65TB58B E8 Tilstandsanalyse av bustad

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Bygg
    • Studiepoeng
      15
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Bygningssakkyndig
    • Startsemester
      2023 Haust

Om emnet

Rammer og regelverk

NS 3600, forskrift til avhendingslova

Teknisk verdi

Konstruksjonar

Våtromsnorma – grunnmodul

Våtromsnorma - Modul C

Uavhengig kontroll

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

·    har kunnskapar om avhendingslova sine allmenne føresegner som har betydning for avhending av bustad

·    kjenner til mangelsomgrepet

·     har god relevant kunnskap om metodar for vurdering av bygningen sin tekniske tilstand

·     har oversikt over og kan bruke gjeldande lover, standardar og regelverk for ulike typar bygningar i samband med tilstandsanalyse av bygningar

·     har oversikt over kva dokumentasjon som er relevant i samband med tilstandsanalyse av bygningar

·     kan fastsette referansenivå for tilstandsanalysen

·     kan utforme mandat for oppdraget og skildre eigne premissar og avgrensingar for oppdraget

·     har god kunnskap om metode/metodikk for vurdering av bygningen sin tekniske tilstand

·     har kunnskap om relevant regelverk og aktuelle standardar

·     kan gjere vurderingar av konsekvensar av registrerte avvik

·     har kunnskap om bygningsmateriale, konstruksjonar, tekniske anlegg si levetid og å vurdere attverande brukstid

·     har god kunnskap om VVS-tekniske forhold som er relevante for tilstandsanalyse av bygning

·     har generell kunnskap om elektriske anlegg

·     har kunnskap om kjende risikokonstruksjonar som er hyppig utsette for skadar

·     har god kunnskap om sopp- og råteskadar, og årsak til at desse oppstår

·     har kunnskap om kva konsekvensar råteskadar og mugg har for inneklima

·     har kunnskap om metodar og krav til utføring av prøvetaking, oppbevaring og innsending av prøvar for å avdekke og identifisere ulike biologiske skadegjerarar

·     har kunnskap om skadedyr i bygning, type skadar og konsekvensar av skadar og metode for sanering

·     har god kunnskap om branntekniske forhold som er relevante for tilstandsanalyse av bygning

·     skal meistre bruk av relevante datasystem til bruk for utarbeiding av tilstandsanalyse

·     har oversikt over miljøfarlege stoff som er relevante i samband med tilstandsanalyse av bygningar

·     har oversikt over preaksepterte løysingar, førehandsgodkjente løysingar, og kva analyse av løysingar skal innehalde og dokumentere

·     har god forståing for skadar og skadeårsaker

·     har god kjennskap og forståing for gjeldande lover, forskrifter, normer, krav til utføring

·     kjenner til takstmannen sine oppdrag i tvistesaker

·     har kunnskap om produkt, godkjenningsordningar og krav

·     har god kunnskap om kontroll av materiale, målemetodar

·     har kunnskapar om bransjenorma for planlegging og utføring av vasskadesikre, funksjonelle våtrom med høg kvalitet og lang levetid

·     har kunnskapar om målet for norma, som er å heve kvaliteten på våtrom med omsyn til funksjon og levetid

·     har kunnskapar om å lage solide, funksjonelle og varige våtrom, som blir overleverte med ei god brukarrettleiing

-     har kunnskapar om dokumentasjon av utført arbeid

Ferdigheter

Studenten:

·     kan utføre ein komplett tilstandsanalyse basert på gjeldande versjon av NS 3600 Tilstandsanalyse av bygning

·     kan utføre arealmålingar basert på gjeldande Takstbransjens retningslinjer for arealmåling og NS 3940 areal og volumberekningar av bygningar

·     kan anslå utbetringskostnadar for retting av skadar/avvik

·     kan berekne teknisk verdi på bygning

·     kan utarbeide tilstandsrapport basert på gjeldande versjon av NS3600 Teknisk tilstandsanalyse ved omsetning av bustad

·     kan utarbeide tilstandsrapportar som tilfredsstiller minimumskrava til rapportar, som bygningssakkunnig, etter forskrifta til avhendingslova

·     kan bruke relevante datasystem for utarbeiding av tilstandsanalyse

·     kan byggemetodar og materialbruk, tidsepokar

·     kan metode for tilstandsanalysar av våtrom

·     kan bruke våtromsnorma og finne fram til løysingar og krav som gjeld for våtrom

·     kan utarbeide rutinar og sjekklister

·     kan utarbeide og gjennomføre ein tilstandsrapport på våtrom etter våtromsnorma sine krav

·     kan foreta kontroll av kvalitetssystem og dokumentasjon for oppdraget

·     kan dokumentere utføringa

Generell kompetanse

Studenten:

·   kjenner til avhendingslova sine føresegner ved utarbeiding av tilstandsanalysar og reklamasjonar i eigedomsomsetnaden

·    kan bruke relevante metodar for tilstandsanalysar av bygning

·     kan bruke og kjenner til bruksområda for NS 3600

·     kjenner til standardane si oppbygging og metode

·     kan utføre tilstandsanalyse av bygning, andre bygg og verneverdige bygg

·     kan bruke og analysere/tolke resultat av målingar som blir gjorde i samband med tilstandsanalysar

·     kan utføre tilstandsanalyse med rapportering av våtrom

·     kan bruke regelverket i våtromsnorma

-    kan vurdere vanskegrad, risiko for feilmarginar og dokumentere avvik

Vurdering

Vurdering av arbeidsmappa med dei faglege oppgåvene.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Undervisning
67,5 Time(r)
Sjølvstudium
362,5 Time(r)

Arbeidskrav

To faglege oppgåver, anten individuelle eller i grupper.

Fagressursar

E8 Tilstandsanalyse av bustad

Studentabonnement på Norsk Standard www.standard.no

Lærebøker og andre abbonement vert opplyst av faglærar ved studiestart.

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

Emneansvarlig

Jytte Kristin Eikenes