64TE92E E8 Elektriske og elektroniske anlegg - 2028 Haust
Emnefakta
- FagområdeSolenergi
- Studiepoeng15
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramSolenergi
- Startsemester2028 Haust
Om emnet
- Elsikkerheit og dei krava som blir stilte i el-tilsynslova
- Inverter
- Energimåling
- Vekselrettar
- Frekvensomformarar
- Energilegging
- Batteri
- BMS (Batteri Management System)
- EMC og EMI
- Montering og krav til bruk av registrert elektroforetak, samt krav til samsvarserkjenning
- AMS-målar
- Vern og overspenningsvern
- Stivt nett og ikkje-stivt nett
Læringsutbytte
Kunnskap
- Har kunnskap om elektriske system og komponentar som blir brukte i solenergianlegg, inkludert vekselretterar, batteri og koblingsbokser.
- Forstår prinsippa for elsikkerheit, inkludert risikoar knytt til elektriske installasjonar og korleis desse kan handsamast.
- Kjenner til nasjonale og internasjonale føreskrifter og standardar som gjeld for elektriske installasjonar av solenergianlegg.
- Kjenner til relevant regelverk for elektriske anlegg og elektrisk utstyr, som regulerer prosjektering, utføring, drift og vedlikehald av elektriske anlegg.
- Har kunnskap om elektromagnetisk kompatibilitet (EMC) og korleis dette påverkar elektriske installasjonar.
- Forstår prinsippa for elektronisk kommunikasjon (EKOM) og korleis dette integrerast i elektriske system.
- Har kunnskap om små høgspenningsanlegg og sikkerheitstiltak knytt til desse.
- Kjenner til brannsikkerheit i elektriske installasjonar, inkludert førebygging og handsaming av brannrisiko.
Ferdigheiter
- Kan utføre elektriske installasjonar av solenergianlegg i tråd med tekniske spesifikasjonar og sikkerheitskrav, inkludert korrekt tilkopling av alle komponentar.
- Kan identifisere og løyse elektriske problem, samt utføre regelmessig vedlikehald for å sikre trygg og effektiv drift av solenergianlegg.
- Kan bruke relevante verktøy og utstyr på ein trygg måte under installasjon og vedlikehald av solenergianlegg.
- Kan sikre at alle installasjonar følgjer relevante føreskrifter og standardar, inkludert NEK 400, NEK 446, NEK 700, FSE, FEK og FEL.
- Kan vurdere og sikre EMC i elektriske installasjonar for å unngå interferens og sikre påliteleg drift.
- Kan integrere EKOM-løysingar i elektriske installasjonar for å sikre effektiv kommunikasjon.
- Kan handtere små høgspenningsanlegg på ein trygg måte, inkludert bruk av rett verneutstyr og prosedyrar.
- Kan implementere brannsikkerheitstiltak i elektriske installasjonar for å førebygge og handtere brannrisiko.
Generell kompetanse
- Kan planlegge, leie og gjennomføre prosjekt innan elektriske installasjonar av solenergianlegg, både individuelt og som del av eit team, med fokus på kvalitet, tryggleik og effektivitet.
- Kan kommunisere med kundar, kollegaer og andre interessentar, og samarbeide på tvers av fagområde for å oppnå felles mål, inkludert å sikre at alle aspekt av elsikkerheit og føreskriftskrav er ivareteke.
- Har medvitenheit om etiske problemstillingar og berekraftige praksisar innan elektriske installasjonar av solenergianlegg, og kan integrere desse i sitt arbeid.
- Kan planlegge, dokumentere og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt innan solenergi både individuelt og som medlem av eit team, i samsvar med etiske retningslinjer og krav.
- Kan utarbeide detaljerte planar og instruksar for installasjon, drift og vedlikehald av solenergisystem, tilpassa kundens spesifikke behov og forventningar.
- Kan bygge og oppretthalde profesjonelle relasjonar innan fagmiljø, samt samarbeide med fagfeller på tvers av tekniske disiplinar.
- Kan utveksle synspunkt med kollegaer og fagfeller innan solenergi, delta aktivt i faglege diskusjonar, og bidra til å løyse tekniske utfordringar på ein konstruktiv måte.
