64TE00C Analogteknikk - 2027 Vår

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Automasjon
    • Studiepoeng
      5
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Nordnes, Stord
    • Studieprogram
      Industriell automasjon
    • Startsemester
      2027 Vår

Om emnet

Emnet skal gi studenten innføring i oppbygging og verkemåte samt dimensjonering og berekningsmåtar for analoge kretsar. Sentralt står kunnskap om verkemåte til basiskomponentar og korleis desse blir sett saman i eit større system. Vi har ei praktisk tilnærming til faget, med laboratorieøvingar og simuleringar av elektroniske kretsar. Vidare blir det fokusert på dioden, transistoren, operasjonsforsterkaren, kraftforsyninger og elektronisk kommunikasjon. 

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført emne kan studenten:  

  • forklare arbeidsmetoder og fremgangsmåter som brukes i design og testing av elektroniske systemer.
  • forklare verkemåte og eigenskapar til diodar, transistorar og operasjonsforsterkarar
  • gjere greie for forsterking, filtrering, stabilisering og straumforsyning i analoge kretsar
  • forklare grunnleggande prinsipp i datakommunikasjon

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

  • beregne, simulere, kople opp og utføre målingar med relevant måleutstyr på elektroniske system og tolke måleresultata riktig
  • setje saman og dimensjonere elektroniske basiskomponentar til eit fungerande elektronisk system
  • anvende mikrokontrollere i ulike tekniske systemer for å løse praktiske oppgaver
  • feilsøk og feilrette analoge kretsar basert på teori og målingar

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten:  

  • bruke analoge komponentar som byggjeklossar i større elektroniske system
  • dokumentere og vurdere eigen praksis i samsvar med gjeldande normer og bransjestandardar
  • utveksle synspunkt med andre innan elektronikkfaget, med medarbeidarar og formidle si kompetanse til brukarar av systema

Undervisningsformar og aktivitetar

Undervisninga består hovudsakleg av førelesingar, oppgåver, laboratorieøvingar og lærebøker. Ho følgjer ein fast timeplan i samlingsvekene, som går på dagtid. Mellom samlingane blir det gjennomført lærarstyrte aktivitetar, både synkrone og asynkrone. Læraren er òg tilgjengeleg for rettleiing etter avtale.

Arbeidsinnsats

Timeplanfesta tid er timene som ligg i timeplanen. For deltidsstudiet er timeplanfesta tid timane på timeplanen på samlingar. Desse timene er på dagtid. Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer blant annet arbeid med innleveringar, gruppearbeid og eventuelle timer med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudie i form av forberedelse til timer, lese fagstoff osv.

Timane som er timeplanfesta er eit utgangspunkt, og timer kan bli overført mellom emner på bakgrunn av klassens behov og etter ein nærare pedagogisk vurdering.

VurderingPraktisk infoAnnet
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen
Karakterskala
A-F
Innleveringssemester
Andre semester
Gruppering
Individuell
Vurderingsform
Heimeeksamen
Karakterskala
A-F
Innleveringssemester
Andre semester
Gruppering
Individuell

Arbeidsmengde

AktivitetAktivitetsdetaljerVarighetStudieformKommentar
Timeplanfesta timer
62 Tima(r)
Heiltid
Eigenstyrt aktivitet
84 Tima(r)
Heiltid
Timeplanfesta timer
22,5 Tima(r)
Deltid
Eigenstyrt aktivitet
123 Tima(r)
Deltid

Obligatoriske læringsaktivitetar

Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga, med mindre emneplanen fastset ein annan gyldigheitsperiode under.
Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere bestått for å gå opp til eksamen.

Læringsaktivitetar

NamnKravKommentar
Skriftleg innlevering
2
Individuell

Litteratur- og utstyrsliste

  • Faid Barkahoum: Elektroniske systemer – innføring i analog- og digitalteknikk, mikrokontrollere og elektronisk kommunikasjon
  • Mikrokontrollar, simuleringsverktøy og laboratorieutstyr for analoge kretsar.

Emneansvarleg

Suman Mishra
Ingvald Eilert Byrknes