64TB45A Bygningsfysikk med energirådgjeving - 2026 Haust

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Bygg
    • Studiepoeng
      10
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Bygg Førde
    • Startsemester
      2026 Haust

Om emnet

  • Bygningsfysikk - Energibruk i bygg, fukt og innemiljø

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  •      har kunnskap om bygningen sin energiflyt
  •      har kunnskap om internlaster i ulike bygningskategoriar
  •      har kunnskap om dei ulike ventilasjonsprinsippa
  •      har generell kunnskap om vassborne anlegg
  •      har generell kunnskap om kjøleanlegg
  •      har generell kunnskap om automasjon
  •      veit kva tekniske forskrifter og standardar som gjeld
  •      har kunnskap om konsekvensar av val av bygningsmateriale og byggemetodar
  •      kjenner til Enova sine støtteordningar
  •      kjenner til kva materialtekniske eigenskapar som ligg til grunn for brannteknisk klassifisering

Ferdigheiter

Studenten:

  •      kan utføre manuelle varmetapsberekningar
  •      kan bruke aktuelle (digitale) berekningsprogram for energiberegning
  •      kan tolke utdata frå aktuelle (digitale) berekningsprogram
  •      kan rekne doggpunkt i konstruksjonar
  •      kan gjere enkle termodynamiske berekningar
  •      kan bruke «Mollier-diagram»
  •      kan utføre energivurdering av bygg i samsvar med «energimerkelova»
  •      kan utføre energivurdering i samsvar med gjeldande teknisk forskrift (TEK)
  •      kan bruke gjeldande standard/spesifikasjon innan område energiberekning  (NS 3031/SN-NSPEK 3031 og NS 3700)
  •      kan gjere greie for gjeldande brann- og lydkrav
  •      kan bruke TEK og rettleiaren til TEK for å fastsette risikoklasse og brannklasse

Generell kompetanse

Studenten:

  •      kan bruke aktuelle (digitale) energiberekningsprogram på eit tverrfagleg nivå
  •      har ei generell tverrfagleg forståing for dei aktuelle tekniske faga skildra i studieplanen
  •      kan fungere som koordinator for dei tekniske faga
  •      kan vurdere branntryggleiken i eit bygg

Arbeidsinnsats

Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid, følger samlingsplanen. Timeplanen finn ein i InSchool. I tillegg kan det komme timar på dagtid for avvikling av evt eksamen, heildagsprøvar og framføring av hovudprosjekt.

Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.

Vurdering

Mappevurdering. Mappa skal bestå av:

  •      ei individuell innlevering
  •      ei øving med skriftleg rapport og individuell refleksjon
  •      ei individuell prøve

Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.

VurderingPraktisk infoAnnet
Vurderingsform
Mappevurdering
Sensortype
Intern sensor
Karakterskala
A-F
Kontinuasjon
Eksamen ved neste emnegjennomføring
Gruppering
Individuell

Arbeidsmengde

AktivitetAktivitetsdetaljerVarighetStudieformKommentar
Timeplanfesta timer
41 Tima(r)
Deltid
Eigenstyrt aktivitet
242 Tima(r)
Deltid

Obligatoriske læringsaktivitetar

To undervegspresentasjonar av dei arbeida som skal inn i mappevurderinga

Læringsaktivitetar

NamnKravKommentar
Undervegspresentasjon
Individuell
Studenten leverer inn for undervegsvurdering, dei to oppgåvene som høyrer til vurderingsmappa. Dette for å sikre at vurderingsarbeidet vert jobba med jamt igjennom semesteret. Undervegsvurderinga skal skje i rimeleg tid før endeleg innleveringsfrist for vurderingsarbeidet. Presentasjonen kan vere både skriftleg og/eller videopresentasjon.

Litteratur- og utstyrsliste

Espedal, K.J. (2022) Bygningsfysikk 7.utgåve , Fagbokforlaget.

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

Emneansvarleg

Viggo Leikanger