64HH96E Praksis
Emnefakta
- FagområdeHelsefag
- Studiepoeng12
- StudiestadFørde, Nordnes, Nettbasert studium
- StudieprogramSterilforsyning og smittevern i helsetenesta
- Startsemester2023 Haust
Om emnet
Studenten skal med utgangspunkt i eit heilskapleg menneskesyn, eigen fagbakgrunn og kunnskapar, delta aktivt i målretta arbeid innan spesialreinhold og sterilforsyning i helsetenesta. Studenten skal arbeida etter yrkesetiske retningsliner og overhalda teieplikt og opplysningsplikt.
Det er skulen sitt ansvar å sjå til at studenten får ein fagleg relevant og god praksisplass som kan hjelpa studenten til å nå måla for praksisperioden. Denne praksisen kan vera på ein annan arbeidsplass, som utplassering, eller på eigen arbeidsplass inkluderande eit utviklingsprosjekt:
1. Praksisutplassering på arbeidsplassar som er relevante for utdanninga (s.d. nedanfor) Dette høver for studentar som ikkje arbeider på slike arbeidsplassar.
2. Praksis gjennomført som prosjektarbeid på eigen arbeidsplass er aktuelt for studentar som har sitt daglege arbeid innan fagfeltet. Studentane må i praksisperioden gjera eit endringsarbeid/utviklingsarbeid innan spesialreinhald og sterilforsyning på sin arbeidsplass etter bestemte retningsliner. Praksis blir eit felles ansvar for arbeidstakar og arbeidsgjevar, og denne forma for praksis krev at studenten får tid til utviklingsarbeid og rettleiing. Studentane får synleggjort sin kompetanse innanfor eigen organisasjon. Dette kan bidra til kompetanseutvikling på arbeidsplassen, i tillegg til at den enkelte arbeidstakar får andre oppgåver og auka ansvar.
Praksisperioden strekkjer seg over 10 veker på heiltid. Studentane går fulle arbeidsveker i praksis. Det vil bli lagt inn 1 obligatoriske samling i praksisperioden. Rettleiing i praksis er ein føresetnad for å nå målet med praksis. Formalisert rettleiing og sjølvrefleksjon over tid, hjelper til å bevisstgjera studenten på eiga fagleg utvikling. Praksisplassen må ha personell med minst treårig vidaregåande opplæring og relevant tilleggsutdanning (på fagskulenivå) eller personell med høgare utdanning. Det skal setjast opp avtale med praksisplassen om namngjeven rettleiar med slik kompetanse, før praksis startar. Studenten vil få rettleiing av lærar på praksisplassen og digitalt i praksisperioden. Lærar, student og rettleiar på praksisplassen vil møtast digitalt eller fysisk til ”trekantsamtalar” under praksisperioden.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- Har kunnskap om hygiene, mikrobiologi og smittevern samt korleis ein bryt smittevegar og korleis ein hindrar smittespreiing.
- Har kunnskap om korleis instrument og utstyr av ulike materialar og med ulike funksjonar skal handterast, reingjerast, desinfiserast og vedlikehaldas.
- Har kunnskap om ulike steriliseringsmetodar og kontroll samt steril lagring og transport
- Har innsikt i gjeldande lover, forskrifter og handlingsplanar innanfor sterilforsyning og smittevern i helsetenesta herunder
- bestemmelsar om smittevern, spesialisthelsetenesta, kommunehelstetenesta og lov om helsepersonell og arbeidsmiljø. Har innsikt i felles kunnskapsgrunnlag, referanseramme, verdiar og lovverk for helsefaga
- Har kunnskap om organisering av helsetensta, og sterilisering,sterilforsyningstenesta -rolle og funksjon.
- Kan oppdatera sin kunnskap i arbeidet med sterilforsyning og forstå kva tenesta betyr i pasientsikkerheitsarbeid.
- Forstå sterilforsyning som grunnleggande forebygging og dennes helsefremmande funksjon i eit større samfunns og verdiskapings perspektiv.
Ferdigheter
Studenten:
- Kan anvenda kunnskap om hygiene og praktisk smittevern. Kan nytta teoretisk og praktisk kunnskap om dekontaminering/sterilisering for å forebygga smitte til pasientar og omgjevnader.
- Kan anvende, kontrollera og bruka teknisk utstyr som blir brukt i dekontaminernigs -og steriliseringsprosessar og kommunisera om dette i fagfeltets terminologi.
- Kan finna informasjon og fagstoff i fagkjelder for å finna løysningar på problemstillingar innan sterilforsyning i helsetenesta
- Kan kartleggja og identifisera faglege problemstillingar innanfor sterilforsyning i helsetenesta og foreslå tiltak.
Generell kompetanse
Studenten:
- har forståing for etiske utfordringar og dilemma, reflekterer over eigen praksis og grunngi sine vurderingar, etisk og juridisk.
- Kan arbeida etter yrkesetiske retningsliner og overhalda teiepliktplikt og opplysningsplikt
- Har utvikla ei etisk grunnhaldning i utøving av sterilforsyning og smittevern i helsetenesta.
- Har forståing for sitt eige fagområde og går ikkje utover sitt eige kompetanseområde, har evne og vilje til å ta i mot rettleiing.
- Kan utføra arbeid som ein del av eit team og samarbeida med både eiga og andre fagrupper som inngår i sterilforsyning og smittevern eller har behov for sterilforsyningstenester.
- Kan bruka sin kompetanse og sine ferdigheiter til å utvikla metodar og tenester som er relevante for sterilforsyning og smittevern i helsetenesta.
Arbeidsinnsats
Asynkron undervisning inkluderer arbeid med refleksjonsnotat, praksisoppgåve og studiedagar.
Vurdering
Studenten:
- er kyndig og ansvarsbevisst innanfor sitt ansvar- og kompetanseområde
- deltar i planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak i tråd med lover og forskrifter i fagfeltet
- arbeide etter yrkesetiske retningsliner og held teieplikta og opplysningsplikta
- viser innsikt i og vilje til å justera eiga åtferd
- mottar rettleiing i praksis og deltek i eventuelle rettleiingsgrupper
- fører min. 1 elektronisk refleksjonslogg pr veke som er utgangspunkt for praksis evaluering: Forventningar – korleis utført eller oppnådd ev målsetning.
- skriv rapport frå praksisperioden
- leverer obligatorisk oppgåve frå praksis
Praksis blir vurdert til bestått/ikkje bestått. Dersom studenten står i fare for ikkje å bestå praksis, skal dette takast opp med studenten i «trekantsamtalane» (sjå over). Studenten må bestå praksis før han kan gå opp til avsluttande eksamen etter emne 5.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Praksis | 300 Time(r) | |
Asynkron undervisning | 52 Time(r) |