64TT90D KI i industrien: Innføring i KI og digitalisering for operatørar - 2027 Vår
Emnefakta
- FagområdeRobotteknologi
- Studiepoeng5
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadFørde, Nordnes, Nettbasert studium
- StudieprogramRobotteknologi
- Startsemester2027 Vår
Om emnet
Dette emnet gir tilsette i industrien ei grunnleggande og praksisnær forståing av kunstig intelligens, digitalisering og automatisering.
Emnet kastar lys over korleis KI kan takast i bruk for å forbetre produksjon og vedlikehald. Det blir lagt vekt på å gi forståing for personvern, etikk og datasikkerheit i eit industrielt perspektiv.
Målet er å styrke studenten sin kompetanse i nye arbeidsmetodar og digitale verktøy, inkludert kva desse verktøya kan brukast til, og kva avgrensingar dei har.
Læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om kunstig intelligens, språkmodellar og bruksområda og avgrensingane deira
- har kunnskap om digitale og KI-baserte løysingar brukte innan produksjon, vedlikehald og forbetringsarbeid
- har kjennskap til omgrepa automatisering, robotisering og digitalisering
- har innsikt i personvern, databruk (GDPR), HMS-krav, aktuelle standardar og IPR-strategiar
- har grunnleggande kunnskap om datasikkerheit i industrielle samanhengar
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan bruke KI og språkmodellar til å effektivisere og automatisere arbeidsoppgåver
- kan bruke digitale og KI-baserte verktøy til å automatisere og digitalisere produksjonsprosessar og vedlikehald
- kan kartlegge og identifisere problemstillingar innan produksjon og vedlikehald der KI-baserte løysingar kan vere aktuelle, og foreslå enkle tiltak
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan vise ei etisk grunnhaldning til bruk av KI i verksemda
- kan bruke KI som ein ressurs tilpassa verksemda sine behov
- kan samarbeide med fagfellar på tvers av fagområde og kommunisere med ulike målgrupper
Undervisningsformar og aktivitetar
Undervisninga legg opp til erfaringsbasert læring med praktiske prosjektbaserte oppgåver. I tillegg er det forelesningar, oppgåveløysing, og bruk lærebøker. Mellom samlingane er det både eigenstudium og lærarstyrte aktivitetar, både synkrone og asynkrone.
Arbeidsinnsats
Emnet er nettbasert med digitale samlingar. I tillegg til deltaking på samlingar, er det forventa at det blir arbeidd med læringsaktivitetar og obligatoriske læringskrav.
Vurdering
Mappeoppgåve som består av prosjektrapport og videopresentasjon. Det skal vere mogleg å identifisere den enkelte studenten sitt bidrag.
| Vurdering | Praktisk info | Annet |
|---|---|---|
Vurderingsform Mappevurdering Sensortype Intern sensor Karakterskala Bestått | Gruppering Gruppe/Individuell |
Arbeidsmengde
| Aktivitet | Aktivitetsdetaljer | Varighet | Studieform | Kommentar |
|---|---|---|---|---|
Timeplanfesta timar | 10 Tima(r) | Deltid | ||
Eigenstyrt aktivitet | 78 Tima(r) | Deltid | ||
Lærarstyrte aktivitetar utanom samlingar | 37 Tima(r) | Deltid |
Obligatoriske læringsaktivitetar
Godkjende obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga, med mindre emneplanen fastset ein annan gyldigheitsperiode. Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.
Læringsaktivitetar
| Namn | Krav | Kommentar |
|---|---|---|
Skriftleg innlevering 2 2 Individuell |