64HH96F Fordjuping i sterilforsyning og smittevern

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Helsefag
    • Studiepoeng
      7
    • Studiestad
      Førde, Nordnes, Nettbasert studium
    • Studieprogram
      Sterilforsyning og smittevern i helsetenesta
    • Startsemester
      2024 Haust

Om emnet

Tema for fordjupinga  skal være praksisretta, og studenten vel sjølv aktuelt emne, som skal godkjennast av skulen. Eit eller fleire tema i utdanninga sine emne skal inngå temaet. Det vert tilrådd at studenten tidleg i utdanninga begynnar arbeidet med å finne aktuelt tema for fordjupingsoppgåva. Studentane skal altså velja tema for oppgåva og laga ei problemstilling innan temaet. Vidare må det utarbeidast ein framdriftsplan, som inneheld metodeval og litteraturliste. Dette skal godkjennast innan ein tidsfrist. Dersom studentane skal innhenta data, skal dette tillatast på førehand. Kvar gruppe/student vil få rettleiing av ein lærar. Kvar gruppe/student får 6 timar rettleiing totalt. Studentane må avtala rettleiingstid, vera budd til rettleiingstimane, og senda inn spørsmål på førehand. Gruppene kan få rettleiing ved fysisk frammøte eller digitalt.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  •          har kunnskap innan eit sjølvvalt fordjupingstema frå emna 1 - 3, har innhenta relevant teori og vurdert og drøfta samanhangen mellom teori og praksis.

 

 

Ferdigheter

Studenten:

  •          kan kartleggja og vurdera ei fagleg problemstilling og bruka erfaringsbasert kunnskap for å iverksetta tiltak.

 

Generell kompetanse

Studenten:

  •          har utvikla og er bevisst sin profesjonelle kompetanse, si etiske grunnhaldning og kan identifisera problemstillingar innan smittevern og sterilforsyning, som bidrar til utvikling av fagfeltet i samarbeid med andre fagpersonar

Vurdering

·                     Fagleg innhald Oppgåva skal reflektera eit eller fleire problemområde innan yrkesfeltet. Kunnskap frå studentane sitt basisfag skal koma til uttrykk.

·                     Metodisk grunngjeving Det skal gjerast greie for metodeval. Studentane skal gjennom oppgåva visa evne til å finna kjeldestoff, bruka kjelder i handsaminga av eige materiale og visa sakleg kjeldekritikk. Oppgåva skal skrivast i samsvar med                                      gjeldande etiske retningsliner. Oppgåva skal ha ei form som samsvarar med skulen sine retningsliner for oppgåveskriving.

·                     Sjølvstende Oppgåva skal visa at studentane kan vurdera og behandla temaet sakleg, kritisk og analytisk med drøftingar av standpunkt og påstandar.

·                     Plagiat Oppgåvesvaret må ikkje vera påfallande likt andre oppgåvesvar eller publisert materiale.

·                     Omfang Oppgåvesvaret skal skrivast etter utleverte retningsliner. Maksimum 5000 ord +/- 10%

 

Fordjupingsoppgåva vert vurdert todelt:  Ein skriftleg del og ein munnleg eksamensdel, som utgjer ein samla karakter. Skriftleg de 60% og munnleg del 40%

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Rettleiing
4,5 Time(r)
Sjølvstudium
191 Time(r)

Arbeidskrav

Hovudprosjektet skal leverast innan fastsett frist og presenterast på samling for resten av studentane/lærarane. Det kan også bli invitert inn fagpersonar frå fagfeltet.

Alle studieprogram som bruker dette emnet

Emneansvarlig

Kjersti Nævdal
Marianne Moberg