64TE13A Innføring i programmering med lokal KI - 2026 Haust

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Elkraft
    • Studiepoeng
      5
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
    • Studiestad
      Nettbasert studium
    • Studieprogram
      Elkraft Førde
    • Startsemester
      2026 Haust

Om emnet

Følgande tema inngår i emnet:

  • Praktisk og kritisk arbeid med kunstig intelligens frå visjon til nytteverdi.
  • Bruk av europeiske KI-verktøy innanfor rammer for datasikkerhet, kontroll og digital suverenitet.
  • Utvikling og tilpassing av KI-løysingar, inkludert vibe-koding, problemløysing og produksjon av digitale løysingar.
  • Grunnleggande innføring i Python og samanhengen mellom KI, kode og data i praktiske løysingar.
  • Utvikling av lokale KI-løysingar som kan brukast på eiga maskin eller i eigne system, også ved svikt i nett eller eksterne tenester.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om sentrale omgrep, metodar og prosessar innan praktisk bruk av kunstig intelligens, med vekt på korleis KI kan omsettast fra visjon til konkret nytteverdi i fagleg arbeid.
  • har kunnskap om korleis KI, med vekt på europeiske KI-verktøy, kan brukast innanfor rammer som støttar datasikkerhet, kontroll og digital suverenitet.
  • kjenner til grunnleggande forskjeller mellom kunstig intelligens og menneskeleg kognisjon, og forstår sentrale avgrensningar, risiko og moglegheiter ved bruk av KI.

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke og vurdere KI-verktøy på ein praktisk og kritisk måte, og tilpasse bruken til eigne faglege behov, arbeidsprosessar og organisasjonens mål.
  • kan bruke metoder som vibe-koding og enkel Python for å utforske, utvikle og forbetre digitale løysningar der KI, kode og data koplast saman.
  • kan utvikle, teste og vurdere enkle KI-løysningar som kan køyrast lokalt på eiga maskin eller i eigne system utan avhengigheit av skytenester eller internettforbindelse.

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan reflektere kritisk over korleis kunstig intelligens kan brukast på ein trygg, sjølvstendig og samfunnsansvarleg måte i faglege og organisatoriske samanhengar.
  • kan bidra til å utvikle KI-løysningar som støttar beredskap, driftssikkerheit og operativ evne når tilgangen til eksterne tenester eller nettverk er avgrensa.
  • kan formidle moglegheiter, avgrensninger og praktisk nytteverdi ved KI-løysningar til relevante målgrupper, og bidra til ansvarleg innføring av KI i eiga verksemd.

Undervisningsformar og aktivitetar

  • KI-er tilpassa utdanninga
  • Videoundervisning og rettleiing
  • Quizar med tilbakemelding
  • Faglege diskusjonar i blogg, forum eller læringsplattform
  • Lesing og arbeid med fagstoff i læringsplattform
  • Relevant informasjonsinnhenting på internett
  • Bruk av podkast, video og opptak
  • Refleksjon med utgangspunkt i eigen praksis
  • Individuelle læringsnotat
  • Tilbakemelding og vurdering av læringsnotat
  • Læringsgrupper med respons på medstudentar sitt arbeid
  • Vidareutvikling av eigne læringsnotat etter tilbakemelding

Arbeidsinnsats

Emnet er nettbasert med digitale samlingar.

Vurdering

Vurderingsforma i emnet er mappevurdering.
Mappa inneheld:

  • 4 læringsnotat
  • Fagleg oppgåve
VurderingPraktisk infoAnnet
Vurderingsform
Mappevurdering
Karakterskala
A-F

Arbeidsmengde

AktivitetAktivitetsdetaljerVarighetStudieformKommentar
Timeplanfesta timar
10 Tima(r)
Asynkron undervisning
40 Tima(r)
Rettleiing
20 Tima(r)
Eigenstyrt aktivitet
55 Tima(r)

Obligatoriske læringsaktivitetar

Godkjende obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga, med mindre emneplanen fastset ein annan gyldigheitsperiode. Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

Læringsaktivitetar

NamnKravKommentar
Læringsnotat
Læringsnotat
4
4
Individuell
Quiz
Test deg sjølv-oppgåve
4
4
Individuell
Fagleg oppgåve
Innlevering
Individuell

Emneansvarleg

Vidar Luth-Hanssen