64TB45D Tilstandskartlegging og vedlikehaldsplanlegging av bygg - 2027 Haust
Emnefakta
- FagområdeBygg
- Studiepoeng5
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadFørde
- StudieprogramBygg Førde
- Startsemester2027 Haust
Om emnet
Forvaltning, drift og vedlikehald av tekniske anlegg i bygg
Tilstandskartlegging og vedlikeholdsplanlegging
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om prinsippa i NS 3424 Tilstandsanalyse av byggverk.
- har kunnskap om korleis ein gjennomfører tilstandsundersøkingar, dokumenterer funn og vurderer konsekvensar.
- har kunnskap om korleis tilstandsdata vert brukt til prioritering og vedlikehaldsplanlegging.
- har innsikt i korleis LCC kan støtte vedlikehaldsbeslutningar
- har innsikt i korleis digitalisering og bruk av digitale tvillingar kan nyttast til dokumentasjon, overvaking og framtidig vedlikehaldsplanlegging.
- har kunnskap om avfallsplaner og dokumentasjon av avfall.
Ferdigheiter
Studenten:
- kan planleggje og gjennomføre ei tilstandsundersøking etter NS 3424, inkludert fastsetjing av tilstandsgrad.
- kan bruke resultat frå undersøking til å lage ein kort- og langsiktig vedlikehaldsplan.
Generell kompetanse
Studenten:
- kan bruke tilstandsanalysar som verktøy for å sikre verdibevaring, berekraft og godt inneklima i bygg.
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid og følger samlingsplanen. Timeplan finn ein i InSchool.
Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.
Vurdering
Ei individuell innlevering og ei prøve
| Vurdering | Praktisk info | Annet |
|---|---|---|
Vurderingsform Mappevurdering Karakterskala A-F | Gruppering Individuell |
Arbeidsmengde
| Aktivitet | Aktivitetsdetaljer | Varighet | Studieform | Kommentar |
|---|---|---|---|---|
Timeplanfesta timer | 20 Tima(r) | Deltid | ||
Eigenstyrt aktivitet | 120 Tima(r) | Deltid |
Obligatoriske læringsaktivitetar
Ei innlevering
Læringsaktivitetar
| Namn | Krav | Kommentar |
|---|---|---|
Skriftleg innlevering Individuell |
Litteratur- og utstyrsliste
Oppdatert litteratur- og utstyrsliste publiserast her seinast 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.