64TB45E Byggautomasjon og integrasjon - 2027 Haust
Emnefakta
- FagområdeBygg
- Studiepoeng5
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadFørde
- StudieprogramBygg Førde
- Startsemester2027 Haust
Om emnet
Samhandling mellom ulike tekniske anlegg i bygg
Integrasjon og grensesnitt
KI i drift og vedlikehald
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om korleis automatikken i bygg styrer og samhandlar mellom ulike tekniske anlegg
- har innsikt i korleis byggautomasjon kan bidra til energieffektiv drift i bygg
- har innsikt i prinsipp for integrasjon og samhandling mellom ulike tekniske system
- har kunnskap om moglegheiter og utfordringar ved bruk av kunstig intelligens i byggautomasjon
Ferdigheiter
Studenten:
- kan identifisere grensesnitt mellom feltutstyr, automasjonsnivå og toppsystem
- kan vurdere og foreslå løysingar for integrasjon av nye tekniske system inn i eksisterande byggautomasjon
- kan gjere enkle vurderingar av korleis KI kan nyttast for å betre drift og vedlikehald
Generell kompetanse
Studenten:
- Kan utvikle arbeidsmetodar som byggjer på forståing av automasjon som ein grunnleggjande del av heilskapen i tekniske anlegg i bygg, med eit framtidsretta perspektiv på byggautomasjon
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid og følger samlingsplanen. Timeplan finn ein i InSchool.
Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.
Vurdering
Vurderingsmappe som inneheld:
- To skriftlege innleveringar
- Ein video
Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappa
| Vurdering | Praktisk info | Annet |
|---|---|---|
Vurderingsform Mappevurdering Karakterskala A-F | Gruppering Individuell |
Arbeidsmengde
| Aktivitet | Aktivitetsdetaljer | Varighet | Studieform | Kommentar |
|---|---|---|---|---|
Timeplanfesta timer | 20 Tima(r) | Deltid | ||
Eigenstyrt aktivitet | 120 Tima(r) | Deltid |
Obligatoriske læringsaktivitetar
Ingen
Litteratur- og utstyrsliste
Oppdatert litteratur- og utstyrsliste publiserast her seinast 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.