64TB79K Framtidsretta bygg i praksis - 2026 Haust
Emnefakta
- FagområdeBygg
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadNettbasert studium
- StudieprogramGrøn omstilling i byggebransjen
- Startsemester2026 Haust
Om emnet
Emnet gir ei praktisk innføring i korleis berekraft, sirkulærøkonomi og energieffektive løysingar blir nytta i byggjeprosjekt. Studentane lærer å bruke miljøkrav, kontraktar, tilstandsanalysar og ombrukskartlegging, samt berekne energibehov og vurdere energi- og klimatiltak. Emnet gir òg innsikt i korleis nye krav og den grøne omstillinga påverkar ressursbruk, arbeidsprosessar og samarbeid i byggjebransjen.
Tema som inngår i emnet:
- Framtidsretta verksemdutvikling
- Energi, inneklima og klimatilpassing
- Praktisk miljøleiing og ombrukskartlegging
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
-
har kunnskap om korleis byggeprosjekt med høge miljø- og ombruksambisjonar skil seg frå tradisjonelle prosjekt.
-
kjenner til relevante lover, forskrifter og korleis grøne entrepriseformer påverkar ansvarsfordelinga i prosjektet.
-
har kunnskap om sentrale sertifiseringsordningar (til dømes BREEAM-NOR og Svanemerket) og kva direkte påvirkning deira krav har for arbeidet på plassen.
-
kjenner til prinsippa for materialgjenvinning, demontering, og marknaden for brukte byggevarer og overskotsmateriale.
-
har kunnskap om teknisk tilstandsregistrering etter Norsk standard og korleis ei ombrukskartlegging fungerer som styringsverktøy.
-
kjenner til byggjematerialar sin miljøprofil og innverknad på inneklima
-
kan hovudtrekka i utrekninga av energi- og effektbehov i ein bygning
-
har kunnskap om klimatilpassing av bygningar
-
har kunnskap om dei viktigaste komponentane i eit ventilasjonsanlegg og dimensjonering av friskluftmengder i bygg.
-
har kunnskap om kvifor berekraft og sirkulær økonomi har fått større betydning i byggjebransjen
-
kjenner til sentrale omgrep som berekraft, lineær og sirkulær økonomi, ombruk, gjenbruk, gjenvinning, og avfallspyramiden
-
kjenner til korleis krav og forventningar frå styresmakter, kundar, byggherrar og samarbeidspartnarar kan påverke verksemder i byggjebransjen
-
har kunnskap om at omstilling kan påverke menneske, samarbeid, motivasjon og etterleving av rutinar
Ferdigheiter
Studenten:
-
kan bruke digitale verktøy, ombrukskartleggingar og miljørapportar
-
kan lese og bruke ein tilstandsrapport og ombrukskartlegging for å vurdere potensialet for bevaring og transformasjon framfor riving.
-
kan rekne ut U-verdi for ein konstruksjon
-
kan utføre energivurdering av bygg i samsvar med «energimerkelova»
-
kan kjenne att døme på lineær og sirkulær ressursbruk i eiga verksemd eller på ein arbeidsplass
-
kan medverke til å finne praktiske løysingar når nye krav påverkar rutinar, arbeidsmåtar og prioriteringar
-
kan bidra til praktisk omstilling gjennom samarbeid, etterleving av nye rutinar og forståing for reaksjonar på endring
Generell kompetanse
Studenten:
-
har forståing for samanhengen mellom kostnad, levetid, miljønytte og sirkulære løysningar ved ombruk av materialar og komponentar i bygg.
-
kan vurdere dei bygningsfysiske eigenskapane til eit bygg og kunne foreslå eventuelle energi og klimatiltak i henhold til relevante forskriftar og standardar
-
har forståing for kvifor berekraft og sirkulær økonomi er relevante for praktisk arbeid, ressursbruk og omstilling i byggjebransjen til å bidra med medvit, fagleg forståing og deltaking i enkle endrings- og omstillingsprosessar på arbeidsplassen
Undervisningsformar og aktivitetar
Undervisninga ved Fagskulen Vestland tek utgangspunkt i nyare pedagogisk forsking. Våre lærarar har fokus på å vere læringsleiarar og på den måten gjennomføre effektiv læring for studentane. Å vere læringsleiar er i hovudsak å legge til rette for at studentane vert aktivisert i læringsarbeidet. Vi vel å aktivisere studentane samstundes som vi kortar ned einvegsdialog der lærar føreles i lengre periodar. Sentrale element i vår pedagogikk er læraren sin relasjon og dialog med studentane og studentane sin eigenaktivitet og eigenvurdering.
Læringsaktivitetane skal vere relevante og målretta i høve til læringsutbyttebeskrivingane for utdanninga. I det pedagogiske arbeidet vektlegg vi i tillegg til fagleg utvikling, at studentane utviklar evne til sjølvstendig arbeid, kommunikasjon, samarbeid og praktisk yrkesutøving. Vi vel òg å legge vekt på at studentane skal utvikle evne til å sjå teknologien i eit breiare samfunns- og miljøperspektiv og at dei skal kunne foreta etiske refleksjonar.
Vi ser det som vesentleg å nytte tovegs dialog i undervisninga. Når fagstoff vert presentert av læraren kan han nytte studentane sine praktiske erfaringar. Erfaringane er gode å knytte til teorien, og det skaper gode diskusjonar i klassen. Vi bygger på denne måten opp det som er særprega ved fagskuleutdanninga.
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid, følger samlingsplanen og ligg i timeplanen i vis.
Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.
Vurdering
Vurderingsmappe som inneheld:
- Ein praktisk grupperapport
- Ein energivurdering av ein einebustad
Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet og vert vurdert som Bestått/Ikkje bestått.
| Vurdering | Praktisk info | Annet |
|---|---|---|
Vurderingsform Mappevurdering Karakterskala Bestått |
Arbeidsmengde
| Aktivitet | Aktivitetsdetaljer | Varighet | Studieform | Kommentar |
|---|---|---|---|---|
Eigenstyrt aktivitet | 210 Tima(r) | Nett | ||
Timeplanfesta timar | 40 Tima(r) | Nett |
Obligatoriske læringsaktivitetar
Ein individuell innlevering
Læringsaktivitetar
| Namn | Krav | Kommentar |
|---|---|---|
Undervegsvurdering | Innlevering 1 1 Individuell | Undervegsvurdering for rapport til vurderingskrav |
Litteratur- og utstyrsliste
- Tryti, H.A. (2021): Prosjektlederens håndbok for Norsk Standards entreprisekontrakter.
- SINTEF (2022): Ombruk av byggematerialer – veileder for dokumentasjon av ytelser.
- Rettleiarar og digitale verktøy frå Grønn Byggallianse (BREEAM-NOR) og FutureBuilt.
- Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no
- SINTEF Byggforskserien. https://www.byggforsk.no/byggforskserien
- Norsk standard. www.standard.no