64HH96B Reingjering, desinfeksjon og sterilisering av utstyr og instrument
Emnefakta
- FagområdeHelsefag
- Studiepoeng14
- StudiestadFørde, Nordnes, Nettbasert studium
- StudieprogramSterilforsyning og smittevern i helsetenesta
- Startsemester2023 Haust
Om emnet
Følgande tema inngår i emnet:
2a Materiallære
· materialar i kirurgiske instrument og anna medisinsk utstyr
· misfarging, korrosjon og mekanisk skade av metall
· førebygging av skade på anna utstyr
2b Kirurgiske instrument og anna medisinsk utstyr til gjenbruk
· Krav til kirurgiske instrument
· Namn og funksjonsområde på generelle og kirurgiske sårinstrument
· Namn og funksjonsområde på speisalinstrument
· Reingjeringsmetodar, desinfeksjon og desinfeksjonsmetodar for instrument og utstyr
2c Reingjeringa si tyding før sterilisering
· Elektromedisinsk utstyr
· Reingjering, desinfisering og eventuell sterilisering av spesialutstyr
· Bruk, vedlikehald og kontroll
2d Steriliseringsmetodar og steriliseringskontrollar
· Sterilisering og steriliseringsmetodar av medisinsk utstyr
· Innlasting i autoklavar
· Kontroll av steriliseringsprosessar
· Validering
3e Pakking av sterilt gods
· Krav til pakkemateriell og ulike pakkemetodar
· Holdbarheit og merking av sterilt gods
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om språket som verktøy for god kommunikasjon, og kjenner til norsk og engelsk fagterminologi innafor fagområdet sitt
- har kunnskap om relevante dataverktøy og medium som vert nytta i kommunikasjon
- kjenner til ulike former for prosjektdokumentasjon, avtalar og kontraktar
- kjenner til ulike metodar for forhandlingar
- kjenner til kulturelle forskjellar som er skapt gjennom arbeidsinnvandring til eiga næring
Ferdigheter
Studenten:
- kan bruka relevante metodar for reingjering og desinfeksjon av medisinsk utstyr
- kan bruka relevante metodar for testing, kontroll og validering
- kan kartleggja problemstillingar innan reingjering og desinfeksjon, finna fagstoff og kunna foreslå løsyingar
- kan bruka relevante metodar og verktøy for sterilisering
- kan kartleggja problemstillingar innan sterilisering, finna fagstoff og kunne foreslå løysingar
Generell kompetanse
Studenten:
- kan utvikla arbeidsmetodar innan reingjering og desinfeksjon gjennom kunnskapsdeling og rettleiing
- har forståing for yrkesetiske prinsipp og verdien av teamarbeid for å ivareta pasientsikkerheita
- kan utvikla arbeidsmetodar innan sterilforsyning gjennom kunnskapsdeling og rettleiing
- kan byggja relasjonar med kollegaer og på tvers av avdelingar for å vera ein aktiv del av teamet rundt pasienten
Vurdering
Vurdering av arbeidskrav blir gjort etter vurderingskriterium som blir gjort kjende for studenten når arbeidskrava blir presenterte ved oppstart av modulen. Det vil også bli gjort undervegsvurdering av lærar i forhold til om studenten er skikka (jfr. Lov om høyere yrkesfaglig utdanning (Fagskulelova) § 26). Lærar vil byggja denne vurderinga på studentens refleksjonar, engasjement, det som kjem fram i samtalar og evna til samhandling og kommunikasjon med medstudentar og lærar.
Klagerett: Sjå Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland kapittel 5
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 75 Time(r) | |
Asynkron undervisning | 161 Time(r) | |
Sjølvstudium | 158 Time(r) |
Arbeidskrav
Det er to individuelle arbeidskrav og eit arbeidskrav i gruppe. I tillegg skal studenten føra refleksjonslogg gjennom heile emnet. Arbeidskrava blir presenterte av lærar ved oppstart av emnet. Nokre arbeidskrav kan leverast inn til rettleiing to gonger. Ved tilbakemelding på andre gongs innlevering vil studenten få vita om arbeidskravet vil bli vurdert til godkjent. Alle arbeidskrav må vera godkjende for at ein skal få emnekarakteren bestått.
Fagressursar
Emne 2 Rengøring, desinfeksjon og sterilisering
Obligatorisk litteratur | ISBN |
Arbeidsgruppe for instrumentbehandling (2004). Riktig instrumentbehandling (8. utg.). http://www.a-k-i.org
|
|
Huys, J. (2022) Rengjøring, Desinfeksjon og sterilisering av medisinsk utstyr -kan kjøpes hos Norsk forening for sterilforsyning |
|
Tillegslitteratur/Oppslagsverk |
|
Hauff,K.,Stølsnes T., Berg,B. (1998) Sterilforsyning i helsetjenesten | 978-82-13-02011-4 |
Andersen, B.M. (2014) Håndbok i hygiene og smittevern for sykehus-Del 1, mikrobiologi og smittevern. Oslo. Fagbokforlag | 9788245016819 |
Andersen, B.M. (2016) Håndbok i hygiene og smittevern for sykehus-Del 2, Praksis og teori. Oslo. Elefantus | 9788293274643 |
Dåvøy, G. A. M., Eide, H.P., Hansen, I.(red.) (2018) Operasjonssykepleie. (2.utg.) Oslo, Gyldendal akademisk | 9788205490406 |
|
|