65TB02N E7 Konstruksjon anlegg m/fagleg leiing

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Anlegg
    • Studiepoeng
      13
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Anlegg Førde
    • Startsemester
      2023 Haust

Om emnet

Konstruksjonslære

Anleggskonstruksjonar

Betongkonstruksjonar

Stålkonstruksjonar

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  •      har kunnskap om armeringsstål, kvifor ein armerar ein bestemt bygningsdel i betong, plater, bjelkar eller søyler, og kvar armeringa skal plasserast i betongkonstruksjonen
  •      har kunnskap om fastheitsklassar og kvalitetsklassar for konstruksjonsmateriale
  •     har kunnskap om korrosjonsvern
  •      har kunnskap om konstruksjonsmateriala sine eigenskapar ved brann og ulike metodar for brannvern
  •      har kunnskap om dei ulike tverrsnittsklassane i stål
  •      har kunnskap om dei ulike sveisemetodane og sveisetypane for stål, og brannfare ved sveisearbeid
  •      har kunnskap om fastheitsklassar til skruar
  •      har kunnskap om miljøkonsekvensar ved bruk av ulike konstruksjonsmateriale
  •    har kunnskap om byggemetode for enkle bru- og kaikonstruksjonar, dammar, kraftverk, og større og mindre veganlegg
  •     kan vurdere eigt arbeid med konstruksjon av anlegg i høve til gjeldande lover, forskrifter, vedtekter og standardar innan anleggskonstruksjon
  •      kjenner til anleggskonstruksjon si historie, tradisjon, eigenart og plass i samfunnet

Ferdigheter

Studenten:

  •      kan bestemme mengde betong og armering
  •      kan berekne moment-, skjær- og aksialkrefter i brotgrensetilstanden for enkle konstruksjonar
  •     kan kontrollere spenningane etter reglane i gjeldande standardar som NS-EN 1993-1-1, NS-EN 1995-1- 1 og NS-EN 1992-1-1
  •      kan vurdere knekklengder og utføre knekkingskontroll for aksialbelasta stålsøyler etter reglane i NS-EN 1993-1-1
  •      kan berekne kilesveisar for stål etter reglane i NS-EN 1993-1-8
  •     kan kontrollere skruforbinding for avskjering og holkanttrykk i stål etter reglane i NS-EN 1993-1-8
  •      kan berekne laster i bruksgrensetilstanden og kunne utføre berekningar av forskyvninger for fritt opplagt bjelke med jamnt fordelt last eller punktlaster
  •      kan vurdere fare for vipping i stålkonstruksjonar
  •      kan gjere greie for prosjektering, planlegging og utføring av vegutbygging og andre anlegg
  •      kan finne og vise til informasjon og fagstoff om konstruksjonar av anlegg, og vurdere relevansen for anleggsprosjekt
  •      er i stand til å leie utføringa av enkle bru- og kaikonstruksjonar og enkle dammar og kraftverk
  •      kan dimensjonering av overbygning av vegar generelt og etter vegvesenet sine handbøker

Generell kompetanse

Studenten:

  •      kan fastsette skjer- og momentkrefter for å rekne ut mengde armering og betong
  •     kan vurdere og forstå verkemåten til enkle, men samansette konstruksjonar
  •      kan ta ut enkeltelement av ein konstruksjon og analysere desse
  •    forstår samanhengen mellom val av tverrsnitt, spennlengder og materialkvalitet ut i frå resultat i utrekningane
  •      kan delta i byggemøter og prosjekt der stål- og betongkonstruksjonar inngår
  •      kan vurdere økonomiske konsekvensar av val av materiale
  •      kan planlegge og utføre enkle konstruksjonar på byggeplass, og vurdere tryggleik under utføring
  •      kan prise enkle konstruksjonar
  •     kan planlegge og gjennomføre eit anleggsprosjekt, til dømes eit veganlegg, som deltakar eller leiar av gruppe i tråd med gjeldande krav og regelverk

Vurdering

Vurderingsmappe som inneheld:

·     to prøver i anleggskonstruksjonar

·     ei avsluttande prøve på fem timar i betongkonstruksjonar, etter at temaet er avslutta

·     ei avsluttande prøve på 4 timar i stålkonstruksjonar, etter at temaet er avslutta

Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Undervisning
198 Time(r)
Sjølvstudium
171 Time(r)

Arbeidskrav

Ei innlevering i anleggskonstruksjonar.

To innleveringar i betongkonstruksjonar.

Ei innlevering i stålkonstruksjonar.

Fagressursar

Lærebøker E7 Konstruksjon anlegg m/fagleg leiing

J. Eie (2010). Stålkonstruksjoner. 2 utg. NKI forlag. Bekkestua.

J. Eie (2018). Konstruksjonslære - grunnlag for dimensjonering - Last og sikkerheit: 3 utg. NKI forlag, Oslo.

S.I. Sørensen (2020). Betongkonstruksjoner for teknisk fagskole. 1 utg. Fagbokorlaget. Bergen.

J. Karlsen Anleggsboka del 1 og 2 Siste utgave: innføring i anleggsarbeider. Kan bestillas på internett www.byggesaken.no.

 

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

Emneansvarlig

Sebastian Espeland