64TT90D KI i industrien: Innføring i KI og digitalisering for operatørar - 2027 Vår

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Robotteknologi
    • Studiepoeng
      5
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
    • Studiestad
      Førde, Nordnes, Nettbasert studium
    • Studieprogram
      Robotteknologi
    • Startsemester
      2027 Vår

Om emnet

Dette emnet gir tilsette i industrien ei grunnleggande og praksisnær forståing av kunstig intelligens, digitalisering og automatisering.

Emnet kastar lys over korleis KI kan takast i bruk for å forbetre produksjon og vedlikehald. Det blir lagt vekt på å gi forståing for personvern, etikk og datasikkerheit i eit industrielt perspektiv.

Målet er å styrke studenten sin kompetanse i nye arbeidsmetodar og digitale verktøy, inkludert kva desse verktøya kan brukast til, og kva avgrensingar dei har.

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om kunstig intelligens, språkmodellar og bruksområda og avgrensingane deira
  • har kunnskap om digitale og KI-baserte løysingar brukte innan produksjon, vedlikehald og forbetringsarbeid
  • har kjennskap til omgrepa automatisering, robotisering og digitalisering
  • har innsikt i personvern, databruk (GDPR), HMS-krav, aktuelle standardar og IPR-strategiar
  • har grunnleggande kunnskap om datasikkerheit i industrielle samanhengar

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan bruke KI og språkmodellar til å effektivisere og automatisere arbeidsoppgåver
  • kan bruke digitale og KI-baserte verktøy til å automatisere og digitalisere produksjonsprosessar og vedlikehald
  • kan kartlegge og identifisere problemstillingar innan produksjon og vedlikehald der KI-baserte løysingar kan vere aktuelle, og foreslå enkle tiltak

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan vise ei etisk grunnhaldning til bruk av KI i verksemda
  • kan bruke KI som ein ressurs tilpassa verksemda sine behov
  • kan samarbeide med fagfellar på tvers av fagområde og kommunisere med ulike målgrupper

Undervisningsformar og aktivitetar

Undervisninga legg opp til erfaringsbasert læring med praktiske prosjektbaserte oppgåver. I tillegg er det forelesningar, oppgåveløysing, og bruk lærebøker. Mellom samlingane er det både eigenstudium og lærarstyrte aktivitetar, både synkrone og asynkrone.

Arbeidsinnsats

Emnet er nettbasert med digitale samlingar. I tillegg til deltaking på samlingar, er det forventa at det blir arbeidd med læringsaktivitetar og obligatoriske læringskrav.

Vurdering

Mappeoppgåve som består av prosjektrapport og videopresentasjon. Det skal vere mogleg å identifisere den enkelte studenten sitt bidrag.

VurderingPraktisk infoAnnet
Vurderingsform
Mappevurdering
Sensortype
Intern sensor
Karakterskala
Bestått
Gruppering
Gruppe/Individuell

Arbeidsmengde

AktivitetAktivitetsdetaljerVarighetStudieformKommentar
Timeplanfesta timar
10 Tima(r)
Deltid
Eigenstyrt aktivitet
78 Tima(r)
Deltid
Lærarstyrte aktivitetar utanom samlingar
37 Tima(r)
Deltid

Obligatoriske læringsaktivitetar

Godkjende obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga, med mindre emneplanen fastset ein annan gyldigheitsperiode. Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

Læringsaktivitetar

NamnKravKommentar
Skriftleg innlevering
2
2
Individuell

Emneansvarleg

Guttorm Lyngvær