65TB03H E9 Bygningsfysikk - 2023 Haust

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Bygg
    • Studiepoeng
      10
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      KEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde
    • Startsemester
      2023 Haust

Om emnet

Bygningsfysikk

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

·     har kunnskap om bygningen sin energiflyt

·     har kunnskap om internlaster i ulike bygningskategoriar

·     har kunnskap om dei ulike ventilasjonsprisippa

·     har generell kunnskap om vassbårne anlegg

·     har generell kunnskap om kjøleanlegg

·     har generell kunnskap om automasjon

·     veit kva tekniske forskrifter og standardar som gjeld

·     har kunnskap om konsekvensar av val av bygningsmateriale og byggemetodar

·     veit om, og kan bruke, Enova sine støtteordningar

 ·   kjenner til kva materialtekniske eigenskapar som ligg til grunn for brannteknisk klassifisering

Ferdigheiter

Studenten:

·     kan utføre manuelle varmetapsberekningar

·     kan bruke berekningsprogrammet «Simien»

·     kan tolke utdata frå «Simien»

·     kan rekne doggpunkt i konstruksjonar

·     kan gjere enkle thermodynamiske berekningar

·     kan bruke utvidaMollier-diagram

·     kan utføre energivurdering av bygg i samsvar med «energimerkelova»

·     kan utføre energivurdering samsvar med TEK 17

·     kan bruke NS 3031 og NS 6450

·     kan gjere greie for dei gjeldande brann- og lydkrav

·     kan bruke TEK og rettleiaren til TEK for å fastsette risikoklasse og brannklasse

Generell kompetanse

Studenten:

·     kan bruke «Simien» på eit tverrfagleg nivå

·     har ei generell tverrfagleg forståing for dei tekniske faga

·     kan fungere som koordinator for dei tekniske faga

·     kan vurdere branntryggleiken i eit bygg

 

Vurdering

Vurderingsmappe som inneheld minimum:

·     ei innlevering

·     ei prøve

·     ei øving med skriftleg rapport

Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet

Arbeidsmengde

AktivitetAktivitetsdetaljerVarighetStudieformKommentar
Undervisning
152 Tima(r)
Sjølvstudium
131 Tima(r)

Obligatoriske læringsaktivitetar

Tre innleveringar.

Litteratur- og utstyrsliste

Litteraturliste E9 Bygningsfysikk

Espedal, K.J. (2017) Bygningsfysikk, Byggenæringens forlag AS, Lillestrøm.

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

Emneansvarleg

Viggo Leikanger