64TE92F E9 Framtida sine teknologiske løysingar - 2027 Haust

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Solenergi
    • Studiepoeng
      10
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Solenergi
    • Startsemester
      2027 Haust

Om emnet

  • Smarte byar
  • Internet of Things (IoT)
  • Power to X
  • Maskinlæring og kunstig intelligens knytt til energioptimalisering av bygg
  • BMS (Battery Management System)
  • Regulatorrolla
  • BlockChain-teknologi
  • SRI
  • Industri 5.0

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Har kunnskap om prinsippa bak solenergi og bruken av solcelle- og solfangertetnologiar.
  • Forstår integrasjonen av smarte byar og Internet of Things (IoT) i energistyringssystem, og kan beskrive korleis desse teknologiane bidreg til effektivitet og berekraft.
  • Kan forklare konsept og system som Power to X, og korleis desse teknologiane omdannar straum frå solenergi til andre energiformer som hydrogen eller syntetiske brensel.
  • Forstår bruken av maskinlæring og kunstig intelligens i energioptimalisering av bygg, og kan beskrive korleis desse metodane forbetrar energistyring og reduserer energiforbruk.
  • Har kunnskap om Battery Management System (BMS) og deira rolle i lagring og styring av energien produsert av solcellepanel.
  • Forstår regulatoriske krav og retningslinjer som styrer installasjon og bruk av solenergi, inkludert lokale og internasjonale standardar.
  • Kan beskrive korleis blockchain-teknologi kan brukast til å sikre desentraliserte energitransaksjonar og forbetre gjennomsiktigheten i energimarknaden.
  • Forstår Smart Readiness Indicator (SRI) og korleis Industri 5.0 integrerer avanserte teknologiar for å skape berekraftig og effektiv industriell utvikling.
  • Kan evaluere miljøpåverknadene av ulike Power-to-X-teknologiar og deira bidrag til ein sirkulær økonomi.
  • Forstår konseptet med ein hydrogenøkonomi og deira potensial for å dekarbonisere ulike sektorar.
  • Kan vurdere den økonomiske gjennomførbarheita av ulike energilagringsalternativ, inkludert batteri og hydrogen.

Ferdigheiter

  • Kan bruke maskinlæring og kunstig intelligens for å optimalisere energibruk og auke effektiviteten i bygg.
  • Beherskar bruk av verktøy for overvaking og styring av energisystem.
  • Er i stand til å vurdere tekniske og økonomiske aspekt ved ulike energiløysingar.
  • Kan føre ein teknisk og regulatorisk dialog med myndigheiter og aktørar innanfor energisektoren for å sikre etterleving av relevante lover og forskrifter.
  • Kan designe og simulere integrerte energisystem som kombinerer sol-, vind- og hydrogenproduksjon.
  • Kan utvikle forretningscase for innovative solenergiprosjekt, med tanke på tekniske, økonomiske og miljømessige faktorar.
  • Kan føreta ei livssyklusvurdering av eit solenergisystem.

Generell kompetanse

  • Kan identifisere og analysere komplekse problem innan solenergi og føreslå berekraftige løysingar ved bruk av moderne teknologi.
  • Er i stand til å samarbeide tverrfagleg for å utvikle innovative energiløysingar som integrerer ny teknologi og moderne energistyringssystem.
  • Forstår viktigheita av kontinuerleg læring og kan halde seg oppdatert med teknologiske framskritt og regulatoriske endringar innan solenergisektoren.
  • Er medviten etiske og miljømessige implikasjonar av energiproduksjon og -bruk, og arbeider for å fremje berekraftige løysingar i samfunnet.
  • Er i stand til å kommunisere komplekse tekniske konsept til eit ikkje-teknisk publikum.
  • Kan samarbeide med ingeniørar, forskarar, beslutningstakarar og bedriftsleiarar for å møte energiutfordringar.
  • Forstår dei etiske implikasjonane av nye energiteknologiar og kan ta informerte avgjerder om deira utvikling og distribusjon.

