64HH95B Helsefremmande og sjukdomsforebyggande arbeid
Emnefakta
- FagområdeHelsefag
- Studiepoeng8
- StudiestadFørde, Nordnes
- StudieprogramPsykisk helsearbeid og rusarbeid
- Startsemester2024 Haust
Om emnet
Emnet omhandlar helsefremmande og sjukdomsførebyggande arbeid både på individ- og samfunnsnivå. Emnet gir også ei innføring i relevant lovverk som regulerer yrkesfeltet og fagarbeidarens yrkesutøving.
Tema i emnet er:
- Folkehelseperspektivet
- Helsefremmande og sjukdomsførebyggande arbeid og tiltak
- Aktørar i det helsefremmande og sjukdomsførebyggande arbeidet og organiseringa av dette
- Relevante lover, forskrifter og føringar i folkehelse og helsefremmande arbeid
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om kva som fremmar og hemmar god psykisk helse og forebygger rusmiddelproblematikk i ulike livsfasar i eit folkehelseperspektiv
- har innsikt i sjukdomsforebyggande og helsefremmande folkehelsetiltak innan psykiske helsearbeid og rusarbeid, samt lover og regelverk som regulerer fagfeltet
- har bransjekunnskap og kjennskap til korleis det helsefremmande arbeidet innen psykisk helsearbeid og rusarbeid er organisert på kommunalt og statleg nivå
- kan oppdatera sin yrkesfaglege kunnskap om psykisk helsearbeid og rusarbeid,forstår betydninga av det helsefremmande og sjukdomsforebyggande arbeidet innan psykisk helsearbeid og rusarbeid i eit folkehelseperspektiv
Ferdigheter
Studenten:
- kan anvenda fagleg kunnskap til å fremma det helsefremmande og sjukdomsforebyggande perspektivet i praktiske og teoretiske problemstillingar innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
- kan anvenda relevante faglege verktøy og teknikkar i planlegging og gjennomføring av sjukdomsforebyggande og helsefremmande tiltak innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
- kan finna informasjon om nasjonale føringar for helsefremmande og sjukdomsforebyggande arbeid, samt fagstoff som bidrar å belysa praktiske og teoretiske problemstillingar innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
- kan kartlegga ein situasjon og identifisera faglege problemstillingar og behov for iverksetting av tiltak knytt til helsefremmande og sjukdomsforebyggande arbeid innan psykisk helse og rus
Generell kompetanse
Studenten:
- har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp, lover og retningsliner som gjeld for det helsefremmande og sjukdomsførebyggande arbeidet innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i si yrkesøving og i arbeidet med det helsefremmande og sjukdomsførebyggande arbeidet både på individnivå og samfunnsnivå
- kan utføra arbeid med helsefremming og sjukdomsførebygging i møte med menneske med risiko for utvikling av problematikk knytt til psykisk helse og rus, deira pårørande, samt saman med fagfeller i yrkesfeltet
- kan bygga relasjonar med fagfeller i eit tverrfagleg samarbeid, samt med andre aktørar knytt til psykisk helsearbeid og rusarbeid
- kan utvikla arbeidsmetodar som har relevans for fagarbeidarens rolle i arbeid med problematikk knytt til psykisk helse og rus
Vurdering
- 1 individuell oppgåve
- 1 gruppeoppgåve med framlegg
For å gå videre til neste emne må alle arbeidskrav vere godkjent og alle vurderingskrav være bestått.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 48 Time(r) | Deltid |
Asynkron undervisning | 89 Time(r) | Deltid |
Sjølvstudium | 93 Time(r) | Deltid |
Arbeidskrav
- 3 refleksjonsloggar
- 1 test deg sjølv
For å ha rett til å gå opp til vurdering i emnet, så må arbeidskrava vere fullført og bestått.
Fagressursar
Lauveng, A. (2020) Grunnbok i psykisk helsearbeid, Universitetsforlaget
Mæland, J.G. (2021) Forebyggende helsearbeid: folkehelsearbeid i teori og praksis. Universitetsforlaget
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Administrasjon
- Psykisk helsearbeid og rusarbeid
Emneansvarlig
Bjarte Johnsen
kjersti.lyssand.lindbom@vlfk.no
Marianne Moberg
Rebecca Hoff Vangsnes