- Kan bidra til fagleg utvikling ved å følgje med på, og integrere, nye teknologiar innan solenergi som kan forbetre kvaliteten og fremje innovasjon i bransjen.
- Kan integrere EMC, EKOM, små høgspenningsanlegg og brannsikkerheit i planlegging og gjennomføring av elektriske installasjonar.
Undervisningsformar og aktivitetar
Undervisningsformer
Fagskulen i Vestland legg til rette for læringsformer som gjer det mogleg for studentane å ta i bruk og vidareutvikle den kompetansen dei tileignar seg i studiet.
Tverrfaglege problemstillingar er vanlege i arbeidslivet, og blir derfor eit viktig element i utdanninga. Arbeid med slike problemstillingar vil vere sentralt i studiet og bidra til å styrke forståinga av heilskapen i faga. Arbeidsformene skal vere relevante og føremålstenlege i tråd med læringsutbytteskildringane for utdanninga som inneberer at studentane, i tillegg til fagleg utvikling, òg skal utvikle evna til sjølvstendig arbeid, kommunikasjon, samarbeid og praktisk yrkesutøving.
Studentane skal vidare utvikle evna til å sjå teknologien i eit breiare samfunns- og miljøperspektiv og kunne gjennomføre etiske refleksjonar.Studentane har praktisk erfaring innan eigne fagområde, noko som gir høve til å legge til rette for erfaringsbaserte læringsformer. Variasjon i val av læringsmetodar er nødvendig for å oppnå ein heilskapleg kompetanse som omfattar både kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Gjennom pedagogisk leiing skal studentane motiverast til sjølvstende og aktiv refleksjon over eigen læringsprosess. Det vert føresett at studentane tek initiativ og ansvar for eiga læring og det felles læringsmiljøet.
Undervisninga kan vere synkron og asynkron, gruppearbeid, rettleiing, laboratoriearbeid og sjølvstudium.
Læringsressursar kan inkludere bøker, dokumentasjon, lenker til nettsider, opplæringsfilmar, lesing av fagstoff på læringsplattforma og anna fagstoff, KI som er tilpassa denne utdanninga og dette emnet m.m.
Aktivitetar er Obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) som må gjennomførast for å kunne få karakter i emnet. I tillegg kan det vere bruk av eigen praksis i læringsnotat og oppgåver, Individuelt læringsnotat med tilbakemelding og vurdering av læringsnotat, delta i læringsgruppe. Prosjekt gir gode moglegheiter for opne problemstillingar som utfordrar studentane til å søkje gode, fagleg forsvarlege løysingar, der kreativitet og samarbeid vert styrkte. Samtidig får rettleiing ein naturleg plass i gjennomføringa av prosjekta m.m.
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid. Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid, sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.
Vurdering
• Vurderingsmappe med fire læringsnotat, ei gruppeinnlevering og to oppgåver.
| Vurdering | Praktisk info | Annet |
|---|---|---|
Vurderingsform Mappevurdering Karakterskala A-F |
Arbeidsmengde
| Aktivitet | Aktivitetsdetaljer | Varighet | Studieform | Kommentar |
|---|---|---|---|---|
Timeplanfesta timer | 60 Tima(r) | Deltid | ||
Eigenstyrt aktivitet | 244 Tima(r) | Deltid |
Obligatoriske læringsaktivitetar
Fagskulen Vestland nyttar obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) i dei fleste emna. Føremålet med OLA er å sikre progresjonen i læringa og ein jamn arbeidsinnsats gjennom studiet. OLA inngår i den formative delen av læreprosessen.
OLA kan bestå av ulike læringsaktivitetar og kan vere individuelle eller i gruppe. Dei mest vanlege er innleveringar, munnlege framlegg/presentasjonar, refleksjonsnotat og medstudentvurdering av refleksjonsnotat.
Faglærar vurderer OLA. For å få sluttvurdering må studenten ha utført dei OLA som vert kravd i emnet og alle OLA må vere godkjende.
Dersom studenten ikkje har levert OLA innan fristen for innlevering, vert OLA ikkje godkjent.
Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) er gyldige i to semester etter godkjenninga, med mindre emneplanen fastset ein annan gyldigheitsperiode under.
Læringsaktivitetar
| Namn | Krav | Kommentar |
|---|---|---|
Skriftleg innlevering 2 |