Undervisningsformar og aktivitetar

Undervisningsformer

Fagskulen i Vestland legg til rette for læringsformer som gjer det mogleg for studentane å ta i bruk og vidareutvikle den kompetansen dei tileignar seg i studiet.

Tverrfaglege problemstillingar er vanlege i arbeidslivet, og blir derfor eit viktig element i utdanninga. Arbeid med slike problemstillingar vil vere sentralt i studiet og bidra til å styrke forståinga av heilskapen i faga. Arbeidsformene skal vere relevante og føremålstenlege i tråd med læringsutbytteskildringane for utdanninga som inneberer at studentane, i tillegg til fagleg utvikling, òg skal utvikle evna til sjølvstendig arbeid, kommunikasjon, samarbeid og praktisk yrkesutøving.

Studentane skal vidare utvikle evna til å sjå teknologien i eit breiare samfunns- og miljøperspektiv og kunne gjennomføre etiske refleksjonar.Studentane har praktisk erfaring innan eigne fagområde, noko som gir høve til å legge til rette for erfaringsbaserte læringsformer. Variasjon i val av læringsmetodar er nødvendig for å oppnå ein heilskapleg kompetanse som omfattar både kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Gjennom pedagogisk leiing skal studentane motiverast til sjølvstende og aktiv refleksjon over eigen læringsprosess. Det vert føresett at studentane tek initiativ og ansvar for eiga læring og det felles læringsmiljøet.

Undervisninga kan vere synkron og asynkron, gruppearbeid, rettleiing, laboratoriearbeid og sjølvstudium.

Læringsressursar kan inkludere bøker, dokumentasjon, lenker til nettsider, opplæringsfilmar, lesing av fagstoff på læringsplattforma og anna fagstoff, KI som er tilpassa denne utdanninga og dette emnet m.m.

Aktivitetar er Obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) som må gjennomførast for å kunne få karakter i emnet. I tillegg kan det vere bruk av eigen praksis i læringsnotat og oppgåver, Individuelt læringsnotat med tilbakemelding og vurdering av læringsnotat, delta i læringsgruppe. Prosjekt gir gode moglegheiter for opne problemstillingar som utfordrar studentane til å søkje gode, fagleg forsvarlege løysingar, der kreativitet og samarbeid vert styrkte. Samtidig får rettleiing ein naturleg plass i gjennomføringa av prosjekta m.m.

Arbeidsinnsats

Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid. Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid, sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.

Vurdering

Vurderingsmappe med fire læringsnotat og to oppgåver. 

VurderingPraktisk infoAnnet
Vurderingsform
Mappevurdering
Karakterskala
A-F

Arbeidsmengde

AktivitetAktivitetsdetaljerVarighetStudieformKommentar
Timeplanfesta timer
34 Tima(r)
Deltid
Eigenstyrt aktivitet
  • Eigenstyrt 1
240 Tima(r)
Deltid

Obligatoriske læringsaktivitetar

Fagskulen Vestland nyttar obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) i dei fleste emna. Føremålet med OLA er å sikre progresjonen i læringa og ein jamn arbeidsinnsats gjennom studiet. OLA inngår i den formative delen av læreprosessen.

OLA kan bestå av ulike læringsaktivitetar og kan vere individuelle eller i gruppe. Dei mest vanlege er innleveringar, munnlege framlegg/presentasjonar, refleksjonsnotat og medstudentvurdering av refleksjonsnotat.

Faglærar vurderer OLA. For å få sluttvurdering må studenten ha utført dei OLA som vert kravd i emnet og alle OLA må vere godkjende.

Dersom studenten ikkje har levert OLA innan fristen for innlevering, vert OLA ikkje godkjent.

Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) er gyldige i to semester etter godkjenninga, med mindre emneplanen fastset ein annan gyldigheitsperiode under.

Læringsaktivitetar

NamnKravKommentar
Skriftleg innlevering
2

Emneansvarleg

Lasse Stenseth
Marianne Kvalvik