64TB45B Energibruk i bygg - 2026 Haust
Emnefakta
- FagområdeBygg
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadFørde
- StudieprogramBygg Førde
- Startsemester2026 Haust
Om emnet
Vannbasert oppvarming og kjølesystem
Energivurdering av tekniske anlegg
Energioppfølging og ENØK
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om samanhengen mellom inneklima, helse, komfort og produksjon
- har innsikt i samanhengen mellom energibruk, inneklima og kostnader i bygningar og korleis ENØK-tiltak kan påverke desse.
- har kunnskap om fordelar og ulemper med dei vanlegaste energikjeldene og kva konsekvens val av energikjelde har for val av VVS-løysingar
- har innsikt i prinsipp og metodar for energivurdering av tekniske anlegg
- har kunnskap om korleis styringsprinsipp kan nyttast for å optimalisere energibruk og inneklima i bygg
- har kunnskap om aktuelle prinsipp og metodar for å klimatisere bygg og kva innverknad val av VVS- løysing har på inneklima
- har kunnskap om branntryggleik knytt til VVS-anlegg
- har kunnskap om EOS (energioppfølgingsystem), energileiing, forvaltning, drift og vedlikehald av VVS-tekniske anlegg
- har innsikt i kva betyding dagens krav til energieffektive bygningar har for VVS-bransjen
Ferdigheiter
Studenten:
- kan foreslå og vurdere ENØK-tiltak og systemløysingar.
- kan forklare framgangsmåte, bruk og tolking av termografering og tettleikskontroll som verktøy i energivurdering
- kan planlegge og implementere styringsstrategiar som reduserer energibruk og optimaliserer drift av tekniske anlegg
- kan vurdere energibruk i tekniske anlegg og peike ut mogelege tiltak for energieffektivisering
- kan nytte metodar for energi- og miljøleiing og energioppfølgingssystem
- kan kartleggje ein situasjon og vurdere, identifisere, planleggje og setje i verk ENØK-tiltak som optimaliserer energibruken, reduserer miljøbelastinga og sikrar tilfredsstillande inneklima i bygningar
Generell kompetanse
Studenten:
- kan bruke kunnskap og ferdigheiter til å foreslå heilskaplege løysingar for eit godt inneklima på ein berekraftig og økonomisk forsvarleg måte.
- kan samarbeide med ulike faggrupper og delta tverrfagleg i arbeid med å utvikle energieffektive og berekraftige løysingar for tekniske anlegg og inneklima i bygg.
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid og følger samlingsplanen. Timeplan finn ein i InSchool.
Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.
Vurdering
Mappevurdering som inneheld:
· fire skriftlege innleveringar
· ein video
Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappa
| Vurdering | Praktisk info | Annet |
|---|---|---|
Vurderingsform Mappevurdering Karakterskala A-F | Gruppering Individuell |
Arbeidsmengde
| Aktivitet | Aktivitetsdetaljer | Varighet | Studieform | Kommentar |
|---|---|---|---|---|
Timeplanfesta timer | 40 Tima(r) | Deltid | ||
Eigenstyrt aktivitet | 240 Tima(r) | Deltid |
Obligatoriske læringsaktivitetar
Ingen
Litteratur- og utstyrsliste
NTNU og SINTEF. (u.d.). ENØK I BYGNINGER Effektiv energibruk. Gyldendal Undervisning.
SINTEF. (u.d.). Byggforskserien. Hentet fra https://www.byggforsk.no/byggforskserien
Zijdemans, D. (2014). Vannbaserte oppvarmings- og kjølesystemer. Skarland Press.