opp det som er særprega ved fagskuleutdanninga.
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid, følger samlingsplanen og ligg i timeplanen i vis. Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.
Vurdering
| Vurdering | Praktisk info | Annet |
|---|---|---|
Vurderingsform Gruppevurdering Karakterskala Bestått | Individuell-/gruppekarakter Gruppekarakter Innleveringssemester Første semester Gruppering Gruppe (2 - 5) |
Arbeidsmengde
| Aktivitet | Aktivitetsdetaljer | Varighet | Studieform | Kommentar |
|---|---|---|---|---|
Timeplanfesta timer | 20 Tima(r) | Nett | ||
Eigenstyrt aktivitet | 105 Tima(r) | Nett |
Læringsaktivitetar
| Namn | Krav | Kommentar |
|---|---|---|
Individuell innlevering | Skriftleg innlevering 1 1 |
Litteratur- og utstyrsliste
Rolstadås, Johansen, Olsson, Langlo, (2023) Praktisk prosjektledelse - fra idé til gevinst 3.utg. Fagbokforlaget AS